More

    Derby County – Queens Park Rangers

    Derby County – Queens Park Rangers
    20.45
    Viasport 2
    I ein periode der Wayne Rooney og Derby fekk enda eit poengtrekk slengt i tryne, slo dei til med fire poeng mot dei to topplaga Bournemouth og Fulham¨i løpet av fire døgn. Begge prestasjonane var imponerande på kvar sin måte. I 3-2 sigeren over Bournemouth førre helg var kaptein Tom Lawrence tilbake på sitt aller beste. Det var innsats og tempo kombinert med eit angrepsspel man generelt har sett lite til denne hausten. Sjølv ikkje keepertabbe av Kelle Roos stoppa Derby frå tre poeng der. Deretter reiste dei til Fulham som stod med sju strake og 25-2 i målforskjell. I ein fantastisk solid kamp tok dei med seg eit poeng og null baklengs i sekken. Dei kunne fort reist derfrå med alle tre poenga i ein kamp ungguten Festy Ebosele imponerte stort i. Dermed er dei 21 minuspoenga vekk og laget står med eit poeng. Diverre for Derby er det heile 19 poeng opp til trygg plass då laga over streken har tatt godt med poeng sjølv den seinare tid. Derby har 3-5-1 heime på Pride Park denne sesongen. Du får det ikkje lett på besøk der.
    Det er nok QPR fult klar over, sjølv om dei kjem inn i kampen med stor sjølvtillit. Har tatt 11 poeng av 15 moglege på siste fem noko som har ført dei opp til ein sjetteplass på tabellen. Med siger her vil dei faktisk ta over tredjeplassen. QPR er kjent for å vere eit lag med mange mål i seg, både i positiv og negativ forstand. Den seinare tid har dette derimot stoppa opp. Dei har berre skåra åtte mål på sine siste sju, men gledeleg nok berre eit baklengs på siste fire, og det var straffespark. Står med 3-2-4 på bortebane i år. Det er derfor litt vanskeleg å vete kva vi får servert av gjestene i dag.
    Derby mista talentfulle Liam Buchanan i kampen mot Bournemouth. Forhåpentlegvis er ikkje den skaden så alvorleg som først frykta, men er utilgjengeleg her. For QPR kan det hende at matchvinnaren i midtveka mot Huddersfield, Luke Amos får ein startplass. Lyndon Dykes prøva å riste av seg skaden sin, men om ikkje han er klar, blir det igjen Charlie Austin frå start.
    Mogleg lagoppstilling:
    Derby County:Roos; Byrne, Davies, Jagielka, Forsyth; Shinnie, Thompson, Bird; Knight, Kazim-Richards, Lawrence
    Queens Park Rangers:Dieng; Dickie, Dunne, Barbet; Adomah, Amos, Johansen, Wallace; Chair, Willock; Austin

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen