Stoke – Bournemouth
Toppkamp ein kald tysdag i Stoke-on-Trent, men ikkje med Messi på besøk. For mange kan Bournemouth verke som ei umogleg oppgåve å bryne seg på denne sesongen, men du kan jo ifølgje Stoke-veteranane heite Messi og likevel få trøbbel ein kald tysdag kveld på Bet365 Stadium. Berre åtte oppgjer er det mellom desse to laga, noko som har gitt 2.6 mål i snitt per kamp. Etter at Stoke vant dei to første oppgjera gjekk det faktisk heile seks år fram til neste siger for Stoke. Den kom i det aller siste oppgjeret, våren 2021. Forrige sesong var det Bournemouth som stakk av med ein 1-0 siger i Stoke, men i returoppgjeret på sørkysten vant Stoke 2-0.
Stoke på frammarsj
Stoke har gjennom hausten vist at dei blir eit lag å rekne med denne sesongen. Deira imponerande siger mot WBA tidlegare i månaden må skape litt frykt hos dagens motstandar. Nick Powell har enda ikkje fått ny kontrakt av klubben, men prestasjonane hans har fått fansen til å skrike etter kontraktsfornying. Første kamp etter landslagspausen enda med 1-2 borte mot Sheffield United etter at dei lenge var i leiinga. Stoke fortente eigentleg ikkje noko i den kampen, og dei kunne sagt seg veldig heldige om Jacob Brown hadde blitt matchvinnar.
Det er uansett på heimebane Stoke har imponert mest, og står med fem sigre og ein uavgjort på sine første seks heime på Bet365. Michael O`Neill har skapt eit vinnarlag ut av Stoke igjen. Vi må nok belage oss på at nordmannen Leo Skiri Østigård blir å finne på benken. Han starta sine første åtte kampar for klubben men er ein av dei som aldri har komme seg inn på laget igjen etter det famøse 1-2 tapet mot Derby i september.
Når skal tape komme?
Bournemouth er det einaste laget utan tap i serien. Serieleiaren står med råsterke 8-4-0 etter dei første tolv kampane. Mange har snakka om Dominic Solanke og Philip Billing sine målpoeng denne hausten, men Scott Parker skal få litt av æra for at ein ny yndling storspela i klubben. Jaidon Anthony har nemleg storspelt i sesongstarten og bør derfor nemnast i same andedrag som dei to største stjernene. Tok ein ny sterk bortesiger i helga med 2-0 over Bristol City i ein kamp der ein anna yndling, Jordan Zemura skåra.Førre veke kom den triste beskjeden om at David Brooks har fått kreft og dermed er ute på ubestemt tid. Dermed misse Bournemouth ein viktig spelar på midtbana si, men både dei og resten av fotballverda er nok meir opptatt av at det skal gå bra med Brooks.
Ein veldig viktig kamp i toppen av tabellen, der det er store sjansar for at det blir mål. Før kamp er det åtte poeng mellom serieleiar Bournemouth og Stoke som er plassert på femteplass. Stoke er nok ute etter revansj frå fjorårets tap og heimefansen er nok klar for å ta nok ein skalp her. Kjem endeleg tapet, Bournemouth?
Det blir også spelt fire andre kampar denne tysdagen:
Bristol City-Nottingham Forest
Bristol City hadde lite å stille opp med i 0-2 tapet heime mot Bournemouth i helga. Det blei ein liten realitetsorientering for laget som kunne sneke seg inn topp seks med siger. Har tilgode å vinne på heimebane i år med sine 4 uavgjorte og to tap. Faktisk har dei no gått 16 kampar utan siger på heimebane. Steve Cooper og Forest fortsette å vinne dei. Tok sin tredje strake siger under ny manager og har no los på topp seks. Måtte slite mot Blackpool forrige runde men mål av stortalentet Brennan Johnson og målmaskina Lewis Grabban ordna 2-1 og tre poeng.
Derby-Luton
Derby fortsette i same stil som før landslagspausen, med nok ein solid 0-0 kamp borte mot Preston. Har no gått tre kampar utan å sleppe inn mål, og laget som er sist på tabellen er laget som slepp inn minst mål. Dei er diverre det laget som skårar minst og med sine sju på første 12. 2-4-0 på heimebane er bra for det nykomponerte laget. Luton kjem frå 2-0 borte mot Millwall der spiss Harry Cornick var effektiv med sine to mål. Berre eit tap borte denne sesongen, og det var i ein jamn kamp mot Bournemouth.
Queens Park Rangers-Blackburn
QPR fekk det tøft i derbyet mot Fulham sist. 1-4 og dermed tapte dei terreng til laga i toppen. Ein godkjent sesongstart er det uansett for laget som her må klare seg utan ein suspendert Stefan Johansen. To lag som skåra og slepp inn mykje møtes til duell her. Blackburn sine to siste borteoppgjer enda med tap, men såg ut til å vere på god veg til tre nye poeng heime sist. For andre gang denne sesongen gav dei derimot frå seg 2-0 leiing heime. Kampen mot Coventry enda 2-2. Ben Brereton klar frå start her etter siste eventyr i Chile.
Sheffield United-Millwall
The Blades var på veg mot sitt tredje strake tap sist, men snudde 0-1 til 2-1 mot Stoke på tampen. David McGoldrick avgjorde med sitt første for sesongen i det som var ein fantastisk kamp på Bramall Lane. Dei klatra jamt og trutt etter den forferdelege sesongstarten. Millwall kom ned på jorda igjen med 0-2 heime mot Luton, i ein kamp der sjølv ikkje straffespark var nok til å få mål. Der ligg og problemet, laget slit tungt med å finne vegen til nettmaskene. Til tross for lite mål er det berre fem poeng opp til playoff.