Derby County – Hull City: Nok ein skjebnekamp frå Pride Park der Derby County fortsatt ikkje har gitt opp “The Great Escape”. Får dei hjelp av eit Hull med ny manager?
Wayne Rooney og Derby fekk eit vanskeleg utgangspunkt i førre kamp med Richard Stearman si noko billige utvisning etter berre tre minutt. Til tross for det raude kortet klarte dei å halde formlaget Huddersfield unna i over 70 minutt. Men to baklengs på tre minutt øydela det lille håpet om å få med seg eit poeng. Derby stod med fire sigre og ein uavgjort før dei tapte rivaloppgjeret mot Nottingham Forest. I kampen etter henta dei opp 0-2 i sluttminutta i ein kamp dei eigentleg ikkje hadde fortent poeng i, før dei igjen tapte mot Huddersfield. Men om det skulle bli nedrykk vil ingen gløyme brassesparket til Krystian Bielik langt inne på overtid i 2-2 kampen mot Birmingham. Mannen kom inn siste tjue etter å gått skada i nøyaktig eit år. Scenene som utspant seg på Pirde Park var elleville. Men Derby treng tre poeng her for luka opp til trygg plass er fortsatt på sju poeng. Med seks sigre, seks uavgjort og berre to tap på heimebane kan det fort bli poeng her også.
Hull City har hatt eit innhaldsrikt år så langt. Først fant dei form, så fekk dei ny eigar, så vant dei mot topplag, så sparka dei manager, så fekk dei ny manager som tok tre poeng i debuten før dei skuffa skikkeleg sist heime mot Preston. Shota Arveladze står dermed med ein siger og eit tap på sine to første i klubben og han vil nok ønske å få med seg noko her, for dei tre neste kampane er mot Sheffield United, Fulham og QPR. Hull har berre tatt 14 poeng på sine første 14 bortekampar men det skal seiast at ti av desse poenga er tatt på deira siste seks bortekampar. Hull forsterka seg i januar og kanskje får Allahyar Sayyadmanesh, Marcus Forss eller Liam Walsh sjansen frå start her. Alle tre var på benken sist og vi ser ikkje vekk frå at Arveladze gjer nokre endringar.
Richard Stearman er ute for heimelaget. Det er kanskje Bielik som erstatta han i forsvaret her. Ravel Morrison sona sin siste kamp her. Hull manglar Andy Cannon, Josh Emmanuel, Mallik Wilks, Callum Elder, Lewie Coyle og Alfie Jones.
Mogleg lagoppstilling:
Derby County: Allsop; Byrne, Bielik, Davies, Buchanan; Sibley, Thompson, Knight, Ebosele; Lawrence; PlangeHull City: Ingram; Bernard, Greaves, McLoughlin; Longman, Docherty, Smallwood, Fleming; Honeyman, Eaves, Lewis-Potter
Odds, Norsk Tipping:H: 2.25
U: 2.95
B: 3.15
Dei fire andre kampane tysdag er:
Coventry – Blackpool: Kanskje den nest mest spennande kampen denne kvelden. Dei ligg på 12 og 13 plass på tabellen og har med sin form fått nytent håp om playoff. Victor Gyokeres blei matchvinnar i Coventry sin siste heimekamp mot Stoke, og han skåra igjen då Coventry var nære å ta seg vidare i FA-cupen mot Premier League-motstand. Ser betre ut på skadefronten og. Blackpool er og tilbake til godt gammalt slag med sine tre sigre og sterkt uavgjort borte mot Fulham. Det var festfotball på Bloomfield Road i helga med 3-1 sigeren over Bristol City. Målet til Josh Bowler var eit prov på sjølvtilliten som er i laget om dagen. Vinnaren er med for fult.
Fulham – Millwall: Fulham tapte enkelt og greitt mot Manchester City i FA-cupen, og fekk eit lite innblikk i kva som venta dei i Premier League, om dei allereie hadde gløymt det. Er ubesigra på sine fem siste i ligaen og har opparbeida seg ei luke på seks poeng ned til tredjeplassen. Mitrovic med sitt 28 mål på 26 kampar i sist heimekamp men til tross for enorme sjansar blei det berre eit poeng mot Blackpool. Møter her Millwall som slite framfor eige mål. Laget er på 15 plass med ikkje altfor lang vei opp, men det er noko med Millwall som gjer oss sikre på at dei aldri vil være med der oppe i år. Tapt fire av sine fem siste på bortebane men tok fire poeng på sine to siste heime på The Den. Skal uansett få det tøft her.
Luton – Barnsley: Luton er i form. Barnsley er ikkje. Luton har berre eit tap på sine siste åtte. Det kom i bortekampen mot Sheffield United. Heime på Kenilworth Stadium har dei spelt uavgjort mot topplaga Fulham og Blackburn, samt slått Bournemouth og Bristol City på sine fire siste. Vil med siger kunne ta seg inn på playoff, om så berre for ein dag. Natan Jones har noko på gang. Barnsley er ikkje i gang men jumbolaget har i det minste gitt motstandaren litt kamp i det siste. Tre ganger 0-1 på ei knapp veke no. På bortebane har dei til gode å ta tre poeng denne sesongen. Dei har tatt fire poeng på bortebane og tre av desse kom i dei tre første bortekampane for sesongen.
Stoke – Swansea: Stoke variere stort. Frå det glimrande til det mindre glimrande. Har no gått tre kampar utan siger. Mange trudde den sterke bortesigeren mot Hull skulle sette i gang ei rekke, men deretter har det blitt to tap og ein uavgjort, vel og merke mot sterk motstand i Fulham, Coventry og Huddersfield. Redda eit poeng mot sistnemnte etter ei forrykande mål av Jacob Brown. Dei mange nye i januar har allereie fått sjansen, men moglegvis ein ligadebut for spennande Josh Maja her. Han debuterte i FA-cupen i helga med mål i deira 2-0 siger over Wigan. Swansea tok ein kjærkommen siger heime mot Blackburn i helga. Ryan Manning blei utvist på stillinga 1-0 og Swansea var veldig heldige som fekk med seg alle tre poenga i ein hektisk avslutning. Det var berre deira andre siger på ni kampar i ligaen, og sesongen virka dermed til å fisle ut i sanden.