More

    Dei skjelv i boksa no, Premier League

    Dei skjelv i boksa no, Premier League.
    I kjølevatnet av det famøse forsøket på oppretting av Superligaen har det skjedd noko i England. Myndigheitene meldte seg på, den resterande fotballfamilien sa i frå. Myndigheitene sette i gang eit utval som skulle jobbe fram punkter for å få fotballen tilbake til folket.
    For ei veke sidan kom det 162 sider lange dokumentet kalla «fan led review» ut. Skulle den lange lista med særs gode forslag bere frukter, så har fotballen i England ei langt lysare framtid enn kva man ellers kan vente seg. FLR som eg heretter kalla den har blitt til gjennom grundig gjennomgang og høyring frå fleire hundre fans og fansgrupperingar, i tillegg til ansatte og ledarar i klubb og liga. Først og fremst kjem det fram at finansielt er fotballen i England i fritt fall. Dei meina og at fotballens sjølvreguleringspolitikk ikkje fungere. I praksis betyr det at FA overlet styringa til ligamyndigheitene som igjen, på ein måte, er eigd og styrt av klubbane. Det er som å la barnet ditt velje om dei vil ha salat eller sjokolade til middag kvar dag.
    For å stoppe dette blir det anbefalt at man opprette ein uavhengig regulator for engelsk fotball. Det vil vere et uavhengig organ med myndigheit til å overvake klubbens økonomi i sanntid og implementere eit klubblisenssystem. Den vil kunne kreve informasjon frå klubbar, vurdere etterlevelse, sette i gang undersøking og utstede sanksjonar. Det er ønskeleg at IREF (Som dette vil bli kalla) skal bli oppretta ved lov.
    FLR anbefala at IREF skal regulere fotballfinansen. Blant anna ved å kontrollere kor mykje ein eigar kan tilføre klubben, og at det her bør tas hensyn til konkurranseevna til heile ligaen. Dette er eit svært komplisert punkt i rapporten, og det er vanskeleg å tolke alt som står der, men blant anna blir det uttalt at fallskjermutbetalingane ved nedrykk er svært uheldig, utan at det står noko om at det bør fjernast. Dei seier i staden for at myndigheitene har frist til slutten av året til å komme fram med ei betre ordning for økonomisk fordeling nedover pyramiden, før IREF vil tre inn.
    Eit anna punkt i rapporten er den nye anbefalte «fit and propper» testen. Alle vi som har følgt engelsk fotball nokre år veit at den ikkje er verdt papiret det er skreve ned på. Diverre har klubbar som Bury, Oldham, Portsmouth, Wimbledon med fleire fått merke dette på den skikkeleg harde måten. Det blir anbefalt at det kjem ein ny test som skal erstatte dei tre eksisterande som finst (FA`s test, PL`s test og EFL sin test) og den nye testen skal vere for eigarar med over 25% eigarskap. I tillegg vil dei bli pålagt å sende inn ein forretningsplan, framlegge bevis på tre års finansiering, økonomiske anslag og foreslått styringsstruktur. IREF vil også kunne vurdere søkarens karakter. Straffesaker vil då bli vurdert (Hei Newcastle) men også mindre saker som vil sette søkar i dårleg lys. Eigar må også kunne bestå denne nye «fit and propper»- testen på nytt kvart tredje år. Eksisterande eigarar som mislykkast vil sannsynligvis bli fråtatt klubblisensen til å styre i sin liga.
    Rapporten går deretter vidare til eit kapittel om eigarstyre og klubbledelse. Dei meina ein ny «Code for football Governance» bør opprettast som ein veiledning for eksisterande fotballmyndigheiter. Dette er eit kapittel som handla meir om korleis klubbane bør styrast, kommunikasjon og økonomisk openheit med meir.
    Noko som er eit litt meir spennande forslag er «skyggestyre». På grunn av den stadig aukande avstanden mellom klubb og fans er det eit forslag om at kvar klubb skal måtte ha eit skyggestyre som består av 5-12 støttespelarar, eller fans om du vil, med mandat til å diskutere det som omhandla forretningsplan, spørsmål om vidare klubbdrift, stadion, kommersielle ting med meir. Det blir anbefalt at klubbane skal måtte møte skyggestyret fire ganga årlig.
    Vidare til neste spennande punkt. Golden Share. Det blir anbefalt ein oppretting av Golden Share, som vil beskytte klubbens arv. Det vil sei at om klubben ønskjer å endre draktfarge, endre klubbnavn eller la oss ta noko så utenkeleg som å flytte ein klubb til ein anna by, så må denne gruppa i Golden Share tillate det. Tenk om den regelen var på plass tidlegare hæ, Wimbledon?
    Klubben må gje beskjed om ønska endring 45 dagar i forvegen slik at Golden Share-gruppa kan diskutere dette med supportergruppene. Det vil også vere eit utvalg i IREF som vil kunne gå inn i eventuell ankesak.
    Vidare i rapporten blir det anbefalt at Premier League-klubbane skal betale 10% avgift på spelarkjøp enten frå utlandet eller innad i Premier League (Kjøp frå EFL sjølvsagt ekskludert då pengane uansett havna nedover i pyramiden) Rapporten seie at dette vil gi 160 millionar pund ekstra nedover i pyramiden. Det blir vidare foreslått at det skal vere ein fast klausul i spelarkontrakt som gir økt lønn ved opprykk og tilsvarande redusert lønn ved nedrykk. Kvifor dette ikkje allereie er på plass har eg vanskar med å forstå.
    Rapporten har også eit emne knytt til kvinnefotball som går på betring av fasilitet, samanslåing med herrelag, kommersielle avtalar med meir. Rapporten meina det bør vere ein eigen gjennomgang for kvinnene for å gi dei betre vilkår.
    Til slutt er det eit punkt som går på spelarvelferd. Det blir rapportert om eit ekstremt høgt tal spelarar som blir kasta ut frå akademia til dei største klubbane, utan noko støtte eller oppfølging i ettertid. Rapporten viser til tal rundt sjølvmord og generell psykisk helse i etterkant og at det her må på plass eit system som fanga opp alle. 
    Dette er ein flott rapport, og med flotte forslag til endring. Endring som kan redde engelsk fotball. Det er uansett vanskeleg å sjå at alt eller størsteparten av dette får gjennomslag etter at Premier League-klubbane har forsøkt reve opp, endra og utvatna IREF. Hei på deg, lobbyjobb. Vi har denne veka sett både Aston Villa, Leeds United og andre uttale seg negativt om denne rapporten. Dei har valt ei oss mot dei haldning. Det er typisk for dagens fotball at klubbar som nettopp har vert utanfor pengegaloppen i Premier League, no gjer alt for å bevare denne pengegaloppen sjølve. Trist er det og.
    Men noko må skje. Og noko vil skje. Så får vi vente i spenning på kva som blir det endelege utfallet. Er det for seint, eller er det akkurat tidsnok for å snu eit system som no handlar meir om pengar enn sporten vi er så glad i?
    Kanskje var den famøse Superligaen det som til slutt redda fotballpyramiden i England?

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen