Seks kampar i dag, seks i morgen. Ei midtveke full av action, igjen. Her er dagens kampar:
Birmingham City-Bristol City
Endeleg x2. Birmingham gjekk sju kampar utan siger før det plutseleg løsna for Troy Deeney og co. To sigre på rappen og av den imponerande sorten også. 2-1 heime mot Swansea førre heimekamp etterfølgt av 2-0 borte mot Middlesbrough. Er dermed berre fem poeng unna playoff. Ting snur fort i Championship. Den andre endelege kan vi gi til Bristol City. I 17 heimekampa på rad hadde heimefansen gått slukøyra heim, utan siger. Men mot hjelpelause Barnsley gjekk det endeleg vegen. To raske mål frå Andreas Weimann sikra 2-1 siger. Det var ikkje vakkert og det var ikkje så veldig fortent når redningane på strek florerte mot slutten, men det var viktig. Begge lag ligg med like mange poeng før oppgjeret.
Coventry-Swansea
Coventry var totalt overlegne i førre kamp mot Hull. Matt Godden si fantastiske heading blei det einaste målet, men det kunne fort blitt meir. Coventry har berre gitt frå seg poeng i ein heimekamp denne sesongen. Det var sist mot Derby i ein kamp som enda 1-1, til tross for at Coventry var totalt overlegne i store deler av kampen. Swansea klatra på tabellen, mykje grunna glimrande heimeform. I helga blei det ny siger mot Peterborough. 3-0 blei stillinga og Joel Piroe var nok ein gang på skåringslista. Har no åtte kampar utan tap, og kan fort by på trøbbel her. Coventry ligger på fjerdeplass før denne kampen, Swansea på 13.plass og berre fire poeng opp til playoff.
Luton-Middlesbrough
Luton møtte ein dansk dynamitt på laurdag og dermed blei rekka på fem kampar utan tap broten i 0-2 tapet mot Preston. På heimebane har dei derimot ikkje tapt sidan det famøse 0-5 tapet mot Birmingham i midten av august. Nathan Jones og hans mannskap har ikkje slept inn mål på sine tre siste heimekampar. Middlesbrough var på gang med tre sterke sigre på rappen, men som favoritt i kamp nummer fire blei det mageplask. Ei enorm keepertabbe frå Joe Lumley bidrog til 0-2 heime mot Birmingham. Ligger a-poeng med Luton og har berre tre poeng opp til playoff. Vi må også få gratulere Neil Warnock som i kveld vil nå ein milepæl. Dette blir hans 1602 kamp som manager på profesjonelt nivå, og ny rekord i England. Vi gratulerer.
Millwall-Reading
Millwall måtte gi tapt mot Huddersfield i helga, i ein kamp dei ikkje fortente poeng i uansett. Det var stusselege greier dei kom med i den bortekampen. Det var ein nedtur etter to sterke sigre mot Sheffield United og Swansea. Enda eit lag som har los på playoff, men må bli meir stabile om dei skal komme seg heilt opp. Møter eit anna lag som har møtt veggen i det siste. Tre strake tap, der to av dei var på heimebane. Gav Bournemouth kamp sist, men etter kvart blei forskjellen for stor. Har 1/1 siger i London denne sesongen. Kan det bli 2/2? Må klare seg utan manager Veljko Paunovic som testa positivt på korona månadag og er i isolasjon.
Nottingham Forest-Sheffield United
To store lag som ligger alt for langt nede på tabellen. Med 17 og 18 plass er jo dette ein botnkamp å regne. Forest har hatt det verre og er eigentleg inne i ein god periode. Bortsett frå kollapsen i førre heimekamp mot Fulham (0-4) står dei med fire sigre og to uavgjorte under Cooper. Var igjen nære tap førre kamp men Jack Colback redda eit poeng på overtid borte mot QPR. Sheffield United vant førre bortekamp men viste svakheit ved å nesten la Barnsley hente opp 3-0 leiing. I neste kamp heime mot Blackpool blei det 0-1 men det stod ikkje på sjansane. Begge lag treng ein siger, men bortelaget treng den kanskje mest, om ikkje sjølvtilliten skal få seg ein enda større knekk.
Peterborough-Huddersfield
Etter to strake sigre blei det eit solid tap borte mot Swansea sist. Men Peterborough er best på heimebane og man har alltid eit håp om å ta poeng der, uansett kven dei møter. Siriki Dembele stjal overskriftene i deira to siste sigre, men det er ein unggut ved namn Harrison Burrows som har imponert mest denne hausten. Han kan fint ta opp kampen med Huddersfield stjerneskot denne hausten. Sorba Thomas leverte sin åttande målgivande i sigeren mot Millwall i helga. Han har ein fot som skapar trøbbel for kvart einaste lag Huddersfield møter. Til tross for at det er 20.plass mot 5.plass så kan man forvente ein veldig tett og truleg målfattig kamp her.