I League Two tar Forest Green juleferie på tabelltopp. På dei to siste plassane til direkte opprykk har vi Northampton og det nyopprykka laget Sutton United. Dei to første var venta, men det er imponerande kva Matt Gray har fått til i Sutton. Dei fire laga på playoff er Port Vale, Tranmere, Newport og Exeter, med Swindon utanfor på dårlegare målforskjell enn Exeter.
Heilt i botn finn vi Scunthorpe og Oldham som begge har 16 poeng og tre poeng opp til Stevenage på trygg plass. Det er liten tvil om at det er topplaga som stjele plassane på haustens lag.
Keeper:
Jojo Wollacott, Swindon: Har stått stødig for eit lag som er meir opptatt av å angripe enn å forsvare seg. Har resultert i at Jojo har måtte stått fram med mange redningar per kamp. Han har imponert nok til at han fekk sin første landslagskamp for Ghana denne hausten.
Forsvar:
Tom James, Leyton Orient: Den imponerande hausten til Orient skal høgreback James ha ein god dose æra for. Har vore involvert i seks av måla til klubben og vore solid i alt av kampar.
Jon Guthrie, Northampton: Beste stopparen i divisjonen denne hausten. Har vunne alt av duellar denne sesongen og sterkt bidrag til at Northampton berre har 17 baklengs.
Mickey Demetriou, Newport: Dei blir kanskje litt like desse stopparane våre, men 31-åringen må med for sin sesong i Newport som berre har 20 baklengs med han på bana.
Robert Milsom, Sutton United: Sutton med fantastisk start på livet i League Two. Det nyopprykka laget har nytt godt av ringreven Milsom som med sine fire målgjevande og tre målgjevande er viktig. Litt juks at han innimellom spelar midtbane og, men vi lar den gå.
Midtbane:
Kane Wilson, Forest Green: Driblefanten må med. Dribla seg gjennom alt og det er ikkje rart at dei to spissane står med 26 mål totalt når Wilson legg til rette.
Tom Conlon, Port Vale: Imponerande haust for det sjarmerande laget som kanskje kan ta turen opp til League One igjen? Tre mål og fem målgjevande. Er livsfarleg på dødball med sin eminente høgrefot.
Jack Payne, Swindon: Åtte mål frå midtbaneposisjon og veldig mange av dei matchavgjerande for Swindon. Då får det berre våge for mannen som aldri slo heilt til i Huddersfield at det berre er blitt ein målgjevande. God og ekstremt viktig er han uansett.
Nicky Cadden, Forest Green: Strengt tatt kunne Forest Green tatt tre av fire på midtbana, men det får holde med begge kantane. Cadden er som Wilson den som slår flest nøyaktige legg i ligaen. Står og med seks mål og seks målgjevande.
Angrep:
Dom Telford, Newport: Fekk berre to starta for Plymouth i League One i fjor. Tok turen ned til League Two og har bøtta inn mål. Har berre starta 12 kampar men står likevel med 14 mål. Det er råsterkt.
Jamille Matt, Forest Green: 13 mål og sju målgjevande for Matt. Det er imponerande tall. Saman med Mathew Stevens har han vore eit frykta spisspar i League Two. Fortsett dei slik blir det opprykk på miljølaget.
Trenar:
Matt Gray, Sutton United: Når du tar laget ditt opp til Football League for første gang i historia og deretter sitter på ein komfortabel playoff-plass med to poeng opp til direkte opprykk. Ja, då er du halvårets trenar i League Two. Utan tvil.