Cardiff-Middlesbrough
Cardiff sin førre heimekamp enda med 0-1 mot Reading. Sju tap på rappen og fleire av dei av den tunge sorten. Aden Flint er toppskårar denne sesongen med sine fire mål. Midtstoppar som toppskårar snart 1/3 ut i sesongen er ofte eit varselteikn. Rykta tilseie at Mick McCarthy er ferdig med tap her. Håpet for McCarthy er jo at dei møter her dei hjelpelause sine hjelparar. Middlesbrough har ein tendens til å hjelpe lag som sårt treng ein siger. På bortebane står dei med ein siger, og det var mot eit Forest-lag som få daga seinare bytta manager. Vi venta på at dei tre spissane Watmore, Sporar og Ikpeazu skal slå til snart. Sporar var i det minste målskårar i midtveka då Barnsley blei slått 2-0 heime på Riverside. Neil Warnock er nok lysten på siger mot gamleklubben sin.
Birmingham- Swansea
Birmingham med berre ein siger på heimebane til no i år. Den kom i september mot Derby. Både lag og heimefans treng ein opptur i det som har vert ein blytung periode for klubben med berre to poeng på siste sju kampar. Liten opptur med 0-0 borte mot Huddersfield i midtveka. Tahith Chong ein av få lysglimt denne hausten og kanskje er det han som skal sette litt fyr på St.Andrews igjen? Swansea har berre ein bortesiger denne sesongen, men har den siste tida hatt ei stigande formkurve, som toppa seg med knusing av rival Cardiff før WBA blei slått få dagar seinare. Spiss Joel Piroe står for sju av Swansea sine fjorten mål denne sesongen. Imponerande tal av mannen som kom frå PSV før sesongen. Den store spelaren dei siste to kampane har uansett vore Jamie Paterson som står med to mål og tre assist på deira to siste.
Blackburn-Reading
Blackburn kasta vekk 2-0 heime mot Coventry, for andre gang denne sesongen. Sam Gallagher på skåringslista i den kampen, og er saman med Ben Brereton dei to man må sjå opp for. Er berre WBA som har klart å ta alle tre poenga på Ewood Park denne sesongen. Har derimot vist store svakheite på bortebane den seinare tid. I midtveka blei det til slutt eit fortent 0-1 tap mot QPR. Reading står med to sigre på bortebane til no, mot Fulham og Cardiff. Med berre eit tap på dei siste sju var Reading på veg mot toppsikte av tabellen, men i midtveka gikk det skeis. Ein 2-0 leiing heime mot Blackpool endte til slutt med 2-3 tap. Dermed missa dei moglegheita til å ta seg inn på playoff.
Blackpool- Preston North End
West Lancashire-derbyet er endeleg tilbake. M55-derbyet som det også kallast har ikkje blitt spelt I ligasamanheng sidan 2010. Begge oppgjera i den sesongen enda uavgjort. Preston vant derimot 1-0 i ligacupen i 2013 som er det aller siste oppgjera dei i mellom. Blackpool i god form og ligg over rivalane på tabellen med sine 18 poeng. Heime på Bloomfield Road har dei vunne tre av sine siste fire. I tillegg gjorde dei ein fantastisk generalprøve ved å snu 0-2 til 3-2 borte mot Reading. Endeleg var Jerry Yates i storslag og avgjorde kampen med to seine mål. Preston har slitt med å vinne kampar i det siste, men fikk også ein solid opptur i midtveka då dei snudde 0-1 til 2-1 heime mot Coventry. Emil Riis Jakobsen matchvinnar med si femte for sesongen. På bortebane står Preston med tre uavgjorte og tre tap.
Bournemouth – Huddersfield
Serieleiaren har solide 4-2-0 på heimebane. Laget til Scott Parker har blitt betre og betre utover sesongen og har i det siste imponert like mykje i måten dei forsvare seg på. Har ein stor og sterk stall, noko som kjem godt med når kampane kjem så tett som det her. Bestod testen borte mot Stoke ein kald og våt tysdagskveld. Dominic Solanke blei matchvinnar der. Huddersfield er vanskeleg å spå, men slår ofte til når man ikkje forventa det. Duane Holmes skåra sitt første for sesongen i sigeren mot Hull forrige helg. Han fekk etter kampen mykje skryt og det kan virke som om den tidlegare Derby-spelaren er skikkeleg i gang. Skuffa noko med berre 0-0 mot Birmingham i midtveka.
Coventry – Derby
Coventry sine heimestatistikk er skummel lesing for gjestande lag. Seks av seks moglege har enda med siger, og Fulham var siste laget som fekk unngjelde der med 1-4. Toppskårar Victor Gyokeres står med ni mål denne sesongen, sju av desse heime i Coventry. Imponerande comeback borte mot Blackburn forrige helg før dei gav frå seg leiinga og enda opp med tap mot Preston i midtveka. Derby sin siste bortekamp var kanskje sesongens beste. Var tidvis totalt overlegne Preston, og Ravel Morrison og co burde ha fått med seg alle tre poenga der. Så spørst det om gjerrige Derby kan stenge igjen bakover i nok ein kamp. Spissen Colin Kazim-Richards endeleg tilbake. Var veldig nær tre poeng i midtveka og, men keepertabbe gjorde sitt til at Wayne Rooney og co berre fikk med seg eit poeng heime mot Luton.
Luton- Hull
Luton sine to siste heime på Kenilworth Road forklare litt av problemet til Nathan Jones. Frå 5-0 over Coventry til heldige 0-0 mot Huddersfield. Spissane Elijah Adebayo og Harry Cornick er ofte enten eller. Cornick var heldigvis på i den sterke sigeren borte mot Millwall sist helg. Fikk med seg eit noko heldig poeng borte mot Derby i midtveka, og ligg berre tre poeng unna playoff. Lystigare på skadefronten for Hull-manager Grant McCann, men botnlaget har berre tatt eit poeng på siste fem bortekampar. Hull står med ni mål etter 12 kampar. Fire av desse kom i seriepremieren, og to i sigeren over Boro. Tre mål fordelt på dei elleve resterande kampane. Skuffa stort ved å tape 1-2 heime mot Peterborough i midtveka. Straffemissen på 1-1 tenker nok Josh Magennis på enda.
Millwall – Stoke
Millwall med tøff heimekamp i vente. Då hjelp det lite at sist kamp på The Den enda med 0-2 tap for Luton. Gary Rowett har fått litt kritikk for spelestilen til Millwall og det var tendens til buing i Luton-kampen. Er eit av tre lag som har spelt uavgjort i nær halvparten av kampane sine denne sesongen. Fikk ein solid opptur i bortesigeren mot Sheffield United i midtveka. Mot ti mann og med overtidsmål. Det flagra med skot rundt Stoke-keeper Adam Davies mot Sheffield United i forrige bortekamp, og det var derfor ikkje ufortent med null poeng heim til Stoke. Swansea i august er einaste gang The Potters har fått med seg siger på bortebane denne sesongen. Må forbetre den statistikken om opprykk skal bli ein realitet. Opprykkshåpet fikk seg nok ein knekk i midtveka under 0-1 tapet heime mot Bournemouth. Har dermed sklidd ut av playoff, men berre to poeng opp til fjerdeplass.
Peterborough – Queens Park Rangers
Peterborough med berre to tap på heimebane i år, og det er tydelegvis der dei må gjere det om det skal vere håp om å overleve Tapte forrige heimekamp 2-3 i ein forrykande kamp. Treng å få i gang Jonson Clarke-Harris no som Jack Marriott er ute resten av sesongen. Kjem til denne kampen med godt humør etter at dei sikra seg sine første poeng på bortebane når Hull blei slått 2-1 i midtveka. QPR har tapt sine tre siste bortekampar, men det er mot dei tre beste laga i divisjonen. Klart enklare motstandar her, og har tidlegare i sesongen klart seg bra borte. Bør vere duka for ein målrik kamp mellom to lag som sjeldan spelar 0-0. Imponerande andreomgang mot Blackburn i midtveka og det var veldig fortent at Ilias Chair fikk sette inn sigersmålet ti minutt før slutt.
West Bromwich – Bristol City
WBA står med 4-2-0 på heimebane på dei seks første heimekampane, men berre skåra fire mål dei siste fire på The Hawthorns. Sleit enormt med å skape sjansar mot Birmingham sist heimekamp. Karlan Grant er heldigvis i form og har stått for alle måla i WBA sine to siste heimekampar. Tapte 1-2 borte mot Swansea i midtveka i nok ein skuffande kamp spelemessig. Bristol City står med 4-4-5 på sine første tolv, med alle sigrane på bortebane. Er dermed det nest beste bortelaget til no i sesongen. Mista viktige Joe Williams i kampen mot Bournemouth og må håpe at han er raskt tilbake. Energien hans blir viktig mot WBA. Hadde tre poeng i lomma heime mot Forest på tysdag men to overtidsmål gav dei nok eit tap på heimebane.