Juryen i Cardiff Crown Court har i dag dømt finansmannen David Henderson i saka der Emiliano Sala og pilot David Ibbotson døde i flystyrt januar 2019. Han har blitt funnet skyldig i å sette liv i fare ved å arrangere flyturen uten lisens på plass.
Henderson arrangerte flyturen som skulle ta Sala frå Nantes og til sin nye klubb Cardif City. Henderson sjølv var bortreist på ferie og han fekk dermed Ibbotson til å fly, til tross for manglande lisens for å fly i mørket. I tillegg mangla flyet lisens for å kunne fly passasjerar.
Juryen har fått bevis på at Henderson kort tid etter flystyrten tok kontakt med fleire personar for å unngå at lisensproblema skulle lekke ut.
Emiliano Sala blei 28 år.