Når dei store laga har pause på grunn av landslagsoppdrag er det fest i dei lave divisjonane. På nivå fem i England sette ein tidligare storklubb ny publikumsrekord. Notts County med tidligare Viking-trenar Ian Burchnall som manager tok i dag imot Solihull Moors til kamp i National League på ærverdige Meadow Lane. Stadionet som ligg vegg i vegg med meir kjente City Ground hadde i dag som mål å slå Bristol Rovers sin gamle publikumsrekord på nivå fem, som var på 11 085 frå 2015.
Den blei slått då heile 12 843 fikk sjå Notts County vinne 2-0 og dermed klatre opp på femteplass på tabellen. Klubben som er inne i sin tredje sesong i National League sitt neste mål bør no vere å komme seg tilbake til det gode selskap i ligasystemet.