More

    Før runda: Championship

    Det var ikkje akkurat målfest i dei fem kampane som blei spelt i går. Coventry-Birmingham, Blackpool-WBA og Nottingham Forest-Luton enda alle 0-0 til tross for straffebom for Luton og røde kort til både Forest og Birmingham. Chris WIlder fikk nok ein heimekamp øydelagt av Sol Bama då Preston snudde 0-1 til 2-1. Sheffield United slo Reading 1-0 borte i ein kamp der tilstanden til John Fleck blei viktigare enn resultatet. 
    I dag blir runda avslutta med dei sju gjenståande kampane. Fortsetter den gode rekka til Stoke, Fulham og QPR? Får Barnsley sin ny manager ein opptur og vil Bournemouth slå tilbake? Svaret får vi frå 20.45 i kveld. 
    Bristol City – Stoke: Tv-kampen denne onsdagen er frå Ashton Gate med kameravinkelen frå skyene. Det går trått for Nigel Pearson sitt mannskap som ligg på ein 20.plass på tabellen. Har no gått tre kampar utan siger og har berre plukka sju poeng på sine siste ti. Det var kanskje ein liten opptur med 1-1 heime mot Blackburn i helga, men det betyr også at dei fortatt berre har den eine heimesigeren å snakke om denne sesongen. Igjen gav dei frå seg leiinga, noko som har skjedd i fem kampar denne sesongen. Bristol City har 11 poeng opp til Stoke som innehar fjerdeplassen og har los på sin fjerde strake siger. I helga vant dei 2-0 over Peterborough men det var langt frå komfortabelt. Innbyttar Sam Surridge blei utvist, og innbyttar Tyrese Campbell skåra sitt første mål etter den alvorlege skaden han pådrog seg i fjorårssesongen. Han har blitt matcha forsiktig etter tilbakekomsten, men mogleg er det duka for ein start snart? Har etter den famøse 3-3 kampen mot Cardiff gått tre kampar utan baklengs. 
    Barnsley – Swansea: Poya Asbaghi starta jobben med å redde The Tykes frå nedrykk her. Han blei heldigvis ikkje satt på trenarbenken i møte med Fulham i helga, i det som blei nok ein tung aften for Yorkshire-laget. 1-4 i sekken og einaste oppturen var Victor Adeboyejo sitt reduseringsmål. Opprykksdraumen frå i vår er uansett bytta ut med innstillinga om at no må plassen reddast. Ni tap på siste ti gjer sitt til at Barnsley no er det desidert dårlegaste formlaget i ligaen. Møter Swansea som fekk på pukkelen i førre borteoppgjer. Då blei det 0-4 mot Bournemouth i det som var ein jamn kamp lenge. I helga rota dei vekk to poeng då Blackpool utlikna Joel Piroe sitt vakre leiarmål. Til tross for stigande form den seinare tid har walisarane berre seks sigre på sine første 18, men med siger her kan luka på fem poeng opp til playoff minske litt meir. Får dei sin tredje bortesiger for sesongen?
    Blackburn – Peterborough: Ben Brereton redda eit poeng i helga med sitt fantastiske mål mot Bristol City og står no for 14 av deira 29 mål i ligaen. Trist for Rovers var det at Ian Poveda måtte ut med alvorleg skade. Lånespelaren frå Leeds hadde nettopp begynt å finne form hos Rovers. To siste heimekampane til Blackburn enda svært forskjellig. 0-7 mot Fulham før Sheffield United blei banka 3-1 få dagar seinare. Er berre to fattige poeng bak playoff og må finne seg i  å vere storfavoritt mot Peterborough. Dei har fire kampar utan siger og har dermed hamna under streken igjen, på målforskjell. Der heimelaget er eit av dei mestskårande laga i divisjonen er «The Posh» laget som slepp inn desidert mest med sine 34 baklengsmål. Til deira forsvar er faktisk forsvaret blitt betre den seinare tida, men dette har kanskje gått ut over angrepsspelet. Det har resultert i berre eit mål på sine fire siste.
    Cardiff – Hull: Steve Morison-oppturen fortsette for Cardiff. I helga tok dei sin andre strake 2-1 siger og igjen snudde dei 0-1 til siger i andre omgang. I Kieffer Moore sitt fråvær starta Cardiff med ein trio på topp mot Preston som hadde snittalder på 19.5 år. Dei måtte derimot ha hjelp av innbyttar James Collins som skåra sitt første mål for klubben etter overgangen frå Luton i sommar. Deira andre målskårar i kampen Mark McGuinness skåra også sitt første mål for klubben. Hans mål i det 51 minutt er det tidlegaste målet Cardiff har hatt i ligaen i år. Utruleg men sant. Kan dei få seg eit mål før 45 minutt her kanskje? Hull tok sin andre strake siger då dei slo Birmingham 2-0 i helga. Eit omdiskutert mål av George Honeyman var delaktig til at dei no har 4-0 på sine to siste kampar. Han er ein utruleg viktig spelar for dette Hull-mannskapet og hans retur har ført dei over nedrykk på betre målforskjell enn Peterborough.
    Fulham – Derby: Som om ikkje Fulham sin form var god nok frå før, så fekk dei Fabio Carvalho tilbake etter lang tids skade. Han fortsette der han slapp før skaden med å banke inn eit av dei fire mot Barnsley i helga. Sju strake sigre, 48 mål på 18 kampar, der Mitrovic har stått for 21 av desse. I tillegg er dei berre to baklengs på desse sju kampane. Det stinka opprykk. Kraftig. Det stinka nedrykk i Derby men opp i all lukta er det eit lag som imponere stort på bana. Ni nye minuspoeng blei følgt opp med ein fantastisk 3-2 siger over Bournemouth på søndag. Det var fantastisk å sjå moralen laget viste både før kamp og særleg då dei kom under 1-2 etter blant anna håplaust keeper-spel på 1-1 målet. Kaptein Tom Lawrence gjekk i front i 2.omgang og snudde kampen med sine to mål. Dermed er dei igjen tilbake på 0 poeng, men må sjokkere i kvar einaste kamp om dei skal ha eit håp om å overleve. Form og innsats kan dei uansett ikkje bli tatt på. Har berre fem tap på sine første 18.
    Millwall – Bournemouth: Etter ein tung start på sesongen har Gary Rowett sitt mannskap no tatt seks sigre og berre tapt to på sine siste 14. Det har gitt 9.plass og tre poeng opp til playoff. I helga redda dei med seg eit poeng borte mot Middlesbrough takka vere sjølvmål. Har på 18 kampar skåra 18 mål og slept inn 18 mål. Det er akkurat det man kan forvente av Millwall. Skal få det tøft mot eit Bournemouth på hevntokt. 2-3 tapet mot Derby i helga var langt unna det vi er vand med å sjå frå Scott Parker sitt mannskap denne hausten. Frå å gå dei første 15 kampane utan tap har dei no to tap på sine tre siste. Solanke og Anthony viser imponerande form tross tap, men må få i gang maskineriet om det ikkje skal bli fleire poengtap framover. Har no måtta gi frå seg tabelltoppen og skal ikkje møte på altfor mange bananskal før laga under får heng igjen.
    Queens Park Rangers – Huddersfield: Det er artig på Loftus Road om dagen. Ny heimesiger i helga då Luton blei feid av bana med 2-0. Charlie Austin måtte erstatte Lyndon Dykes og leverte mål og god innsats. Står med to sigre og to uavgjorte på sine fire siste. Heime på Loftus har dei berre gått på det eine forsmedelege tapet mot Bristol City i midten av september. QPR innehar den siste playoff-plassen og har ein horde med jagande lag bak seg. Aller nærmast ligg Huddersfield på plassen og poenget bak. Dei kjem frå ein imponerande 1-0 siger over WBA i helga. Danel Sinani sitt andre for sesongen var nok til å sikre tre poeng der. Tilbake var også Naby Sarr og han var ein vegg og blir viktig mot arsenalet av angrepsspelarar som møter Huddersfield her.

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen