Stoke drar til The John Smith’s Stadium for å jakte på playoff-plassen som heimelaget innehar. Kampstart kl 20.45 på Vsport1
At det er Huddersfield som ligg på playoff og ikkje gjestene var det ikkje mange som forventa før sesongstart. Carlos Corberan er i ferd med å gjere seg til like stor stjerne i den slitne byen i Yorkshire som David Wagner. Blandinga av unge framandstormande stjerner og gamle slitarar har vore ein suksess denne sesongen. Matty Pearson, Tom Lees, Jonathan Hogg og Danny Ward er fire av dei eldre som har stått fram. Blant dei ynge er det Lewis O`Brien Sorba Thomas, Josh Koroma og Danel Sinani som har stått for energi og angrepsfinesse. Kombinasjonen har uansett gitt fansen humøret tilbake etter eit par magre år både underhaldning og poengmessig. 12-8-8 og sjetteplass etter over halvspelt sesong viser at dette ikkje berre er flaks og tilfeldig. Det er noko på gang. Står med 7-3-3 på heimebane denne sesongen, der dei tre tapa har vore mot Fulham, Nottingham Forest og Middlesbrough. Laget har faktisk ikkje tapt ein einaste fotballkamp sidan tapet mot Boro 27.november. Åtte kampar i ligaen samt siger mot Premier League-motstand i FA-cupen sidan den gang. Sist oppgjer var ein forrykande kamp då Danny Ward skåra hattrick i 4-3 sigeren borte mot Reading.
Stoke på si side har tre poeng opp til Huddersfield om dei vinn hengekampen sin. Det kunne sett langt betre ut om det ikkje var for alle dei sure tapa den seinare tida. Kampar heime mot Preston og Derby skal normalt sett bli tre poeng, men Stoke har gått poenglause av bana. Står dermed med fire tap på sine fem siste. Einaste siger kom borte mot Hull for to veker sidan då dei stod for ein imponerande 2-0 siger. I midtveka blei det 0-1 borte mot Coventry i ein jamn batalje og i kampen før det blei det 2-3 tap heime mot Fulham i ein like jamn batalje. Det positive der var debutskåringa til D’Margio Wright-Phillips som har Ian Wright som bestefar og Shaun Wright-Phillips til far.
Mogleg lagoppstlling: Heimelaget må nok klare seg utan Levi Colwill i midtforsvaret. Inn kjem då Sarr eller Turton. For Stoke er det venta at manager Michael O`Neill vil gjere fleire endringar etter tre kampar på seks dagar. Wright-Phillips må nok vike plass for Tyrese Campbell. Nick Powell tilbake på benken sist og er nok det her og. To av fire nysigneringar i januarvindauget får plass frå start i Harwood-Bellis og Jagielka.
Huddersfield Town:Nicholls; Turton, Pearson, Lees; Pipa, Hogg, O’Brien, Toffolo; Thomas, Sinani; Ward
Stoke City:Bonham; Harwood-Bellis, Jagielka, Chester; Smith, Vrancic, Allen, Clucas, Tymon; Brown, Campbell
Odds, Norsk Tipping:H: 2.45
U: 3.05
B: 2.75