Peterborough-eigar Darragh MacAnthony kom søndag kveld med beskjeden om at Darren Ferguson, son av Sir Alex, har trekt seg frå jobben som manager for Peterborough.
Tapet mot Derby County på laurdag gjer at Peterborough no er fem poeng frå trygg plass og står utan siger sidan 11 desember.
Ferguson gav beskjed om avskjeden på telefonsamtale med MacAnthony søndag.
Over fleire perioder i klubben har Ferguson rykka opp med The Posh heile fire gangar. Han var også manager for klubben då dei frå 2007-2009 rykka opp frå League Two til Championship i løpet av to sesongar.
Dermed er både Reading og Peterborough på managerjakt.