More

    Haustens lag i League One

    I League One tar Rotherham juleferie på tabelltopp, tett etterfulgt av Wigan på den andre plassen som gir direkte opprykk. Sunderland, Wycombe, Plymouth og Oxford United har playoff, med Sheffield Wednesday, Portsmouth og Milton Keynes jagande like bak. I botnen ligge Crewe, Doncaster, Gillingham og Morecambe. Sistnemnte har faktisk likevel klart å få ein mann inn på haustens lag. 
    Keeper:

    Jamie Cumming, Gillingham: Ikkje akkurat den keeperen som slepp inn minst mål i divisjonen, men han er mannen som har stått for flest redningar i heile League One til no i sesongen. På lån frå Chelsea og 22-åringen kan kanskje få ein betre klubb ved neste utlån.

    Forsvar:

    Max Power,Wigan: Han starta året som midtbanespelar men avslutta som ligaens beste høgreback. Imponerande haust med fem assist og gir alt, alltid.
    Michael Ihiekwe, Rotherham: 29-åringen har vore instrumental for Rotherham sin gode sesongstart og derfor har laget færrast baklengs i år med sine 15. Har og to mål.
    Ryan Tafazolli,Wycombe: Styrer skuta i midten av trebackslinja i Wycombe med stø hand. Ein av dei som vinn flest duellar og ein av dei som klarera mest i ligaen. Fire mål har han og.
    Joe Jacobson, Wycombe: 34-åringen storkosa seg tilbake i League One. Fire målgjevande og ein av dei som vinne ballen tilbake for laget sitt flest gangar i divisjonen.

    Midtbane:

    James Henry, Oxford: Er alltid ute etter å skape ein målsjanse. Og treffe veldig ofte. Seks mål og to målgjevande for mannen som kan spele alle posisjonar på midtbana.
    Will Keane, Wigan: Han får denne under tvil då han spelar i ein særs offensiv posisjon for Wigan. Men det tidlegare Manchester United-stortalentet som har slitt med skader heile karrieren har hatt ein sterk haust og blitt premier med debut på Irske landslaget. Ti mål og fire målgjevande for Wigan som ikkje klare å gå mållause av bana. Matt O`Riley har grunn til å vere forbanna på meg for at han ikkje kom med.
    Scott Twine, MK Dons: Kanskje årets midtbanespelar i League One til no. Ni mål og sju målgjevande har det blitt på den ettertrakta 22-åringen. Den spelaren med flest skåringar frå utanfor sekstenmeteren i Europa siste to åra. Må til Championship snarast.
    Oladapo Afolayan, Bolton: Har blitt ein veldig viktig brikke for Ian Evatt og Bolton og har stått for sju av Bolton sine 22 skåringar til no i sesongen. Er på fjerdeplass over flest driblingar i League One og på topp over den som har blitt felt flest gangar.

    Angrep:

    Michael Smith, Rotherham: Med sine 12 mål er han berre eit mål bak han spisskollega på dette laget. Er forferdeleg å møte og vinner nesten alt av duellar ut på bana. Blir å sjå i Championship neste år, med eller utan Rotherham.
    Cole Stockton, Morecambe: Overraskinga. Står med 13 mål, like mange som han fekk totalt i fjor då Morecambe var i League Two. Sjølv om laget slit tungt har han bøtte inn mål, blant anna frå midtstreken mot rival Fleetwood Town. Moden for større oppgåver, 27-åringen.

    Trenar:

    Leam Richardson, Wigan: Det låg lenge an til at Ryan Lowe skulle ta denne, men han stakk frå jobben i Plymouth til fordel for Preston. Dermed er det Richardson som tar det, først og fremst for den enorme jobben han har gjort med å bygge Wigan opp til å bli eit topplag igjen. Ikkje nok med det, han redda kanskje livet til Wigan-spiss Charlie Wykes i haust og får ein tribunedel på DW Stadium oppkalla etter seg som takk.

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen