12 herlige oppgjør frå Championship på lørdag. Dette er det som står på menyen:
Hull-Sheffield United
Eit heimelag som står med 1-2-4 på sine første sju tilbake i Championship. Skåra nesten ikkje mål. Sheffield United hadde ein blytung og målfattig start på sesongen før det løsna skikkelig mot Peterborough forrige helg (6-2) Såg ut til å gå mot ny siger i midtveka når Sander Berge sendte dei i føringa mot Preston, men sein utlikning øydela for det. Ser uansett ut som dei er på rett spor etter gode signeringar på siste dag av overgangsvindauget. Tips: B
Barnsley-Blackburn
Barnsley spelar mykje uavgjort i år og står derfor berre med sju poeng. Spelemessig forbetring i det siste og fikk med seg eit poeng borte i kaoskampen mot Stoke i midtveka. Møter her Blackburn som i stillhet har starta sesongen veldig overbevisande. Salget av stjerna Sam Gallagher har ikkje sett ut til å ha svekka dei nevneverdig. Spelar jevnt med alle og har avgjort mange av kampane til sin fordel ved hjelp av formen til Ben Brereton. Tips: U
Cardiff-Bournemouth
God start på sesongen av Cardiff sjølv om dei fikk eit tap i midtveka. Midtstopper Aden Flint er toppskårer, noko som ikkje nødvendigvis er eit bra teikn. Bournemouth med to imponerande sigre siste veka mot henholdsvis Barnsley (3-0) og QPR (2-1) Har ei ny stjerne i Jaidon Anthony som lagar trøbbel på topp saman med Solanke. Ein tøff test på om laget til Scott Parker blir å rekne med heilt i toppen. Tips: B
Derby-Stoke
Derby blei tippa som kasteball i årets sesong. Klarer seg overraskande greit. Skal ikkje undervudere betydningen av det heldige poenget dei sikra seg borte mot WBA i midtveka. Stoke har klatra opp på play-off men rota vekk to poeng i midtveka i det som blei omtalt som kaoskamp. Straffebom og rødt kort, i tillegg til masseslagsmål på innbyttarbenken. Kan fort bli litt fyr i denne kampen også om Wayne Rooney får viljen sin. Tips: B
Fulham-Reading
Bortsett frå den lille smellen borte mot Blackpool (0-1) har Fulham sett ut som det klart beste laget i denne divisjonen. Har kjørt over enkelte lag både heime og borte (Seinast 4-1 borte mot Birmingham). Mitrovic og Harry Wilson i storform. Møter her eit Reading-lag som fikk ein opptur i midtveka med 3-1. Står med kun sju poeng til tross for at dei har ligaens beste spelar i sesongstarten på bana i John Swift. Midtbanespelaren har sju mål og tre assist til no og er eine og aleine grunnen til at Reading ikkje ligger i bunn av tabellen. Tips: H
Huddersfield-Nottingham Forest
Skulle vi tippa før sesongen kven som låg på sisteplass med eit poeng etter sju kampar og ein sparka manager, hadde mange tippa Huddersfield. Men nei. Huddersfield har storspelt dei siste vekene og gått fra imponerande sigre på rekke og rad (Seinast 3-0 borte mot Blackpool) Har fått opp nokre veldig spennande spelarar og litt viktig rutine i dei bakre rekker i Matty Pearson. Møter jumbolaget Forest. Eit poeng og Chris Hughton ut er fasit. Må snart begynne å ta poeng om dette skal bli noko anna enn ein gedigen nedtur, for dei har eit lag som er for bra til å ligge der dei ligge. Duka for at Lewis Grabban og Lyle Taylor snart møter på jobb? Tips: H
Luton-Swansea
To lag med to managere som vil sette skikkelig preg på sine respektive lag, noko Nathan Jones som har fått god tid til med Luton. Det har gitt 9 poeng til no denne sesongen. Er eit lag som kan blande seg opp i topp ti om alt klaffa. Russell Martin derimot, har ikkje fått så god tid til å implimentere sin stil. Det har resultert i spelarar som har gjort mange personlige feil og mange kampar uten skåring. Vil nok løsne utover sesongen, men treng muligens litt meir tid. Tips: H
Middlesbrough-Blackpool
Neil Warnock og Boro tok tre viktige poeng borte mot Forest på onsdag. Dermed ser ikkje sesongstarten så fæl ut. Har eit lag som kan slå dei fleste på ein god dag. Blackpool har vært veldig ustabile noko dei to siste heimekampene viser (1-0 over Fulham og 0-3 mot Huddersfield) Har fortsatt ikkje fått i gang storskårar fra League One, Jerry Yates, noko som har resultert i lite mål. Tips: H
Millwall-Coventry
Millwall er også eit lag som spelar mykje uavgjort, men har strengt tatt ikkje fått meir enn fortjent. Møter her eit av dei store overraskelsane til no i år. Coventry har avgjort mange jamne kampar til sin fordel ved hjelp av ein svenske kalla Viktor Gyokeres. Coventry har uansett fått god effekt av å endelig være heime i sin eigen by igjen. Tips: U
Peterborough-Birmingham
The Posh ligger på nest sisteplass etter sju kampar. Har spelt bra heime men sett forferdelige ut på bortebane. Tilbake på London Road her og bør dermed gje Birmingham god kamp. Bortelaget var i storform men fekk verkeleg kjenne på det å møte eit topplag i midtveka. Knust på heimebane av Fulham. Det blir spennande om dei kjem seg raskt tilbake på hesten eller om dette var det som vippa Lee Bowyer og co av pinnen. Tips: U
Preston-WBA
Preston har løfta seg etter ein svak sesongstart som blant anna inkluderte stortap mot Hull. Par gode signeringar har dermed stabilisert klubben litt. Redda seint poeng mot Sheffield United sist, og det er ofte dansken Emil Riis Jakobsen dei må stole på. WBA er motstander her, eit lag som til tross for ein fantastisk stall har hatt trøbbel med å skåre i det siste. Spelte 0-0 heime mot Derby i midtveka i ein kamp som fort kunne endt 7-0. Er uansett nesten umulig å slå. Tips: B
QPR-Bristol City
På Loftus Road har det vært artig denne sesongen. Til tross for sesongens første tap i midtveka har dei fått ein flott sesongstart. Ei angrepsrekke mange lag misunne dei. Mangla Charlie Austin og Moses Odubajo i midtveka. Med dei tilbake skal Bristol City få det tøft. Men dei har Andreas Weimann tilbake i storform. Mista to poeng på overtid mot Luton i midtveka men har gjort det bra på bortebane i år. Tips: H