Seks kampar tirsdag, seks kampar onsdag. Her er ein smakebit på kva som venta:
Tirsdag:
Cardiff-West Brom
Cardiff fikk regelrett juling av Blackburn i helga, og det er enkelte som begynner å tvile på ringreven Mick McCarthy. Han kom inn som eit friskt pust forrige sesongen men har hatt større problem med å sette fyr på laget denne hausten. Står med 3-2-4 etter 9 kampar og berre tre poeng på dei fem siste. Er eit dødballag, men møter jo her eit lag som i tillegg til alt anna, er gode på dødball også. Bortelaget har slått litt tilbake etter eit par skuffande uavgjort-resultat. 2-1 sigeren over QPR på fredag satt dog langt inne. Berre ein heldig Karlan Grant redda dei fra sesongens første tap. Dette er uansett ein kamp som burde passe dei bra, og det er mykje som tyder på at alle poena blir med tilbake til West Midlands, sjølv om tre av dei fire siste har endt uavgjort.
Huddersfield-Blackburn
Jordan Rhodes-derbyet. Mannen og legenden som skulle ta England med storm etter braksuksess i Huddersfield og deretter Blackburn. Slik blei det ikkje, og no er det lille som er igjen av superspissen tilbake der det starta. Får nok ikkje startplass i dagens tøffe kamp mot Blackburn. Heimelaget varierer veldig i prestasjonane, og etter ei rekke sterke resultat har det no blitt to tap på rappen. I kampen mot Swansea i helga kom dei egentlig aldri i gang, og var heldige som slapp unna med berre 0-1. Blackburn kjem fra festforestillinga mot Cardiff. Ben Brereton og resten av mannskapet stoppe ikkje før det stod 5-1 på tavla. Er i kanonform og ligg fortjent inne på playoff, plassen framfor Huddersfield. Blackburn har ikkje tapt borte til no i år, og det vil overraske meg litt om tapet kjem her.
Hull-Blackpool
To av dei nyopprykka laga som var venta i botnen. Hull har etablert seg der nede, med berre eit poeng på dei siste 8 kampane. Storsigeren i åpningsrunda ser meir og meir ut som eit blaff. Gjorde til tross for dette ein god figur borte mot Stoke, men igjen blir dei straffa hardt for manglande ferdigheit framfor mål. Storskåraren fra i fjor, Josh Magennis, har berre det eine målet fra den berømte åpningsrunda. Spelemessig ser det greit ut, men det gir dårlig betalt i denne divisjonen. Blackpool har to sigre på rad, mot henholdsvis Middlesbrough og Barnsley. 11 poeng på dei første 9 kampane er meir enn mange hadde frykta, og mykje av grunnen er storspelet til keeper Chris Maxwell. Han har stått fantastisk i alle dei tre kampane som har endt med siger. Det kjem godt med, for heller ikkje Blackpool skårar flust med mål. Her kan man forvente ein målfattig kamp der første målet mest sannsynlig vinne. Og det er mulig at Hull endelig får med seg noko anna enn null poeng i dag.
Middlesbrough-Sheffield United
Ulik formkurven på desse laga. Boro såg bra ut i starten av sesongen før det dabba kraftig av. Sheffield United såg forferdelig ut i starten av sesongen før dei no tidvis byr opp til fest. Var litt heldige som krangla seg til tre poeng mot Derby sist, men i sesongstarten hadde den kampen endt 0-0 eller 0-1. Noko har skjedd, og det ser langt lysare ut på Bramall Lane no. Billy Sharp og Morgan Gibbs-White (På lån fra Wolves) bør Neil Warnocks menn sjå opp for her. Heimelaget har heime på Riverside 1-1-2, der siste heimekamp var tap mot Blackpool. Har absolutt ikkje fått sving på angrepsrekka si med Ikpeazu, Sporar, Ameobi og Akbom med fleire. Det er midtbana til Boro som har vært det lille lyspunktet til no i sesongen. Vil tru dette blir ein liten test på kor bra Sheffield United har blitt, for her tippa eg Warnock har svingt med pisken før kamp, og at laget er klar for krig.
Preston North End-Stoke
Sjølv med berre 9 kampar spelt, virka det som om fleire lag har vært gjennom veldig mange ulike formkurve allereie. Preston er absolutt eit av desse laga. Blytung start på sesongen, men har utvikla seg til å bli eit knallhardt lag å møte, særleg heime på Deepdale. Starta sesongen med tre tap, fulgte opp med tre sigre, og har no fire uavgjorte på rad. Dei fire uavgjorte har vært av den imponerende typen, mot sterke lag. Stoke slo tilbake etter krisekampen mot Derby ved å slå Hull 2-0 heime. Det lugga lenge, men mål av Vrancic og Powell ordna til slutt tre poeng. Laget som no ligge på femteplass har berre ein bortesiger denne sesongen. Vil bli ein veldig jevn batalje, med få mål. Det lukta litt uavgjort.
QPR-Birmingham
To lag som fauk ut av starblokkene, men som no har det litt tyngre. QPR stod med 3-3-0 og festfotball etter seks kampar. Har deretter gått på tre strake tap. To av desse er borte mot laga som ligg på topp to, men forrige heimekamp mot Bristol City var skuffande for Mark Warburton sine menn. Kan måte klare seg utan Jordy De Vijs og Stefan Johansen. Det er to av spelarane som har bidratt til den gode starten på sesongen. Birmingham på si side står med to stygge tap og en skuffande uavgjort på sine tre siste. Lee Bowyer har sett litt mindre blid ut dei siste vekene, og det er forståelig med 1-7 på dei tre nevnte kampane. To lag med tunge resultat bak seg, men QPR har absolutt sett best ut spelemessig i den same perioden. Er nok veldig lystne på ein ny siger igjen heime på Loftus Road.
Onsdag
Barnsley-Nottingham Forest
Litt vanskeleg kamp å spå dette her. Barnsley står med 1-0, 0-1, 1-1 og 0-0 heime i år. Ikkje akkurat eit lag som storkosa seg på heimebane. Har berre skåra meir enn eit mål i ein av sine 9 første kampar. Og då fikk dei to. Tydelig at dei sakna Alex Mowatt som dro til WBA før sesongen. Han hadde regi og var hjerna bak det gode angrepsspelet i fjor. Møter her det einaste laget som har skifta manager i England denne sesongen. Steve Cooper fikk med seg eit poeng i debuten sin, noko som var heilt greit. Lewis Grabban måtte ut med skade og mange forventa at det da kanskje er Lyle Taylor som skal kickstarte sin treige sesongstart. Han har sett ut som alt anna enn god, og eg blir faktisk ikkje overraska om Cooper slenger inn nye Xande Silva istadenfor. Nokon må iallfall ta tak på topp om det skal bli tre poeng her, for Barnsley gir ikkje ved dørene bakover. Stinka lite mål på Oakwell denne onsdagen.
Derby-Reading
“The Clash of the minuspoeng” kan vi kalle denne. Derby har allerede fått 9 av sine minuspoeng. Reading venta fortsatt på sin endelege dom. Til tross for dette så gjer laga det nokså greit om dagen. Derby tar jevnt og trutt med poeng, og holdt nok ein gang på å snike med seg ein uavgjort mot eit storlag. Men sigeren glapp på overtid mot Sheffield United og fikk i tillegg keeper Kelle Roos utvist. Då er det nok duka for Ryan Allsop i mål. Reading har slått både Fulham og Middlesbrough dei siste kampane, og ser betre og betre ut. John Swift var igjen arkitekten bak måla til klubben, og kan fort bli skilnaden her også. Ein utrulig viktig kamp for begge lag, som treng dei poenga dei kan få om minuspoenga skal sitte laust framover.
Fulham-Swansea
Fulham har hatt to skuffande resultat den siste veka og må slå tilbake her om dei skal henge med Bournemouth og WBA. Trudde dei hadde sigeren i lomma sist, men Mitrovic sitt mål var berre nok til eit poeng. Hadde dei møtt Swansea for to veker sidan hadde man kunne tenkt seg kalassifre. Men Swansea har begynt å få ting på stell, både i forsvar og angrep. Joel Piroe var enorm for Swansea forrige kamp, og ser meir og meir ut til å finne sin plass i det nye systemet Swansea spela. Dette blir fort ein frykteleg åpen kamp der angrepsspelet står i fokus. Fulham vil nok ta kommando fra start og sikre seg tidlige mål. Det er oppskrifta som har fungert best til no i år. Til lengre ut i kampen dei går uten mål, til større sjanse er det for frustrasjon og poengtap.
Luton-Coventry
Kven hadde tippa at Coventry på eit tidspunkt i september skulle toppe Championship? Det var nok ganske få. Ein imponerande sesongstart av The Sky Blues, som verka å ha fått ein enorm boost av å komme tilbake på si eiga bane. Forhåpentligvis er det slutt på heimekampar i andre byar, og forhåpentligvis er dette starten på ein lang opptur for Coventry-fansen. At ein svenske med navn Victor Gyokeres skulle være den største bidragsyteren kom og litt overraskande på. Han såg alt anna en bra ut på utlån i Swansea i starten av 20/21-sesongen, men Coventry tok sjansen på han. Det har gitt sju mål på 9 kampar. Innehar tredjeplassen med 6-2-1 på sine 9 første og er det laget som slepp inn færrast mål i ligaen. Det er ikkje hyggeleg lesing for Luton, som sliter med å avgjere kampar. Har (bortsett fra 0-5 heime mot Birmingham) spelt jamnt med absolutt alle, seinast borte mot Bournemouth på lørdag. Problemet då, og problemet ellers er at dei slepp inn for enkle mål. Er enda eit lag som spelar mykje uavgjort, og eg trur kanskje det er det beste dei kan håpe på her, sjølv om Kenilworth Road burde være eit fort på sine siste dagar.
Millwall-Bristol City
Har snakka mykje om lag som er glad i uavgjort, men her kjem den store vinnaren. Millwall står med 1-6-2, noko som egentlig er heilt utruleg etter berre 9 kampar. Nok ein uavgjort i helga, og det er ikkje umulig at det blir det her og. Bristol City på si side har på mystisk vis sneke seg oppover mot play-off. Mange hadde avskreve både laget og manager Nigel Pearson før sesongstart, men dei har stått for ei rekke gode resultat og har ikkje tapt sidan tv-kampen mot Swansea i august. Millwall står med 9-11 og Bristol City med 11-10 i målforskjell. Det betyr at det som oftast blir eit mål på kvart av laga.
Peterborough-Bournemouth
“The Posh” er like uforutsigbare i Championship som dei var forrige gang dei var oppe. Sjølv om det er 8 år sidan er det meste likt. Samme manager, same energiske og målrike lag på heimebane, og samme håplause resultatrekke på bortebane. Knuste Birmingham 3-0 i forrige heimekamp før dei sjølv blei knust av Coventry på bortebane forrige fredag. Har allereie møtt eit av topp 2 laga på heimebane i år. Då holdt dei WBA til 0-0 fram til det 94 minutt. Det endte i eit surt 0-1 tap. Kan fort finne på noko liknande her, og det er få lag som vil få det lett på London Road. Bournemouth ligg på tabelltopp, fortjent nok, men har også hatt flyten med seg i enkelte kampar. Fire av seks sigrar er vunne med berre eit mål. Sjølv om det er førsteplass mot 21 plass, vil det overraske meg om dette ikkje blir veldig jamnt. Pass opp, Scott Parker.