More

    Før runden: Championship

    Stoke og WBA kickstarta runda med ein herleg batalje fredag kveld. I dag står dei 11 andre kampane for tur og det starta med ein liten godbit allereie kl 13.30 mellom Coventry og Fulham. 
    Coventry-Fulham
    Coventry svevde på ei lyseblå sky fram til midtukerunda. Frå smakebit på tabelltopp sist helg til 0-5 i sekken borte mot Luton. Sjokkerande førsteomgang øydela der, og det blir spennande å sjå om dei kjem seg raskt fra den knekken. Dei kan uansett lene seg på den glimrande heimestatistikken med fem sigre av fem mulige, men det gjenstår å sjå om den står seg gjennom dagen, for Fulham er ikkje eit lag man vil møte med litt skjør sjølvtillit. Dei slo tilbake med 3-1 over Swansea i midtveka og Mitrovic noterte seg for tre mål og er no aleine på toppen av toppskårarlista. Har variert litt Fulham, men bortsett fra smellen i Blackpool har dei levert sterke resultat på bortebane. Her blir det fort ein knepen heimesiger eller storsiger for Fulham. Ingenting midt i mellom. 
    Barnsley-Millwall
    Barnsley var på vei mot ein etterlengta siger heime mot Forest denne veka, men kollapsa totalt siste halvtimen og endte med 1-3 i sekken. Synke faretruande langt ned på tabellen og ser ikkje ut som laget vi alle blei litt småforelska i forrige sesong. Har redda seg med soild forsvarsjobb, men om den skal fortsette å slå sprekker som mot Forest kan dette bli ein blytung sesong. Millwall tok derimot ein etterlengta siger i midtveka. Straffesparket til Jed Wallace var nok til å sikre tre viktige poeng. Dette er to lag som har spelt totalt 11 uavgjort på sine tilsammen 20 kampar. Nok sagt om den saken. 
    Birmingham-Nottingham Forest
    Birmingham sin vonde trend fortsetter, og med fire tunge kampar i sekken trengs det ein siger snart. Må gjere det på St.Andrews, ei heimebane som til no ikkje er blitt eit fort. 1-2-2 er status der. Nottingham Forest har verkeleg fått fart på sakene. Steve Cooper fikk sin første siger etter 30 fantastiske minutt mot Barnsley. Trioen Zinckernagel, Johnson og Grabban leverte til 10 på børs den siste halvtimen. Fortsetter dei slik så blir Forest farlige både i denne kampen og resten av sesongen. Har 2-1-0 etter Chris Hughton fikk sparken. 
    Blackpool-Blackburn
    Blackpool var veldig nære tre nye poeng borte mot Hull sist, men måtte ta til takke med eit poeng. Har uansett ein flott sesongstart og blitt betre og betre utover. Sju poeng på dei tre siste er iallfall nok til å glede Blackpool-fansen som endeleg får sett laget sitt i Championship igjen. På heimebane har det blitt fugl eller fisk og står med 2-0-3. Har gjort det best mot antatt betre lag og møter eit slikt lag her. Blackburn kom ned fra hesten i midtveka dei og. 5-1 heime til 2-3 borte mot Huddersfield i det som også blei ein forrykande kamp. Ben Brereton begynner vi nesten å bli lei av å snakke om, men han er brennheit. To ny mål i midtveka og står med 9 på dei første 10 kampane. Har litt skadeproblematikk som kan by på problem i dag, men sesongstarten tilseier at dei skal kunne gi Blackpool meget god kamp om poenga. 
    Bournemouth-Sheffield United
    Bournemouth kan ta tilbake tabelltoppen etter at WBA gikk på tap i går. Kjem fra 0-0 borte mot Peterborough i ein kamp dei fort kunne vunne. Ny tøff kamp her mot Sheffield United. Var venta å kjempe i toppen fra start av, men ein tøff sesongstart har gjort veien tilbake til Premier League litt vanskeligare. Var på god vei mot storformen men fikk ein knekk mot Boro på onsdag. 0-2 og dermed fortsatt ein del spørsmålsteikn rundt laget til Slavisa Jokanovic. No er Bournemouth det einaste laget i ligaen utan tap. Det skal mykje til for at det tapet kjem akkurat i denne kampen, men dei må opp på sitt beste om det skal bli tre poeng. Har hatt for vane å vinne dei jamne heimekampane. Solanke kan fort bli utslagsgivande i dag og. 
    Cardiff-Reading 
    Det var stusselige saker Cardiff varta opp med i midtveka. 0-4 på heimebane er ikkje bra nok, mot topplag eller ei. Fire tap på rad og 1-5 og 0-4 på sine to siste er rett og slett ikkje bra nok frå eit lag som skulle kjempe om topp seks. Blir det ikkje siger heime mot skadeplaga Reading er eg stygt redd for at Mick McCarthy sine dagar i Cardiff er talte. Reading har fortsatt flust med skader, og har berre den eine sigeren på bortebane. Kjem frå eit tungt tap mot Derby, men har vist før denne sesongen at kvar kamp leve sitt eige liv. Kan plutselig slå til med noko stort. Eg trur Reading frykta luftstyrken til Cardiff her, og det kan fort bli det som senka bortelaget og redda McCarthy. 
    Derby-Swansea
    Vi har tatt av oss hatten for Derby fleire gangar denne sesongen, og er villige til å gjere det igjen. Dei kjempa fram det eine eller tredje poenget etter det andre. Kollektive Wayne Rooney har klart å få fram er imponerande, for det er nesten ikkje ein einaste kamp dei ikkje er underdog. Ny sterk heimesiger i midtveka når Reading blei kjempa i senk. Ligger sist på tabellen, men må være nydelig å sjå at minuspoenga allereie er vekke, for denne gang. Swansea var på gang med to gode prestasjonar, men tapte mot Fulham i midtveka. Sliter fortsatt med åpne kantar som ender med innlegg og mål i mot. Fortsatt litt å jobbe med for deira nye manager, men man ser tydelig utvikling. Vil nok ha ballen store deler av kampen her, men skal passe seg for å gå seg fast i muren til Derby, som vil ligge å vente på kontringsmulighet. 
    Hull-Middlesbrough
    Endelig poeng for Hull og endelig siger for Middlesbrough. Opptur i midtveka for begge lag, sjølv om Hull nok såg på kampen mot Blackpool som to tapte poeng. Kjempa seg tilbake med ti mann og redda eit poeng, noko som må ha gitt ein boost inn til denne tøffe kampen. Venta fortsatt på sin første heimesiger, Hull. Middlesbrough har ikkje hatt den sesongstarten man kunne forvente, men to nydlelige mål og generelt veldig god fotball mot Sheffield United i midtveka var sterkt. Dei tre poenga må ha roa Neil Warnock noko, samt gitt troppen tilbake trua. Bør ta tre poeng her om dei skal reknast med i toppen i år. 
    Luton-Huddersfield
    Kva får du frå Luton? Umulig å spå, men du får mål. I midtveka blei det endeleg fest igjen med 5-0 på heimebane med Elijah Adebayo og Harry Cornick i hovedrolla. Luton har eit skyhøgt potensial på gode dagar, og det gjelder berre å finne det fram oftare. Får ein mulighet til å vise at dei faktisk kan hevde seg i toppen i år her. Huddersfield har levert jamnt og trutt denne sesongen, og får dei eit tap så slår dei ofte tilbake i neste, og motsatt. Sterk og imponerande kamp mot Blackburn sist, og tre fortjente poeng. Har assistkongen i Sorba Thomas som står med seks målgivande til no. Har storspelt og romma han garantert vil få her vil passe han bra. Her blir det målrikt, garantert. 
    Peterborough-Bristol City
    Fortet til Darren Ferguson og co slo ikkje sprekker mot Bournemouth. Eit sterkt poeng og igjen gjorde dei det utrulig vanskelig for motstandarlaget. Står med flott 2-2-1 på heimebane, der tapet kom langt inne på overtid. Har lekt som ei sil bakover, men 0-0 mot Bournemouth må ha gitt litt trygghet der også. Ligger på nedrykksplass, men det er det den begredelige borteformen som må ta skylda for. Møter her Bristol City som har fått det litt tyngre igjen. Tapte mot Millwall sist og har berre vunne en av dei siste fem. Men har tatt alle sine tre sigre på bortebane i år. Det blir derfor ein duell mellom eit glimrande heimelag og eit glimrande bortelag. 
    QPR-Preston
    Heimefansen fikk sjå Ilias Chair styre showet i tirsdagens siger over Birmingham. Det var viktig for QPR med ein siger igjen etter eit par sure tap mot god mostand. Har vært eit av laga som har spelt artigst fotball i sesongstarten og har absolutt ikkje fått meir poeng enn dei har fortjent. Møter her eit kompakt Preston som nekta å tape for tida. Dei slit derimot med å vinne, og særleg på bortebane har trepoengarane uteblitt til no. Sikra seg eit poeng heime mot Stoke i midtveka, men treng sårt ein siger igjen etter fem uavgjorte på rad. Det skal tøft gjerast at det skjer akkurat i denne kampen. 

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen