Nedturen vil ingen ende ta for Wayne Rooney og Derby denne sesongen. På bana hadde dei ein imponerande start og denne fortsette til tross for at dei fikk 12 minuspoeng i sekken. Dei kom seg raskt opp på plusspoeng og det såg ikkje ut til å vere håplaust langt opp til trygg plass. Men midt i ein ankesak som blei avvist fikk dei slengt ni nye minuspoeng i sekken. Står dermed med tre sigre, ni uavgjorte og fem tap, men med poengsummen -3. Det er no heile 18 poeng opp til trygg plass og mykje tyder på at Derby må planlegge for ein sesong i League One neste år.
Førre gang dei fikk minuspoeng slengt i tryne tok dei to av sine tre sigre i dei påfølgjande kampane. Vil det skje denne gangen også eller har lufta gått ut av ballongen no? Mest sannsynleg vil det bli nok ein kamp på Pride Park der heimefansen vise seg frå si beste side.
Derby har uansett fem uavgjorte på sine siste sju kampar der begge tapa var 1-2 mot Blackburn og Barnsley. Det er lett å tenke på kva som kunne vert om nokre av dei ni uavgjorte hadde enda med siger denne hausten. På sine første kampar har dei berre skåra 13 mål, noko som kan forklarast med at Sam Baldock har vore frontmannen. Det er ikkje akkurat Championship-kvalitet. Får endeleg tilbake Kazim-Richards noko som bør resultere i litt fleire mål, om ikkje mange. Bakover har derimot dei gamle ringrevane Jagielka og Davies vert solide.16 baklengs og berre topp tre har slept inn færre på dei første 17.
Bournemouth er nok fortsatt ganske forbanna over at den ubesigra rekka rauk i heimekampen mot Preston i kamp 16. Det var ein vill fotballkamp og spelarane låg igjen på grasmatta som om dei hadde tapt VM-finalen. Dei slo uansett kraftig tilbake i neste kamp med 4-0 over Swansea. Det var jamnt lenge men til slutt rann måla inn for The Cherries. Solanke og Anthony med to kvar og dette er saman med danske Billing dei tre store spelarane denne hausten. Dei står for 23 av dei 31 måla som har blitt skåra. Bournemouth missa kanskje den ubesigra statistikken sin, men dei er fortsatt ubesigra på bortebane. Der har dei plukka imponerande 20 poeng på åtte kampar, og berre eit baklengsmål. Tabeltoppen har sett trygg ut lenge, men med den imponerande formen til Fulham trengs det tre poeng her for å ta tilbake tabelltopp.
Ikkje for mange skader å snakke om for nokre av laga. Derby manglar Nathan Byrne som blei utvist i 1-1 kampen mot Millwall sist. For Bournemouth er det kanskje Gavin Kilkenny som må stå over etter hjernerystelsen sin.
Mogleg lagoppstilling:
Derby County:Roos; Ebosele, Davies, Jagielka, Buchanan; Knight, Shinnie, Bird, Lawrence; Baldock, Kazim-RichardsBournemouth:Travers; Stacey, Cahill, Kelly, Davis; Pearson, Lerma, Billing; Christie, Solanke, Anthony