More

    Fulham – Blackburn Rovers

    Fulham – Blackburn: Fulham har førsteplassen i sin hule hånd. Blackburn var for få veker sidan deira næraste utfordrar men må no ta til takke med ein fjerdeplass.
    Fulham går på eit tap i ny og ne, men stort sett etter ei lang rekke med trepoengarar. Tapet heime mot Huddersfield for to veker sidan har blitt erstatta av knepne sigre mot Peterborough og Cardiff. 2-1 og 1-0 vart resultata og målskårar var sjølvsagt Mitrovic. Med fare for å gjenta oss sjølv så er det latterlege tal han leverer denne sesongen. Då han stanga inn vinnarmålet mot Cardiff sist var det hans 34 ligamål, på berre 31 kampar. Det er fortsatt eit stykke opp til Guy Whittingham sine 42 ligamål for Portsmouth i 1992/93, men den rekorden kan slåast. Har elleve poeng ned til Huddersfield på tredjeplass og med fleire kampar til gode kan man snart slå fast at det blir Premier League på Fulham frå hausten av. Men både mot Peterborough og Cardiff. Eit lite obs er at Fulham har tre kalassigre på bortebane denne sesongen. 7-0 over Blackburn og Reading samt 5-1 over Huddersfield. Heimekampen mot Reading og Huddersfield enda derimot med tap. Skal Blackburn Rovers gjere det same og ta ein hevn over den forferdelege kampen i starten av november?
    Blackburn fekk etter seks kampar endeleg hull på byllen igjen i den viktige kampen mot QPR sist. Reda Khadra sitt mål direkte frå frispark var den sjansen som var minst sjanse av alle sjansane dei skapte. Syndebukken frå deira førre bortekamp mot Sheffield United gjorde dermed opp for straffebommen og sikra tre viktige og etterlengta poeng for Rovers. På bortebane har Rovers sidan 1-0 sigeren over Cardiff 15 januar gått på tre tap og to uavgjorte, utan å skåre mål. I fleire av kampane kunne og hadde dei fortent meir enn dei fekk, men mot Sheffield United sist var dei berre heldige som hadde 0-0 etter første 45, og sånn sett tapte dei fortent med baklengsmålet på overtid. Det er for Rovers-fansen leit å vete at det er nok ein kamp utan toppskårar Ben Brereton Diaz.
    Mogleg lagoppstilling:Fulham: Rodak; Williams, Adarabioyo, Ream, Robinson; Reed, Chalobah; Wilson, Carvalho, Decordova-Reid; Mitrovic
    Blackburn Rovers: Kaminski; Lenihan, Van Hecke, Wharton; Zeefuik, Travis, Johnson, Pickering; Gallagher, Dolan, Khadra
    Odds, Norsk Tipping:H: 1.40
    U: 4.20
    B: 6.90

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen