More

    Før runden: Championship

    WBA tok fredag tre nye poeng i derbyet mot tungtgåande Birmingham City. Karlan Grant, med sitt femte for sesongen, sikra 1-0 siger på vakkert vis berre kvarteret før slutt. Dermed er det WBA som har tabeltopp før laurdagens runde. 
    Fulham-QPR:
    Toppkamp og lokaloppgjer på Craven Cottage. Det er lenge sidan denne kampen har gitt så mykje spenning som akkurat denne sesongen. Fulham starta sesongen glimrande, men har skrudd totalt av i enkelte kampar den seinare tida. Siste kamp før pausen endte i 1-4 borte mot Coventry. QPR på si side har funne tilbake til vinnarformelen etter eit par kampar med poengtap. Sist snudde dei 1-2 til 3-2 mot Preston, og særleg Chair har vore god for gjestane den seinare tida. Stefan Johansen møter sine gamle lagkameratar i Mitrovic og co. Eg tippa han er klar for å vise at han fortsatt kunne gjort ein god jobb på midtbana deira. Det blir ofte mål når desse laga møtes, og det bør det bli denne gangen også. Det er to av dei mestskårande laga denne sesongen som møtes.
    Blackburn – Coventry
    Rovers har imponert stort i sesongstarten, leda an av ein brennheit Ben Brereton. Spissen har bøtta inn mål på bestilling for både Rovers og Chile denne hausten. Fikk to nye for Chile i landslagspausen og fansen håpar han blir klar til denne kampen. Coventry er årets store overrasking. Men dei to siste resultata viser at det kan vere vanskeleg å spå resultata i kampane deira. 0-5 borte mot Luton etterfølgt av 4-1 heime mot Fulham i det som var ein fantastisk andreomgang. Må klare seg utan Matt Godden som pådro seg to kampars karantene grunna filming. Har vert svake på bortebane og Blackburn har vore gode på heimebane.
    Bristol City – Bournemouth
    Bortelaget må klare seg utan David Brooks som tidligare i veka meldte at han har fått kreft. Det bør derfor vere enkelt for hans lagkameratar å finne motivasjonen til denne kampen. Laget frå sørkysten er på toppen av tabellen og mykje av grunnen er Dominic Solanke med sine sju mål og dansken Philip Billing med sine fem. Før pausen blei Sheffield United slått på heimebane og laget var dermed det einaste laget som kunne ta pause utan å ha tapt ein ligakamp denne sesongen.
    Bristol City har tatt jamnt og trutt med poeng den seinare tida, og vant siste kamp 3-2 borte mot Peterborough. Har berre eit tap på dei siste seks kampane og vil nok gi Bournemouth hard kamp her.
    Huddersfield – Hull
    Huddersfield har etter ein veldig god periode fått det litt tyngre framfor mål. I siste kamp før pausen tok dei eit sterkt bortepoeng mot Luton, men det kunne fort blitt tre om dei hadde hatt ein spiss i form. Har Sorba Thomas, mannen som har flest målgjevande i ligaen til no i sesongen. Møter her eit Hull-lag som fikk ein sårt tiltrengt siger før pausen. Middlesbrough blei slått 2-0 etter to veldig seine mål. Det må ha smakt godt for Grant McCann som den siste tida har forsøkt både formasjonsbytte og ulike lag i håp om siger. Er sjeldan at Hull blir utklassa, og det er godt mogleg at dette blir ein kamp med lite mål og første målet vinner.
    Middlesbrough – Peterborough
    Neil Warnock var ikkje akkurat ein glad mann etter 0-2 tapet mot Hull før pausen. Han har gjennom heile hausten sett laget sitt gå frå ein sterk siger til forferdelege tap. Dei har liksom ikkje fått komen heilt i gang der oppe i nord. Forrige heimekamp endte derimot med ein sterk siger mot Sheffield United, og det er den forma dei må vise også her. Har hatt ein tendens til å tape poeng mot antatt dårlegare lag. Kan det skje igjen? Peterborough har gjort det veldig bra heime sjølv om dei fikk eit tungt 2-3 tap sist. På bortebane har dei sett fortapte ut, og har aldri vore i nærleiken av poeng. Mest sannsynlig blir dette og ein tøff oppgåve for «The Posh», om ikkje Ferguson jr har funne på noko lurt i pausen.
    Millwall – Luton
    Millwall har berre eit tap heime på The Den, men alt for mange uavgjort-resultat. Avslutta før landslagspausen med to 1-0 sigre, både heime og borte. Jedd Wallace står bak det meste av det Millwall skape og må nok vere hovudmannen her også. Luton variere veldig, og gikk fra 5-0 siger heime mot Coventry til eit heldig 0-0 heime mot Huddersfield før pausen. Blir ofte fugl eller fisk med Nathan Jones sine menn. Er likevel eit lag det er vanskeleg å slå, og det er berre Bournemouth som har klart det dei siste sju kampane.
    Nottingham Forest – Blackpool
    Forest før og etter at manager Steve Cooper kom inn er som to forskjellige lag. Frå tap på tap til siger på siger. Lewis Grabban har funne formen og saman med resten av laget avslutta dei med to råsterke borteresultat med 3-1 og 3-0 mot Barnsley og Birmingham. Blackpool på si side har og funne formen og der er det Shayne Lavery som er mannen å passe på. Tre mål på tre siste kampane, deriblant i sigeren over Blackburn sist. Fire kampar utan tap er sterkt av laget frå kysten.
    Preston North End – Derby
    Frankie McAvoy er ikkje den manageren i ligaen folk flest kjenne til, men han har gjort det greit denne hausten. Var nær siger borte mot QPR sist men tapte til slutt kampen 2-3. På Deepdale starta sesongen frykteleg med 1-4 mot Hull. Sidan det har dei ikkje tapt der. Derby blir uansett ikkje ein lett kamp, sjølv om dei ligge på sisteplass. Dei har tatt jamnt og trutt med poeng, noko som gjer at dei 12 minuspoenga er henta inn. Det er faktisk håp om at dette laget kan klare seg. Er det laget som slepp inn minst mål i ligaen, og det er dårleg nytt for Preston som normalt ikkje er laget som finn nettmaskene oftast. Kan fort bli ein smultringkamp dette.
    Reading – Barnsley
    Reading har hatt mange skader, men har likevel fått ein sterk start med 16 poeng og tiandeplass. Junior Hoilett slo til med sigersmålet borte mot Cardiff sist, noko som må ha smakt godt for den tidligare Cardiff-helten. Møter her eit Barnsley som slite tungt. Fjorårets overrasking er veldig langt unna ein ny sesong i toppen. Nye manager Markus Schopp må rett og slett få maskineriet i gang om det ikkje skal bli ein tidlig exit. Er no under streken og utan Derby sine minuspoeng hadde dei vore på delt sisteplass med Peterborough. Ni kampa utan siger kan fort bli til ti her.
    Sheffield United – Stoke
    Man trudde kanskje Sheffield United var klar for å ta opp kampen med topplaga etter ein grufull start, men endte opp med null poeng på dei to siste kampane før landslagspausen. Dei to bortekampane mot Boro og Bournemouth var rett og slett svake. Morgan Gibbs-White og Billy Sharp har derimot fått eit veldig godt samarbeid og kan by på problem for eit Stoke-lag som ikkje alltid er overbevisande bakover. Stoke har uansett mykje sjølvtillit med seg inn i denne kampen. Årsbeste i siste kamp mot WBA der Nick Powell blei matchvinnar med ei herleg avslutning. Slitt noko meir på bortebane med blant anna tap mot Derby. Dette er ein kamp Sheffield United må vinne om dei skal hekte seg på i øvre sikte. For Stoke sin del blir dette ein test av karakter. Lukkast dei her vil mange begynne å sette penga på at Stoke kanskje blir eit av laga som rykke opp denne sesongen.

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen