To av laga som måte ta turen ned frå Premier League møtes til kveldskamp på Craven Cottage. Begge ønska snarleg retur til Premier League, men utgangspunkta før kampen er nokså ulike.
Fulham koste seg nok både med WBA og Bournemouth sine kampar i helga. No kan dei auke forspranget med siger her. Og Fulham treng ein siger igjen no, for etter sju strake sigre stoppa det heilt opp. Dei står no med fire strake uavgjorte, dei tre siste med 1-1. Det har stoppa litt opp med skåringar for laget som stod for 25 mål på sju kampar. No har det blitt tre mål på siste fire. Det skal seiast at det har vore eit par tøffe kampar også, og Fulham såg blant anna veldig bra ut i toppkampen mot Bournemouth sjølv om dei måtte ta til takke med eit poeng. Fulham sitt forsvarsspel har derimot vore solid med berre fem baklengs på siste elleve kampar.
Heime på hytta står dei med sju kampar utan tap. Fem sigre på rad før dei to siste sjølvsagt enda uavgjort. Mitrovic kom på skåringslista igjen sist etter heile tre kampar utan skåringar. Kanskje er det starten på ei ny rekke med mål.
Sheffield United hadde ein kaotisk slutt på november med John Fleck sin kollaps, sparking av manager og uventa ny manager. Men Paul Heckingbottom har vore i klubben lenge og er godt likt av mange. Han har fått ein god start på sine to første kampar også med full pott. Først blei det ein 2-0 siger i snøen mot Bristol City før dei snudde bortekampen mot Cardiff med tre skåringar på 14 minutt. Billy Sharp har skåra i begge kampane og gledeleg for laget er at både Brewster og McGoldrick har meldt seg på. Tidlegare i sesongen har det vore Sharp og Wolves-lånespelaren Morgan Gibbs-White som har stått for angrepsspelet aleine. Deira gode form gav håp om at playoff kunne vere mulig å oppnå denne sesongen, men då passa det dårleg med 16 dagar pause. Deira siste kamp mot QPR blei nemleg utsatt grunna smitte i QPR-troppen.
For heimelaget ser det bra ut på skadefronten. Kaptein Tom Cairney er mest truleg tilbake frå start her. Bortelaget manglar nok både Robin Olsen, Jack O`Connell og John Fleck. Sander Berge blir nok å finne på benken.
Mogleg lagoppstilling:
Fulham:Rodak; Tete, Adarabioyo, Ream, Robinson; Seri, Cairney; Wilson, Carvalho, Kebano; MitrovicSheffield United:Foderingham; Basham, Egan, Davies; Bogle, Norwood, Hourihane, Stevens; Gibbs-White, McGoldrick; Sharp
Odds, Norsk TippingH: 1.70
U: 3.70
B: 4.20