More

    Fulham – Bournemouth

    Fulham-Bournemouth
    20.45
    Viasport 2
    Fulham mot Bournemouth. Førsteplass mot andreplass. Dei to store favorittane til opprykk møtes til kveldskamp på Craven Cottage. Hold deg inne kl 20.45. 
    Fulham kan glede seg til ein ny kamp, sjølv om oppladinga ikkje har vore den beste. Dei fekk sjukdom inn i troppen sin og fleire av deira beste spelarar var enten ute med sjukdom eller redusert i deira to kampar førre veke. Det enda med to poeng mot Derby og Preston i to kampar dei fort kunne stått igjen med null poeng i. Akkurat det er ikkje opprykkstakten dei håpa på, men det som skjedde før var. 25-2 I målforskjell og sju strake sigre var fasiten for Marco Silva sine menn. Til tross for skuffande uavgjort i to siste kan dei skryte av ei rekke på ni kampar utan tap, og heime på hytta har dei berre eit tap denne sesongen.
    Scott Parker og hans Bournemouth jaga berre eit poeng bak på tabellen. Men i tillegg til at Parker returnere til klubben han var trenar for seinast i sommar, er det også andre ting som må gje sommarfugla i magen. Bournemouth var uslåelege dei første 15 kampane, men har på sine siste fem berre ein siger. Deira to siste bortekampar enda med 3-2 tap mot Derby County og 1-1 mot Millwall. Det såg derimot ut til at dei skulle slå tilbake sist kamp men då henta Coventry opp 2-0 leiinga i sluttminutta. Jefferson Lerma kan vel sei seg skyldig i det med sitt raude kort på stillinga 2-0 til Bournemouth. Står med 6-3-1 på bortebane i år og var fram til Derby-kampen ekstremt gjerrige på bortebane med berre eit baklengs.
    Duellane i kampen er mange. Marco Silva mot Scott Parker som valte å forlate Fulham, Mitrovic med sine fantastiske 21 mål mot Solanke sine 15. Vi kunne sikkert funne duellar i kampen for kvar einaste posisjon. Så tett og spennande trur vi det blir. Og det er ikkje rart vi gleda oss til kamp når det er to lag som har tilsaman 85 mål i ligaen. Kan vi håpe på målfest?
    Fulham håpa nok Tom Cairney er tilbake frå sjukdom. Han måtte stå over deira to siste. For Bournemouth er nemnte Lerma ute med suspensjon. Det same er Chris Mepham. Kanskje er Gary Cahill tilbake og går då mest truleg rett innpå laget. 
    Mogleg lagoppstilling:
    Fulham:Rodak; Odoi, Adarabioyo, Ream, Robinson; Seri, Reed; Wilson, Carvalho, Kebano; MitrovicBournemouth:Travers; Stacey, Cahill, Cook, Davis; Kilkenny, Cook, Billing; Christie, Solanke, Anthony

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen