More

    Enough is Enough, også i Oldham

    I Tipsbladet som kom ut 7.desember kunne man lese om kvifor stemninga i Oldham er som den er. Og kvifor fansen har fått nok. No får du den her og, samt siste nytt.

    Vi har sett det skje med Portsmouth, Blackburn, Hull, Wimbledon, samt stakkars Bury og Macclesfield.
    Lista over engelske klubba som har sine skjebne i hendene på eigarar utan snøring er lang.
    På ærverdige Boundary Park skjer det igjen. Sportsleg er Oldham Athletic i botnen av League Two, men det pågår ein langt viktigare kamp, nemleg å bli kvitt deira eigar Abdallah Lemsagam. Hans tre og eit halvt år lange regime i klubben kan beskrivast som ein berg og dalbane som berre har gått nedover, og denne hausten har konflikten med fansen nådd eit heilt nytt nivå.

    Protestane har hagla lenge og ikkje ein kamp blir spelt utan at eigar Lemsagam får høyre det. Ikkje før ein protest er gjennomført blir det planlagt ein ny. I september blei ein kamp stoppa då det hagla tennisballar frå tribuna, i ein anna kamp blei kampen stoppa av fans som tok seg inn på bane for ein sitt ned protest, midt på bana. I det Barrow tok leiinga 3-0 på Boundary Park sprang fansen inn til midtsirkelen og blei sittande. Kampen blei stoppa før fansen etterkvart blei fjerna.

    I den påfølgjande bortekampen mot Leyton Orient fekk ikkje Oldham-fansen lov å kjøpe billett, og nei, det var ikkje Orient som nekta dei. Det var Oldham. I neste heimekamp var det berre dei med sesongkort som skulle få oppleve kampen mot Hartlepool, og det var sjølvsagt ikkje lenger mogleg å kjøpe sesongkort den veka. Dette blei etter massiv protest gått vekk frå, og klubben uttalte at dette hadde skjedd i dialog med politiet i Manchester grunna fare for bråk. Politiet i Manchester nekta derimot for å ha råda Oldham til å stenge fans ute.

    Dette er langt frå scenene som utspelte seg på Boundary Park i januar 2013 då klubben bøy opp til fest mot sjølvaste Liverpool. I ein forrykande kamp i FA-cupens fjerde runde blei storklubben smadra 3-2 i det som var gjennombrotet til store Matt Smith. Det var lite som tilsa at dei ti år seinare kan vere i gang med sin første sesong utanfor ligasystemet.
    Men kva har eigar Abdallah Lemsagam fått til på sine tre år i klubben? Han starta ved å love den dåverande League One-klubben ein opptur dei aldri hadde sett maken til. Slik gjekk det ikkje og det har i staden for blitt ein katastrofe:
    • Gjentatte episode med for sein utbetaling eller inga utbetaling av lønn
    • Gjentatte truslar om streik frå spelarane sin side
    • Gjentatte truslar om å bli satt i administrasjon
    • Gjentatte løgner om både den økonomiske situasjonen i klubben og om planlagde tiltak, som aldri blei noko av.
    • Ulovleg sparking av ansatte og spelarar

    Folk kallar Lemsagam for ein sta mann som ikkje veit kva han held på med. Tidlegare spelarar har uttalt at det har vert som ville vesten dei siste åra. Managerar som er innom i få dagar før dei igjen er ute, spelarar som må banke på døra for å spør om det kjem lønn i dag. På eit møte i 2018 hadde spelarane kalla inn til møte etter at lønnsutbetalingane hadde uteblitt i fem av dei siste seks månadane. På spørsmål om Lemsagam kunne garantere at neste utbetaling kom tidsnok fekk dei til svar: «Nei».
    Det blir sagt om Lemsagam at han er ein mann som er flink til å snakke for seg, og at det er derfor det tok litt tid før protestane verkeleg tok fyr. Dette er ein mann som vil vere, og trur han er ein populær mann, og at han ved å ansette store namn blir populær.

    Det har resultert i at det i løpet av hans tre år har vert ni managerar innom klubben, den siste blei sparka i slutten av november. Det høyrest kanskje ikkje mykje ut, men Keith Curle sine 261 dagar er faktisk ganske lenge under Lemsagam sitt regime. Paul Scholes var også innom som manager ein periode. Klubblegenda blei verande i 31 daga før han trakk seg. Seinare har han uttalt at det til slutt blei umogleg for han å fortsette når han fekk beskjed frå øvste hold om kven han skulle og ikkje skulle ta ut på laget.
    Til tross for ni managerar ut og sportsleg krise har Lemsagam sin bror Mohamed blitt sittande. Han har i tre år vore klubbens sportsdirektør. Han har hatt ein særs tett oppfølging av alt som skjer i klubben og vert delaktig i alle dei ni managerane sine skjebne. I tillegg har han sett laget gå frå League One til botnen av League Two på sine tre og eit halvt år. Stillinga har aldri vert trua.
    I fjor blei klubbkaptein David Wheater satt til å trene med ungdomslaget då han nekta å gå med på ei 70% lønnskutt. Mens laget slapp inn 81 mål denne sesongen var deira store og viktige forsvarskjempe i kledd for smått treningsutstyr mens han trena med ungdomane, før han etterkvart blei fjerna frå klubben.
    Og la oss ta ein rask oppdatering på kva som har skjedd dei tre siste dagane:

    Mandag 20.12.21 tikka det inn ein mail til ein livslang Oldham-supporter. Ein supporter som har støtta laget i medgang og motgang. I mailen stod det at han var utestengt frå alle Oldham sine kampar, heime som borte, i tre år. Grunnen var tafatt og handla rett og slett om denne mannen sin kritikk mot dagens regime i Oldham. Få minutt seinare fekk vi vete at denne mailen var sendt til fleire. Med same begrunnelse og same tidsaspekt. Fleire har meldt seg på og “Push The Boundary” som er supportergruppa til Oldham har publisert eit langt svar til mannen som sende ut desse mailane, Steve Brown. Desse kan du lese på twitterkontoen deira.

    Tirsdag 21.12.21: Oldham-direktør Richard Bowden trekke seg frå jobben på grunn av utestengelse av fans. Han skreiv på twitter at han ikkje var involvert i utestengelsen, og la til, “eg ville aldri ha støtta det”
    Onsdag 22.12.21: Eigar Abdallah Lemsagam uttalte seg i dag til Talksport med meldinga som egna seg best på engelsk “They don`t have any interest in the club. The people getting banned. I think they deserve it. If they are not behaving like every person watching the game, they deserve to be banned” og på spørsmål om dei kunne komme tilbake? “They can come back if they behave. They must apologise to everyone in the club”.

    Mange trur ikkje botnen er nådd før Oldham har nye eigarar. Og det ser ikkje ut som det skjer med det aller første. Oldham Athletic var med blant dei store då Premier League blei stifta i 1992. No kan dei bli den første av desse 20 historiske PL-laga til å ryke ut av «The Football League»
    Nok ein gang skjer det. Og nok ein gang blir ein by, ein klubb, ansatte og ein fanskare skadelidande for inkompetansen til eigarar utan peiling.
    Enough no.

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen