More

    Før runda: Championship

    Coventry – Birmingham: Tv-kampen denne tysdagen hadde i fjor blitt spelt på St.Andrews. Då delte desse laga stadion, men i år er heldigvis Coventry tilbake i sin eigen by. Det har jo som kjent gitt gode resultat i form av sterke 7-1-1. Med 0-0 i den nitriste fotballkampen mot Sheffield United i helga tok faktisk Coventry innpå WBA på tredjeplass. Berre eit poeng unna er dei etter sine første 18 kampar. Matt Godden starta på benken sist, men spørst om ikkje formspelaren må inn i startoppstillinga her. Kva skal man sei om ustabile Birmingham? Slo tilbake etter forferdeleg form med siger mot Swansea, Bristol City og Middlesbrough på imponerande vis. Har deretter tapt to siste på forferdeleg vis mot Reading heime og no sist Hull borte. I 0-2 tapet mot Hull blei Gary Gardner utvist for andre gang denne hausten. Han stod før denne sesongen med null røde kort på sine to første sesongar hos The Blues. Heimelaget stiller så og sei skadefritt. Gjestane har det verre med forsvarsspelarane Friend, Pedersen og Colin ute. I fjor enda begge oppgjera uavgjort, men som sagt var begge oppgjera på Birmingham si heimebane. No er det andre bolla.
    Blackpool – West Bromwich: Blackpool imponerte stort borte mot formlaget Swansea i helga. Det var ikkje ufortent at Keshi Anderson sikra eit poeng like før slutt. Same mann avgjorde også førre bortekamp mot Sheffield United, så det er ein mann i form. Heime på Bloomfield Road starta dei med 1-0-3 på sine fire første før dei slo tilbake med tre på rappen. Tapte dog sin siste heime mot Stoke 0-1. Tar i dag imot eit West Brom som slite tungt om dagen. Skulle ha ein restart etter landslagspausen men det blei i staden for 0-1 borte mot Huddersfield. Dei skapte faktisk dei fleste av sjansane sine etter at Jake Livermore blei utvist etter 78 minutt. Dermed blei det ingen hyggeleg retur for Karlan Grant og WBA står no med 3-1-4 på sine siste åtte kampar. Har dermed sakka akterut i kampen om direkte opprykk. Heimelaget har ein del skader i forsvar deriblant Luke Garbutt og Richard Keogh, men gledeleg for dei så var Shanyne Lavery tilbake sist. WBA manglar suspenderte Livermore, men elles er det eit friskt om enn såra lag som stiller til start her.
    Middlesbrough – Preston North End: Chris Wilder hadde håpt på ein betre start som Boro-manager enn 1-1 heime mot Millwall. Diverre var Sol Bama i sjølvmål-modus denne dagen. Fire kampar utan siger har gitt seks poeng opp til QPR på sist playoff-plass. 14 plass plasserte Boro har lite skadeplager og moglegvis får Neil Taylor moglegheita her. Han kom nettopp inn portane etter å ha vert klubblaus sidan sommar. Preston fekk nok eit slag i tryne i helga. Sean Maguire sitt første mål for sesongen gav håp om tre poeng men Cardiff snudde kampen i andre omgang. Det betyr at dei har to strake tap etter sjokksigeren borte mot Bournemouth. Førre bortekamp enda med 0-3 mot Nottingham Forest. Har åtte poeng opp til playoff og berre seks poeng ned til nedrykk.
    Nottingham Forest – Luton: Berre eit tap på Steve Cooper sine ti kampar for Forest, men man kan sei at flyten har stoppa litt opp. Tre av siste fem har enda med uavgjort og er fortsatt det nest dårlegaste heimelaget i divisjonen. Bakover har dei i det minste blitt langt betre og har berre sju baklengs på ni av kampane, og då er vi snille og tar vekk dei fire frå tapet mot Fulham. Møter Luton som har møtt litt veggen i det siste. Starta opp etter landslagspausen med 0-2 borte mot QPR og dermed deira tredje strake tap og tredje strake kamp utan skåring. Det har tatt laget frå playoff til 11.plass. Det er eit poeng framfor dagens motstandar. 
    Reading – Sheffield United: Etter ein glimrande september gjekk det verre for Reading utover i oktober. Fire strake tap før dei slo tilbake med siger borte mot Birmingham og uavgjort mot Forest i helga. Har rent inn mål og berre Peterborough og Cardiff har slept inn fleire mål denne sesongen. Blei straffa for økonomisk rot og fråtatt seks poeng og ligg derfor berre to poeng over nedrykk no. Andy Carroll kom inn til sin Reading-debut sist, men dei sakna helten frå Birmingham-kampen, Jahmari Clarke. Han er nemleg ute saman med ei rekke andre viktige spelarar som Hoilett, Meite, Joao, Halilovic og mange mange fleire. Sheffield United får det berre ikkje til. Dei spelte 45 forferdelege minutt heime mot Coventry i helga, etterfølgt av 45 litt mindre forferdelege. Det enda med 0-0 og piping frå heimefansen. Berre fem sigre på 18 kampar for laget som kom frå Premier League. Bortsett frå sigeren mot Stoke er det dei fire nedste laga på tabellen som er blitt slått. Det er ikkje akkurat ein styrke. 17 plass og ni poeng opp til playoff. Det begynne å haste

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen