Manager Dave Challinor har bestemt seg for å forlate League Two-klubben Hartlepool til fordel for den ledige jobben hos Stockport County i National League.
Mannen som førte Hartlepool tilbake til det gode selskap ved å ta klubben opp frå National League førre sesong var venta å ta klubben vidare då han signerte ny kontrakt så seint som i september. Denne sesongen har Hartlepool opplevd stor suksess i League Two og berre målforskjell hindra dei i å ligge på playoff.
Stockport County sparka tidlegare i haust Simon Rusk etter at eit av opprykksfavorittane opplevde rusk i maskineriet. Laget som ligg på niandeplass på tabellen i National League får dermed ein manager med opprykk frå National League friskt i minne.
Klubbtrener Anthony Sweeney tar midlertidig over managerjobben i Hartlepool