More

    Før runda: Championship

    Sheffield United-Coventry: Tidlegkampen denne laurdagen byr på eit topplag og eit botnlag, om man ser på tabellen. Men at det var Coventry som skulle inneha fjerdeplass og Sheffield United 17 plass var det nok få som såg for seg. Sheffield United har trøbbel framfor begge mål den seinare tid, og dette har resultert i flust av poengtap i kampar dei har hatt spelemessig overtak i. Dei to siste heimekampane enda i tap mot Millwall og Blackpool, kampar dei strengt tatt skulle tatt tre poeng i om man såg på sjansestatistikken. Har no åtte kampar utan å holde nullen. Der er det forbetringspotenisal. Coventry var 45 minutt unna å gå inn i landslagspausen med dårleg stemning. Ved pause mot Bristol City var dei på veg mot sitt andre heimetap på få dagar. Men med ti mann dei siste 45 snudde dei 1-2 til 3-2 etter O`Hare og Godden. Sistnemnte i storform og har fire mål på fire kampar no. Har berre to sigre på sine første åtte bortekampar. Sist desse laga møttes var i League One. Det kan skje mykje på fire år. Kampstart 13.30 på Viasport 2. 
    Bristol City-Blackburn:  Bristol City har vært managerlause den seinare tid då Nigel Pearson har vert ute med korona. Han er meldt klar til å lede laget mot Blackburn og det kan kanskje komme godt med. Det var nok mange som var letta då Bristol City tok sin første heimesiger for sesongen sist. Til tross for at botnlaget Barnsley blei slått har det skurra ei god stund for Bristol City. Fem tap på siste seks er ikkje lystig lesing.I tillegg er det heile 11 strake kampar med baklengs. Blackburn hadde ei rar veke før landslagspausen. Først 0-7 heime mot Fulham før dei slo tilbake med sterke 3-1 mot Sheffield United. Med 0-1 i sekken tidleg kunne det vert lett å mista hovudet igjen, men Reda Khadra sitt første mål i sin første start fikk trua tilbake, og sjølvsagt var Ben Brereton tilbake på skåringslista. Stod med tre bortetap på rappen før Derby blei slått 2-1 sist gang ute.
    Fulham-Barnsley: Seks strake sigre og 21-1 i målforskjell. Det er klart det er god stemning på hytta denne hausten. Mitrovic står med utrulige 20 mål på dei første 17 kampane og er i ferd med å knuse Ivan Toney sin rekord på 31 i løpet av ein sesong. Barnsley fikk seg ny manager denne veka, og det trengs. Åtte tap på sine siste ni er katastrofe og særleg 0-2 heime mot botnkollega Hull svei for Oakwell-fansen. Det er topp mot botn men også formtopp mot botnform. Det er nok mange som forventa kalassiger her. Det er sikkert smart at nye manageren Poya Asbaghi venta til måndag med å ta over. For statistikken sin skyld liksom.
    Huddersfield-West Bromwich: Siger, uavgjort, tap. Slik går ofte rekka til Huddersfield denne sesongen, Står med 7-4-6 og ligg berre eit fattig poeng unna playoff. Tapte siste kamp før landslagsperioden etter å ha gitt frå seg ei 1-0 leiinga siste kvarteret. Assist-kongen Sorba Thomas og co har 5-1-2 heime på John Smith`s Stadium og er vanskelege å møte. Det er ikkje eit godt heimelag WBA ønske å møte om dagen. Dei har tapt sine tre siste bortekampar, samtidig som dei avslutta med 1-1 heime mot Boro før pausen. Plutseleg er det litt langt opp til direkte opprykk, og på bakgrunn av spelet dei har vist den seinare tid så er playoff det beste dei kan håpe på.Førre gang WBA slo Huddersfield var heilt tilbake i 2010. Er det eit nytt bananskal? 
    Hull-Birmingham: Hull sin siste kamp enda med ein veldig etterlengta opptur. 2-0 sigeren borte mot botnrival Barnsley smakte utruleg godt for laget som hadde fem strake tap. Viktige George Honeyman var tilbake og skåra det viktige 1-0 målet. Ser litt betre ut på skadefronten og det kan bli viktig i det tøffe kampprogrammet som venta framover. Står fortsatt med sin eine siger på heimebane i år og berre 11 skåra mål totalt. Birmingham var på veg mot sin fjerde strake siger i kampen mot Reading sist. Men to seine mål gjorde at det enda med 1-2 tap. Scott Hogan med mål i tre kampar på rappen er sjeldan kost. Kan bli avgjerande i det som nok blir ein målfattig duell i Hull. Birmingham sin siste siger borte mot Hull kom i 2009, då med dagens manager i startoppstillinga. 
    Middlesbrough-Millwall: Neil Warnock feira jubileum og eit sterkt bortepoeng mot WBA før han same dag fikk fyken i Boro. Inn kom Chris Wilder inn og plutselig snakka man om opprykk i Middlesbrough. Vi har i heile haust snakka om eit lag som ikkje heilt har fått det til, men med Wilder inn så blir dette laget farleg. Ungguten Josh Coburn skåra i to kampar på rad for første gang i karrieren. Får han ein tredje her? Berre fire poeng opp til playoff. Millwall plukka ti av femten moglege poeng før pausen. Stor forvandling for laget som berre vann ein av sine ni første. Dermed er det berre eit poeng opp til playoff. Spelar jamnt i dei fleste kampane, noko 17-17 i målforskjell vise.
    Preston North End-Cardiff: Sjokksigeren borte mot Bournemouth til tross. Det har vert ein spesiell haust for Preston. Heldigvis har heimeformen vore redninga og den har gitt sju kampar utan tap no. Emil Riis Jackobsen står for nesten halvparten av måla. Tapte 0-3 borte mot Forest i siste kamp, Har fortsatt ein del skader i laget sitt. Steve Morison imponerte som midlertidig manager og fikk fortent Cardiff-jobben ut sesongen. Stoppa rekka på åtte kampar med tap før han deretter stoppa rekka på ti kampar utan siger sist. Herleg sluttspurt mot Huddersfield og endeleg ein Kieffer Moore i form. Det ser litt lysare ut for 
    Reading-Nottingham Forest: Reading var på veg mot tap nummer fem før 18-åringen Jahmari Clarke bestemte seg for å skåre sine to første mål for klubben. Eit fantastisk innhopp og dermed tre viktige poeng før pausen. Det er faktisk berre fem lag som har vunne fleire kampar enn Reading denne hausten, men likevel innehar dei ein 19.plass med sine 16 poeng. Det er fordi også Reading har rota med økonomien og straffa blei klar med seks minuspoeng. Dagens motstandar har berre seks sigre denne sesongen men ligg likevel seks poeng framfor på tabellen. Forest si gode form under Copper blei avslutta med 3-0 heime mot Preston i ein kamp Lewis Grabban storspelte med sine to mål. Har tatt 13 av 15 moglege poeng på bortebane etter at Cooper tok over.
    Stoke-Peterborough: Stoke henta seg inn igjen etter ei frykteleg periode. To strake 1-0 sigre på bortebane tok dei tilbake på playoff og femteplassen som dei har hatt mykje av denne sesongen. Steven Fletcher og Jacob Brown har stått for samtlege av måla i deira tre siste kampar. Treng ein heimesiger igjen no etter eit tap og eit veldig skuffande uavgjort på sine siste to her. Tungt slag for Stoke-fansen at Harry Souttar er ute resten av sesongen etter skaden han pådro seg på landslagsamling. Peterborough tapte berre 0-1 i førre kamp heime mot Fulham og kunne fort fått med seg eit poeng. Ny kontrakt på Ferguson jr i pausen. God form og 2-1-2 på sine siste fem. Men berre tre poeng ned til nedrykk.Men berre ein siger på første åtte bortekampar gir ikkje grunn til optimisme. 
    Swansea-Blackpool: Forma til heimelaget var på veg til himmels før dei i siste kamp røyk på eit stygt 0-4 borte mot hemnfulle Bournemouth. Resultatet løyg litt men det var uansett eit slag i tryne for laget som før det hadde vunne fire av sine fem siste. Heime på Liberty er dei uansett nesten uslåelige no. Siger i fire siste der og er laget som slepp inn minst mål på heimebane. Møter eit anna formlag som og fikk det litt tøft heilt på tampen av førre periode. Eit poeng på dei to heimekampane mot Stoke og QPR stod ikkje til stil med resultata før. Jerry Yates og Gary Madine har uansett imponerande seks sigre, to uavgjorte og to tap på sine siste ti. Dette er tv-kampen på Viasport 2 kl 16.00. Det er mykje som tyder på at det kan bli ein veldig artig fotballkamp. 

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen