Helgas runde tjuvstarta med Coventry-Peterborough og WBA-QPR på fredagskvelden. Der bøy Coventry nok ein gang opp til dans mot ligaens svakaste bortelag. Svensken Viktor Gyokeres noterte seg for sitt sjette og sjuande mål på sesongens ni første kampar, i det som til slutt blei ein enkel 3-0 siger. Heimelaget gikk ut av stadionportane på tabelltopp og hadde nok eit lite håp om at den skulle vare fram til lørdag. Men WBA snudde kampen mot QPR det siste kvarteret. Andre Gray sendte QPR i føringa etter berre eit minutt, og bortelaget holdt stand på imponerande vis fram til det 75 minutt. Då bestemte keeper Seny Dieng å rote inn eit enkelt skot fra Karlan Grant. Samme Grant fikk ein ny gavepakke tre minutt før slutt når innbyttar Lyndon Dykes rota vekk ballen på midtstreken. Aleine med keeper var Grant sikker og dermed blei det 2-1 siger og tabelltopp på WBA.
I dag kan både Bournemouth og Fulham overta tabelltoppen om det blir tre poeng.
Reading-Middlesbrough
Runda starta 13.30 med tv-kampen på Madejski Stadium. Reading var høgt oppe etter den meget imponerande bortesigeren mot Fulham forrige helg. Like høgt oppe var dei ikkje denne veka når nyheten om mulig poengtrekk kom ut. Det blir spennande å sjå korleis dette påverka Reading i dag. Dei møter i dag eit lag som har variert veldig fra kamp til kamp. Middlesbrough gjer det betre på bortebane enn heimebane i år, noko som gjer denne kampen veldig åpen. Ovie Ejaria kom endelig i gang forrige helg med sine to første mål for sesongen og kan fort bli den avgjerande mannen i dag også. Middlesbrough som gav fra seg tre poeng heime mot Blackpool sist må få i gang angrepsrekka si snart. Den skal egentlig kunne skape problem for dei fleste, men har til no vært særs skuffande.
Bournemouth-Luton
I dagens andre tv-kamp tar heimelaget tabelltopp med siger, og det vil overraske stort om ikkje nettopp det skjer. Scott Parker sitt mannskap har levert ein rekke strålande kampar den siste tida, og har fleire formspelarar i Anthony, Solanke og Billing. Luton har ein tendens til å gjere ting veldig spennande. I to bortekampar på rad sikra dei seg uavgjort på overtid, mens dei forrige helg gikk fra 3-0 til 3-3 mot Swansea. Veit aldri kva man får fra laget til Nathan Jones.
Bristol City-Fulham
Fulham, fra kalassifra mot sterke lag til tap mot henholdsvis Blackpool og Reading. Fortsatt litt rusk i maskineriet til Marco Silva sitt mannskap, men på sitt beste er det ingen som kan stoppe Mitrovic og co. Har likt seg på bortebane og vant seinast 4-1 mot Birmingham. Har eit arsenal av angrepsspelarar som fort kan gi dei fem i forsvaret til Bristol City trøbbel. Urokråka Chris Martin har endelig begynt å vise prov på gammal klasse igjen, og kanskje skal han straffe ein av sine gamle klubbar.
Birmingham-Preston
Lee Bowyer sitt mannskap kom ut fra startblokkene på imponerande vis. Men har fått to tøffe tap på rad no med kalastap heime mot Fulham, etterfulgt av kalastap borte mot Peterborough. Har enda ikkje fått i gang Troy Deeney og må i dag klare seg utan Gary Gardner som fikk rødt kort sist. Preston på si side har etter mykje om og men funne formen. Dei viste igjen at dei er eit bra lag i 0-0 kampen mot WBA. Det kan fort bli ein krigekamp der ein enkel feil eller eit enkelt mesterstykke avgjer.
Blackburn-Cardiff
Heimelaget står berre med eit tap på dei første åtte kampane. Berre WBA er betre der. Har vist seg som eit veldig solid lag denne sesongen, og spelar kun jevne kampar. Har gjort det bra heime på Ewood Park. Dette er ein kamp mellom to lag som har luftstyrke som sin forse. Cardiff må snart få i gang Kieffer Moore, for dei kan ikkje belage seg på at midstopparane skal skåre alle måla denne sesongen. Ein kamp som skriker lite mål.
Blackpool-Barnsley
Blackpool har to svært sterke sigre til no i sesongen, men bortsett fra dette har dei også vist nedrykkstakter. 0-3 heime mot Huddersfield etterfulgt av 2-1 siger borte mot Middlesbrough. På papiret er bortelaget favoritt her, sjølv om resultata til no i sesongen har uteblitt. Fem uavgjorte kampar vitnar uansett om eit lag som er vanskelige å slå. Venta litt på at det skal løsne offensivt for Woodrow og co. Kanskje skjer det mot eit litt varierande forsvar her.
Nottingham Forest-Millwall
Utan Chris Hughton blei det endeleg sesongens første siger for Forest. Sterke 2-0 borte mot Huddersfield var vel nok eit bevis på at man underpresterer om manageren har mista garderoba litt. Inn har Steve Cooper komt og det bør gi umiddelbar suksess. Har ein spelestil som bør passe dette mannskapet. Vi etterlyste Lewis Grabban før siste runde og han leverte umiddelbart. Blir spennande å sjå kor mykje innflytelse Cooper har fått på ei veke. Millwall er eit lag som er vanskeleg å bryte ned. Fem uavgjorte på sesongens første åtte viser nettopp det. Skårar lite mål men slepper også inn relativt lite. Er litt tamt rundt Millwall om dagen. Treng nokre positive resultat om dette ikkje skal bli ein sesongen i ingenmannsland.
Sheffield United-Derby
Opprykkskandidaten Sheffield United har verkeleg begynt å få sving på det. Laget som knapt fant veien til mål dei første fem kampane, har skåra 11 mål på dei tre siste. Dette har resultert i 2 sigre og ein uavgjort. Billy Sharp feira sin 300 kamp med mål forrige helg, og er nok lysten på nye mål i dag. Møter Derby som til tross for nyheten om administrasjon og mange minuspoeng vant over Stoke sist. Med ti poeng på første kampane såg det jo nokså bra ut for Wayne Rooney og co, men med mulige 21 minuspoeng blir dette ein sesong som berre kan ende i nedrykk. Vil overraske stort om dei får med seg noko herfra.
Stoke-Hull
Forferdelig prestasjon borte mot Derby forrige helg, men slo tilbake med sterk 3-1 siger mot Watford i ligacupen i midtveka. Leo Østigård har ikkje vært like imponerande i Stoke som han var i Coventry, og det er bakover dei må forbetre seg om det skal bli opprykk i år. Ligger uansett på playoff utan å ha imponert særlig. Men mot Hull bør det bli tre nye poeng. Hull ligger i botn av tabellen og det er mykje som tyder på at dei blir værande der. Skåra ikkje mål og då blir det vanskelig å vinne fotballkampar.
Swansea-Huddersfield
Manager Russell Martin blei hudfletta etter dei første 45 mot Luton sist. Fikk ein etterlengta opptur når dei henta opp 0-3. Er det endelig løsna for han no? Treng ein heimesiger snart og kanskje er det mot Huddersfield Michael Obafemi åpna skåringskontoen. Huddersfield har til tross for 0-2 heime mot Forest sist, hatt ein imponerande start. På sitt beste, og mot eit lag som vil kontrollere ballinnehavet kan det være duka for store kontringsrom. Det pleie å passe Huddersfield bra. Skal ikkje sjå bort i frå at romma vingbackane til Swansea etterlate seg vil passe Sorba Thomas, Josh Koroma og Danel Sinani veldig bra. Her blir det fugl eller fisk.