Derby – Birmingham: Wayne Rooney takka nei til Everton-jobben. Får han betalt i form av tre livsviktige poeng i denne nøkkelkampen på eit UTSOLGT Pride Park
Det var noko vakkert over Wayne Rooney sin pressekonferanse denne veka. Med kaoset som pågår i Derby og usikkerheten om klubben vil eksistere kunne fått kvar og ein til å hoppe av skuta. Men Wayne Rooney har gjort ein umenneskeleg jobb både på og utanfor bana. Det har gitt resultat i form av at det som skulle vere eit sikkert nedrykk, faktisk kan gå. Med sine 14 poeng er det ikkje umogleg å ta seg opp til trygg plass, og med deira form den siste tida skal Birmingham få det meir enn tøft nok. Derby har fire sigre ein uavgjort og eit tap på sine seks siste. Det blei eit 1-2 tap i derbyet mot Nottingham Forest sist, men det var ikkje mangel på innsats i den kampen heller. Dei tre siste heimekampane har alle enda med tre poeng. Først 1-0 over Blackpool og WBA før dei sist heimekamp slo til med 2-0 over Sheffield United. Kaptein Tom Lawrence stod for begge i den kampen. Rooney har blitt tvungen til å finne fram spelarar som eigentleg ikkje skulle spele på dette nivået, og det har gitt resultat. Opp har spelarar som Luke Plange, Liam Thompson Lee Buchanan og Festy Ebosele på rekke og rad tatt viktige roller i laget. Gledeleg er det og at Krystian Bielik er tilbake etter langt skadeavbrekk. Dei må derimot klare seg utan Ravel Morrison i denne kampen. Han kom inn for å redde eit poeng mot Forest men pådrog seg i staden for raudt kort.
Birmingham var nær ei enorm blemme i midtveka. Med ti minutt igjen av kampen låg dei under 0-2 heime mot Peterborough. Men to seine mål av Gary Gardner og Scott Hogan sikra eit viktig poeng. Lee Bowyer klarte dermed ikkje å slå meir enn eit av Barnsley og Peterborough på heimebane den siste veka. Med tap her kan dei fort vere redde for nedrykk dei og. Bowyer har uansett tatt grep og henta mange spelarar dette vindauget. I tillegg til allereie Mengi, Hernandez har dei no henta Bacuna frå Rangers og Lyle Taylor på lån frå Nottingham Forest. Det blir spennande å sjå om Taylor får fyr på karriera si igjen. Sist bortesiger for Birmingham kom tilbake i oktober då Middlesbrough blei slått 2-0. Sidan den gang har dei 0-2-4.
Mogleg lagoppstilling:Derby County:Allsop; Byrne, Stearman, Davies, Buchanan; Ebosele, Bird, Thompson, Knight; Lawrence; Kazim-RichardsBirmingham City:Etheridge; Colin, Mengi, Roberts, Pedersen; Sunjic, Woods; Jutkiewicz, Bacuna, Hernandez; Hogan
Odds, Norsk Tipping:H: 2.30
U:2.95
B: 3.00
Cardiff – Nottingham Forest: Rett etter Derby-Birmingham får vi Cardiff-Nottingham Forest frå Wales. Cardiff er i poengnød mens Nottingham Forest har stø kurs mot topp seks.
Cardiff fekk ein god start under Steve Morison, men I det siste har det sett tungt ut for Cardiff. Det blir faktisk spekulert i om Neil Warnock skal ta ein sjokkretur til klubben. Laget har berre tatt to poeng på sine siste seks kampar, og begge har komme på bortebane. Sist kamp blei det 2-3 borte mot Bristol City. Heime på Cardiff City Stadium har dei berre gått sigrande av bana ved to anledningar denne sesongen. Den første var i august mot Millwall før dei tok ein ny siger i starten av november mot Huddersfield. Før runda var dei berre tre poeng over nedrykksstreken og med formkurva dei viser kan det fort lyse raudt i løpet av kort tid. Har henta Cody Drameh på lån frå Leeds og Tommy Doyle på lån frå Manchester City i håp om å betre resultata. Det positive er jo at James Collins har funne nettmaskene i det siste. Signeringa frå Luton brukte lang tid etter overgangen i sommar men har to på sine siste tre no. Det trengs då Kieffer Moore ikkje er i nærleiken av skåringsformen han hadde i fjor.
Nottingham Forest dura vidare under Steve Cooper. Dei fekk behalde Brian Clough trofeet ei stund til etter 2-1 sigeren over Derby sist helg før dei varta opp med ein solid 3-0 siger over Barnsley i midtveka. Lewis Grabban har vore helten både i derbyet og FA-cupen mot Arsenal, men mot Barnsley kom nysigneringa Keinan Davies på skåringslista og. Det same gjorde den brennheite Brennan Johnson som og skåra mot Derby. Forest har avslått fleire bud på storspelaren denne veka og det virka som om han blir verande ut sesongen, minst. Ein annan heit spelar er Djed Spence. Han hadde ein utruleg målgjevande sist og segla fram som årets høgreback slik som han spela no. Det er utruleg å tenke på at Middlesbrough lot han gå på lån til ein konkurrent. Tar Forest sin fjerde siger på rad vil dei ta seg opp på playoff for første gang denne sesongen. Det vil ikkje overraske om dei då blir verande der. Gledeleg for Forest at Max Lowe er tilbake frå skade. Med han og Spence på kvar si side kan det blei tøffe forhold for motstandarlaga.
Mogleg lagoppstilling:Cardiff City:Smithies; McGuinness, Flint, Morrison; Drameh, Doyle, Pack, Vaulks, Ng; Collins, WattersNottingham Forest:Samba; Yates, Cook, McKenna; Spence, Garner, Colback, Lowe; Johnson, Grabban; Davis
Odds, Norsk Tipping:H: 2.85
U:3.00
B: 2.40