More

    Før runda: Championship

    Preston North End – Fulham: Tv-kampen kl 13.30 skjer på Deepdale. Preston var nok ein gang ekstremt heldige på bortebane i midtveka. I ein kamp dei burde tapt klart, blei det på merkeleg vis ein 2-1 siger, der sigersmålet var ein oppvisning i forferdeleg forsvarsspel. Igjen var det dansken Emil Riis Jakobsen som blei den store helten. Han står for åtte av Preston sin mål denne sesongen mens Ched Evans fekk sitt første for sesongen. Ustabile Preston ligg faktisk berre sju poeng unna playoff til tross for at prestasjonane har tilsagt at dei skulle vere enda lengre nede på tabellen. Står med 4-3-3 på sine første ti på Deepdale. Fulham toppa tabellen og har banka inn mål i det siste. Dei kom til heimekampen mot Derby i midtveka med 25-2 på sine siste sju. Der stoppa rekka på sju strake sigre og i tillegg blei det bom stopp med skåringsshow. 0-0 i ein kamp utan Mitrovic og Cairney. Dei var ute med sjukdom og det er høgst usikkert om dei er tilbake i startoppstillinga her. Utan dei to kan det fort bli ein tøffare kamp enn først forventa.
    Huddersfield – Middlesbrough: I tv-kampen kl 16.00 er det eit Huddersfield-lag som jakta playoff. Dei er før runda berre tre poeng bak Stoke som innehar den siste av desse. Tapte 0-1 mot QPR i midtveka i ein kamp som lenge var jamn. I andreomgang var det QPR for alle penga. Sist helg blei store WBA slått 1-0 i Yorkshire. Laget har til gode å vinne to sigre på rad sidan august, og det kan ha noko med den gode heimeforma og den dårlege borteforma. Heime har dei plukka 13 av 15 siste moglege og står med fire kampar utan baklengs. Middlesbrough har gått av bana utan siger i sine fem siste kampar. Det har ført dei ned til ein 15.plass på tabellen med åtte poeng opp til playoff. Chris Wilder er nok ekstremt skuffa over å berre ha fått med seg eit poeng på sine to første kampar for klubben. Dei har gitt frå seg leiinga i begge kampane på Riverside og Sol Bamba må ta skylda i begge kampane. Sjansesløseri var det også nok av, noko som kan føre til eit par endringar på topp for Boro her. Moglegvis er det duka for start for Coburn, Hernandez eller Ikpeazu.
    Birmingham – Blackpool: Lee Bowyer var heldig som fekk med seg eit poeng i bortekampen mot Coventry i midtveka. Dei fekk også med seg eit raudt kort på Ryan Woods. Null mål, eit poeng og to raude kort på sine to siste kampar ute der altså. Sist heimekamp enda med eit særs overraskande 1-2 mot Reading etter å ha tatt ei tidleg leiing ved Scott Hogan. 17.plass og poengmessig midt i ingenmannsland. Til tross for at dei har vunne to av sine siste tre på St.Andrews er dei det sjette dårlegaste heimelaget i Championship. Blackpool opplever ei lita sigerstørke sjølv om dagen. Etter ein fantastisk periode med derbysiger og siger borte mot både Sheffield United og Reading har det stoppa opp med både mål og meir. Det skal seiast at to av uavgjort-kampane har vert borte mot Swansea og heime mot WBA. Det er inga krise på Bloomfield Road. Har berre to tap på sine ni første bortekampar. Den rekka kan bli utvida mot eit skadeplaga heimelag.
    Bournemouth – Coventry: Det har gått litt tyngre for Bournemouth i det siste. Til tross for at Solanke skårar i kvar kamp har sigrane stoppa opp litt. I midtveka blei 2-3 tapet mot Derby følgt opp med 1-1 borte mot Millwall. Igjen gav dei frå seg leiinga. Til tross for andreplass og grei avstand ned til laga bak kan det bli skikkeleg skummelt om dei tapar kampen før kampen. Dei møter nemleg Fulham i neste til durabeleg toppoppgjer. Dei er laget som slepp inn minst mål i ligaen med sine 14 mål, og dei har vunne seks av sine siste sju heime på Vitality. Coventry ligg på ein imponerande femteplass men har berre to sigre på sine siste åtte. Fire av dei er uavgjorte blant anna dei to siste som enda 0-0 mot Sheffield United og Birmingham. Victor Gyokeres, no må du vakne igjen.
    Hull – Millwall: Kva har skjedd med Hull? Under streken og ei tapsrekke på fem har blitt erstatta med tre strake sigre og dobling av poenga dei hadde skaffa seg etter 15 kampar. Den viktigaste grunnen er George Honeyman, men han har fått veldig god hjelp av Keane Lewis-Potter og Ryan Longman som har vore delaktig i alt desse tre kampane. Er berre Cardiff som er dårlegare enn Hull heime denne sesongen og berre Barnsley har skåra færre mål. Men det kan vere at sjølvtilliten er stor nok til at dette kan gjerast noko med no. Millwall tok eit sterkt poeng heime mot Bournemouth etter ei herleg utlikning av Benik Afobe som har ein flott haust. Dermed står dei etter 19 kampar med 19-19 i målforskjell. Tre 1-1 kampar på rad, får vi den fjerde? Det hadde jo vore artig om Millwall kunne stå med 20 poeng og 20-20 i målforskjell etter 20 kampar. Umogleg er det ikkje med uavgjortspesialistane (9 stk)
    Luton – Cardiff: Elijah Adebayo sin straffemiss i midtveka gjorde at Luton fekk sin tredje strake kamp utan mål. Det har resultert i berre eit poeng og eit fall på tabellen ned til ein 12.plass. Tapte sist heimekamp 0-1 mot Stoke men hadde før dette seks kampar på eige gras utan tap. Dei har ikkje tapt to heimekampar på rad sidan returen til Championship og dei håpa nok at deira nemesis, Cardiff ikkje vil stikke kjeppar i hjula for det. For Cardiff har hatt eit godt tak på Luton den seinare tid, og i fjor vant dei 2-0 på Kenilworth Road. Cardiff fekk ein nedtur i midtveka med 0-1 heime mot Hull. Det var ikkje forventa med tanke på både spel og poeng som er blitt plukka etter at Steve Morison tok over som sjef. Ein uavgjort og ein siger på sine to bortekampar under ny manager. 
    Peterborough – Barnsley: Kanskje den viktigaste kampen denne laurdagen. Lag nr 22 tar imot lag nr 23 på tabellen. Peterborough kan klatre over nedrykk om dei sjølv vinn og Reading tapa. Det bør vere god motivasjon for The Posh. Darren Ferguson sa at noko må endre seg, etter 0-4 mot Blackburn i midtveka. Peterborough slepp nemleg inn altfor mange lettvinte mål, og den seinare tid har dei vanskar for å finne mål også. 12 av deira 15 poeng denne sesongen er plukka på heimebane. Berre WBA, Fulham og Bristol City har reist derfrå med alle tre poenga med resultata 0-1, 0-1 og 2-3. Møter Barnsley og deira ny manager. Han fekk ein tøff start på livet i Championship då Swansea spelte ball i hatt med dei på Oakwell. Seks poeng opp til trygg plass og med tap her vil Barnsley verkeleg vere i trøbbel. Det minst skårande laget i divisjonen er også det einaste laget som ikkje har vunne på bortebane denne sesongen. Kan dei unngå eit sjette tap på rad her i denne viktige kampen?
    Stoke – Blackburn: Stoke var i gang igjen, men plutseleg kom det eit nytt tap. Eit langt innkast var alt som skulle til for at Bristol City tok sigeren i midtveka til tross for at Stoke traff treverke to ganga. Kampen i dag er den første av tre strake mot playoff-rivalar for Stoke. Dei har tatt ti poeng av 15 moglege på siste fem men har eller er inne i sin mest ustabile periode likevel, særleg framfor mål. Det kan man ikkje sei om dagens motstandar og laget som kan skyve Stoke ut av playoff i dag. Rovers knuste til med 4-0 i midtveka og igjen var det Ben Brereton Diaz fest med to nye mål som tok han opp til 16 totalt. Det er berre Fulham og Bournemouth som skåra meir enn Blackburn denne sesongen, men få slepp inn i så mange kampar som Rovers. Berre fire smultringar på sine første 19. Det tala ikkje til Rovers fordel at dei berre har vunne to bortekampar i haust, og at Stoke berre har eit tap på Bet 365 Stadium.
    Swansea – Reading: Swansea stod for 811 pasningar i midtveka borte mot Barnsley. Det meste eit lag i dei fire øverste divisjonane har hatt denne sesongen. I tillegg vant dei 2-0 etter mål av innbyttar Ntcham før formspelarane Piroe og Paterson ordna 2-0 målet. Swansea har ikkje tapt på sine sju siste heime og har berre slept inn fem mål der. Dei er og det einaste laget, saman med Millwall som har lik målforskjell, her 23-23. Reading tapte på nytt i midtveka i ein dramatisk kamp mot Sheffield United. 0-1 der betyr at dei med tap her kan ligge på nedrykksplass i løpet av helga. Det var ikkje akkurat det man hadde sett for seg denne hausten. Skadeplagene har vert mange og er fortsatt der for Reading, men dei kan glede seg over at Alen Halilovic er tilbake.

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen