More

    Fulham best i vest

    Stefan Johansen hadde nok eit håp om å tukte gamle lagkameratar, men bortsett frå den varme velkomsten før kampstart blei det lite å juble for.
    Fulham gjekk hardt til verks i London-derbyet og allereie etter åtte minutt serverte Denis Odoi eit klasseinnlegg til Aleksandar Mitrovic. Den store spissen brysta ballen ned før han banka inn 1-0. Det hadde ikkje vert ufortent om Fulham hadde fleire mål før halvtimen var spelt. Berre ansiktet til QPR-keeper Seny Dieng hindra det.
    Dei første 37 minutta såg det rett og slett ut som QPR aldri ville nærme seg Fulham-målet, men ut av ingenting leverte dei eit mønsterangrep som Chris Willock sette i stolpen. Eit skremmeskot for Fulham som hadde skrudd litt av i minutta før. Dei gjekk derimot rett i angrep men avslutninga til Mitrovic blei blokkert på to meters hold. 
    I pausen bytta manager Mark Warburton inn Lyndon Dykes i håp om betring. Betring blei det ganske raskt for etter ti minutt hadde Dykes utlikna til 1-1. Han blei spelt glimrande gjennom av Willock, runda keeper og sette 1-1. I det QPR såg ut til å ta kommando i kampen dukka Fulham sin store spelar Mitrovic opp igjen. Eit perfekt innlegg frå Neeskens Kebano datt ned på hovudet til spissen som styrte inn sitt 12 mål for sesongen.
    Berre fem minutt seinare blei kampen avgjort. Innbyttar Bobby Decordova-Reid blei spelt fri av Jean Seri og frå 15 meter sette han ballen uttagbart nede ved stolperota. Det som såg så lyst ut for QPR blei etterkvart eit mareritt. På overtid sette nok ein innbyttar ballen i mål. Antonee Robinson fikk gå og gå før hans nokså svake skot traff QPR-stoppar Jordy De Wijs og imål. Dermed enda det 4-1 til Fulham. 

    Ein tung retur for Johansen, som plukka opp eit gult kort. Må dermed stå over neste kamp for QPR.
    Mitrovic og Fulham klatra opp på tredjeplass, berre to poeng bak WBA på tabelltopp.

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen