More

    Forrykande derby og fleire andre godbitar

    Nottingham Forest – Derby:
    Er det slik at vi må nøye oss med ein sesong utan dette herlege og flotte derbyet neste år? Mykje tyder på det, og kanskje derfor blir dette det aller viktigaste derbyet. For det er absolutt mykje som står på spel. Forest har spelt seg inn i kampen om playoff til Premier League. Derby kjempar mot alt og alle i kampen om å overleve i ligaen og for å overleve som klubb. Vinnaren får behalde trofeet fram til neste kamp. Akkurat no er det Nottingham Forest som har det etter sin 1-0 siger i november 2019. Lewis Grabban blei matchvinnar då. Dei tre siste oppgjera har alle enda 1-1 og dermed har laget frå Nottingham fått ekstra lang tid med trofeet.
    Nottingham Forest ligg akkurat no på ein niandeplass med fem poeng opp til Middlesbrough som innehar siste playoff-plass. Steve Cooper vil få legendestatus om han klarer å ta klubben frå nedrykksplass til opprykk i løpet av ein sesong.  Nemnte Lewis Grabban sikra tre poeng sist då han på overtid ordna 1-0 borte mot Millwall. Den var viktig då laget hadde avslutta året med to ligatap mot Middlesbrough borte og Huddersfield heime. Sist gang på City Ground var det derimot fest då Arsenal blei slått ut av FA-cupen. Scenene i etterkant av den kunne minne om scenene Brian Clough i si tid skapte. Steve Cook debuterte i den kampen og gjorde ein strålande innsats. Han kan bli ein viktig mann i kampen om playoff. I angrepsrekka har dei også forsterka seg, men Grabban som var matchvinnar både mot Arsenal og Millwall får sjansen her også. Og han har gjort det mot Derby før.
    Derby er i fantastisk form. Diverre er det kvar veke nye utfordringar utanfor bana. Søksmål, overgangsnekt og spelarar som må bli fjerne mot deira vilje. Phil Jagielka var plutselig i Stoke då Derby ikkje fekk lov å forlenge avtala dei hadde med han. Graeme Shinnie blei solgt for slikk og ingenting til Wigan. Men Wayne Rooney melder om eit mannskap som er klar for å gå i krigen. Og det har dei jammen gjort denne sesongen. Deira sesong hadde tatt dei med i berekninga om ein playoff til Premier League. Men minuspoenga gjer at avstanden opp til trygg plass fortsatt er litt lang. Eller, den er jo ikkje det når man veit kva utgangspunktet var. 23 plass og 14 poeng er rått. Med siger her så kan det være så lite som fem poeng opp til Reading over streken. Derby har på rekke og rad slått Sheffield United, Stoke, WBA og Blackpool. Ta med den viktige opphentinga mot Reading der også. Det er for det meste på heimebane dei har tatt poenga sine, men deira to siste bortekampar har enda med fire poeng. Tom Lawrence står fram i kvar kamp og serverte to nye praktfulle mål mot Sheffield United. Han verka veldig svolten på både skåringar og trofeet no.
    Mogleg lagoppstilling:
    Nottingham Forest:Samba; Worrall, Cook, McKenna; Spence, Yates, Garner, Colback; Grabban; Johnson, Davis
    Derby County:Allsopp; Byrne, Stearman, Davies, Forsyth; Knight, Bird, Thompson; Ebosele, Kazim-Richards, Lawrence
    Odds, Norsk TippingH: 1.92
    U: 3.15
    B: 3.75
    Bristol City – Cardiff: Samtidig som Clough-derbyet går eit anna derby av stabelen. Nemleg «The Severnside derby» der Bristol City og Cardiff  skal gjere opp seg i mellom. Ein skikkeleg botnkamp der Cardiff spesielt må passe seg for laga under streken. Dei har fått det tøft i det siste og har faktisk ikkje vunne i ligaen sidan slutten av november. Tre tap og to uavgjorte er fasiten. Bristol City på si side har 2-1-4 på sine kampar i same periode og særleg snuoperasjonen mot Millwall der Andreas Weimann skåra tre mål var viktig. Nemnte mann blei den store helten i det motsatte oppgjeret i Wales tidlegare i sesongen.
    Klokka 16 går desse åtte kampane av stabelen.
    Birmingham – Barnsley: Tv-kampen og ein viktig kamp for begge lag. Birmingham med fem kampar utan siger og fekk juling 2-6 mot Fulham sist. Treng sårt ein siger for å ikkje bli innblanda i nedrykksstriden. Barnsley på si side har ein flau smak i munnen no som dei er forbigått av Derby. Sisteplass og det verkar som om alt håp er ute. Åtte kampar utan siger no og står utan bortesiger denne sesongen.
    Blackpool – Millwall: Badebyen med den kalde vinden har ikkje fått spelt seriekamp sidan første nyttårsdag. Då slo dei Hull 1-0. Har 2-0-5 på sine siste sju og har dermed måtte gje opp draumen om playoff. Møter her Millwall som har 1-1-3 på sine fem siste borte. Har blant anna tapt mot både Peterborough og Bristol City den seinare tida.
    Bournemouth – Hull: Scott Parker og Bournemouth fekk ein ny på pungen då Luton slo dei 3-2 sist helg. Heldigvis for dei så slo Hull Blackburn 2-0 i midtveka og dermed blei Bournemouth verande på andreplass. Hull var i dårleg form men fekk god hjelp av dommaren i deira midtvekesiger. Opptur med ny eigar og litt pusterom ned til botnen. Kan bli eit bananskall for mange utover våren.
    Coventry – Queens Park Rangers: Coventry var I relativt dårleg form I desember. Det passa kanskje bra med eit opphald for Mark Robbins sine menn. Kom flygande ut av starblokka når dei endeleg fekk spelt sin første ligakamp for året. 4-1 borte mot Peterborough med to Godden mål. Med hengekampar kan dei fort blande seg inn i playoff igjen. Sist heimekamp var i FA-cupen då Derby blei slått 1-0. Har dermed to på rad i 2022. QPR er i storform og ligg på ein flott fjerdeplass. Charlie Austin senka gamle lagkameratar med si seine skåring mot WBA sist. Har tre strake sigre og har fire sigre og ein uavgjort på sine fem siste borte.
    Reading – Huddersfield: No Reading. No må det snart komme nokre poeng igjen. Ellers er nedrykksplass eit faktum snart. Hengekamp mot Luton I midtveka hjalp lite. 0-2 der ungguten Thomas Holmes skåra sjølvmål. Berre to poeng på siste seks. Møter Huddersfield som strutta av sjølvtillit. Har spelt sju kampar utan tap og i tillegg slått ut Burnley i FA-cupen. Har slått Nottingham og Bristol City samt spelt uavgjort mot Blackburn på sine tre siste.
    Sheffield United – Luton: Sheffield United hadde 2-0 og spelte mot ti mann i midtveka. Men gav likevel frå seg to poeng når Preston henta opp leiinga. Har dermed starta året langt svakare enn det førre blei avslutta. Eit poeng på to og det trengs tre poeng igjen no. Passar kanskje dårleg å møte eit Luton i form. Tok seg greitt av Reading i midtveka og slo Bournemouth heime på eige gras sist helg. Førre tap kom i november borte mot QPR.
    Stoke – Fulham: Stoke med sterk bortesiger mot Hull sist. Har slitt heime i det siste og står med eit fattig poeng i møte med Blackburn, Boro, Preston og Derby. Men kan fort vere eit lag som kan stoppe Fulham. Etter rekka med fire uavgjort og eit tap har Fulham slått tilbake. 7-0, 6-2 og 6-2 på sine siste tre. Mitrovic hadde fem på første to men gjekk faktisk mållaus av bana i den siste. Det seie vel og alt om kor mange som finne vegen til nettmaskene for Fulham om dagen.
    Swansea – Preston North End: Fekk kjempa til seg eit poeng i tøff bortekamp mot Huddersfield sist, men Swansea har hatt det litt tøft i desember og januar. Fire kampar utan siger. Preston med sterk opphenting til tross for over en omgang med ti mann mot Sheffield United. Endeleg skåra Emil Riis Jakobsen for sin nye manager år. Den seine utlikninga gjer at laget er ubesigra på fire siste med åtte av tolv moglege poeng.
    West Bromwich – Peterborough: Charlie Austin senka WBA sist og dermed står laget i fare for å ryke ut av playoff denne helga. Berre to sigre på siste ti og berre skåra to mål i ein av kampane. Då passa det bra å møte Peterborough. The Posh blei knust 1-4 heime mot Coventry sist og ligaens nest dårlegaste bortelag har ikkje akkurat med seg sjølvtillit inn i denne kampen. Heimelaget får kanskje gleda av å sjå  Daryl Dike i aksjon her. Mannen som var ein openbaring for Barnsley sist sesong er tilbake i Championship og kan vere mannen som skyte WBA inn i opprykkskampen igjen.

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen