Huddersfield – Sheffield United:
Laurdagens runde i Championship starta på John Smith`s Stadium og Yorkshire-derbyet mellom Huddersfield og Sheffield United. To lag i storform og som begge har håp om å være ein del av playoff-dramaet i mai.
Huddersfield innkasserte sin trettande kamp på rad utan tap i 0-0 kampen borte mot Preston i midtveka. I ein jamn batalje var det særs nære at det eine poenget rauk på overtid, men keeper Lee Nicholls gjorde to feberredningar og dermed blei det nok eit poeng til Huddersfield. Dei innehar femteplassen men blir jaga av ein stor horde med lag, som nesten alle har kampar til gode på Huddersfield. Vi må tilbake til 27 november for å finne siste tap, og det var heime på eige gras. Der har dei og berre gått mållause av bana ved to anledningar denne sesongen og toppskårar Danny Ward, med sine ti mål, er nok lysten på å forsterke den statistikken.
Sheffield United er og i god form om dagen. Med Paul Heckingbottom ved roret har dei berre eit fattig tap på ni kampar. Med sju sigre og ein uavgjort er dei no for fult alvor med i kampen om opprykk igjen. No ligg dei eit poeng bak Nottingham Forest som innehar sjetteplassen, og dei har ein kamp til gode. I midtveka fulgte dei opp dei to bortesigrane over Peterborough og Birmingham ved å slå WBA heime på Bramall Lane. Billy Sharp skåra begge og står no med fem mål på deira fem siste kampar. Sander Berge var tilbake på benken i denne kampen men det er ikkje umogleg at det blir ny rotasjon på laget her. Kampane kjem tett og denne kan passe Berge bra. Morgan Gibbs-White er og tilbake frå skade, men har måtte funne seg i å være på benken i det siste. Formkurva til trioen på topp tilseie at det kanskje skjer her også. Vil du lade opp til kampen kan vi anbefale å ta ein titt på 2-0 skåringa mot WBA. Det er eit ganske godt bilde på korleis Sheffield United framstår. 25 trekk og Billy Sharp som legge den i lengste hjørne. Vakkert, rett og slett.
Dette blir ein kamp mellom det femte beste heimelaget og det fjerde beste bortelaget i divisjonen. Noko anna ein tett og jamn kamp kan man derfor ikkje forvente. Store sjansar for at første målet vinner her.
Huddersfield Town: Nicholls; Turton, Pearson, Lees; Thomas, Hogg, O’Brien, Toffolo; Sinani, Koroma; WardSheffield United: Foderingham; Basham, Egan, Robinson; Bogle, Norwood, Berge, Baldock; Ndiaye, McGoldrick; Sharp
Odds, Norsk Tipping:H:3.20
U:3.20
B:2.10