More

    Derby County – Coventry

    Eit litt amputert runde grunna Middlesbrough og Nottingham Forest si deltaking i FA-cupen. Dagens to tv-kampar er særs viktige for både botnstrid og toppstriden. 
    Derby County – Coventry: To lag med litt å revansjere etter midtveka, og to lag som treng siger.
    Derby leverte 45 gode minutt borte mot Blackburn på Ewood Park. Ravel Morrison si skåring gav dei leiinga inn til pause, men etter kvilen rakna det. Blei utspelt etter alle kunstens regla dei første 15 minutta av andre omgang og då var kampen snudd. 1-3 tap og deira andre strake bortetap på få dagar var eit faktum. Man hadde kanskje ikkje forventa poeng mot Bournemouth og Blackburn men for Derby trengs det poeng på uventa plassar også. Sist heimekamp var langt lystigare for nemnte Ravel leverte eit show utan likestykke og Derby gjekk sigrande ut av botnduellen mot Barnsley med 2-0. På Pride Park har dei 6-1-1 på sine siste åtte kampar og berre Millwall har klart å få med seg alle poeng derfrå sidan desember. Det er her dei må gjere det om håpet om overleving skal fortsette å leve. Har seks poeng opp til Reading over streken. Vil igjen mangle Colin Kazim-Richards, som få minutt etter at han entra bana i Blackburn måtte forlate den igjen.
    Då passa det kanskje bra å møte Coventry. Dei er nemleg særs gode i mange kampar, men så fort dei møter eit lag som ligg lavt og ventar på overgangar blir det problematisk. Det er dei to siste kampane eit bevis på. Først møtte dei topplaget Sheffield United og banka til med 4-1, nettopp mot eit lag som angreip. Få dagar seinare gjekk dei på eit 0-2 tap på same heimebane mot Hull. Det hjelpte ikkje på situasjonen at begge baklengsmåla kom før halvtimen var spelt. Eit tungt slag i tryne var det for dei som hadde fått fornya håp om at Coventry kunne blande seg opp i playoff-striden igjen. Datt ned på 11.plass og har fem poeng opp til QPR som er på sjette. Med deira varierande resultat (4-2-4 på siste 10) skal det holde hardt for Mark Robins sitt mannskap.
    Mogleg lagoppstilling: Nemnte Kazim-Richards er ute for Derby. Wayne Rooney vil moglegvis rullere litt på laget igjen og  Krystian Bielik, Festy Ebosele og Luke Plange kan fort returnere her. Coventry vil mangle Kyle McFadzean og det blir spekulert i om heltane frå Sheffield United-kampen Matt Godden og Callum O`Hare får ein plass på benken i denne.
    Derby County: Allsop; Byrne, Davies, Cashin, Buchanan; Bird, Bielik; Ebosele, Morrison, Lawrence; PlangeCoventry City: Moore; Hyam, Sheaf, Clarke-Salter; Dabo, Allen, Hamer, Maatsen; Shipley; Waghorn, Gyokeres
    Odds, Norsk Tipping:
    H: 2.85
    U: 2.35
    B: 3.10

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen