More

    Coventry slo tilbake, og Hull vant endelig

    Etter WBA sitt tap på fredag var det mulighet for Bournemouth til å ta tabelltoppen. Slik gikk det i dei 11 kampane på lørdag. 

    Coventry 4-1 Fulham
    Det var knytta stor spenning til korleis Coventry skulle slå tilbake fra 0-5 i midtveka. Det såg derimot ut til at det skulle bli årets første poengtap på heimebane når Fulham gikk til pause med 0-1. Kyle McFadzean stange uheldigvis ballen i eige nett etter corner. I ein ellers jevn førsteomgang skjedde det nokså lite, men i andreomgang skulle det eksplodere skikkelig, og nok ein gang med ein svenske i hovedrolla. Callum O`Hare utnytta at Fulham rota det skikkelig til for seg sjølv utanfor eigen sekstenmeter og var plutselig aleine med keeper. Uselvisk sendte han ballen til lagets toppskårar Viktor Gyokeres som enkelte trilla ballen i mål. Og berre seks minutt ut i omgangen var kampen snudd når Matt Godden trilla straffespark i mål. Mange hadde nok forventa eit stormløp fra Fulham no, men dei kom aldri til hektene igjen. Istedenfor var det Coventry for alle penga resten av omgangen. Ian Maatsen på lån fra Chelsea fikk sitt første mål for Coventry med eit fantastisk treff fra hjørnet av sekstenmeteren. Etter 70 minutt hadde Gyokeres og Coventry satt nummer fire for kvelden. Ein fantastisk pasningen gjennom til Gyokeres som enkelt kunne skli inn sitt 9.mål for sesongen. Coventry slo skikkelig tilbake, mens Fulham viser svakhetsteikn oftare og oftare no. 
    Barnsley 0-1 Millwall
    Ein Wallace blei einaste målskårar i ein Millwall-kamp for andre gang på fem dagar. I eit ufyselig regnvær på Oakwell. Godeste Murray Wallace hadde ein enorm sjanse tidlig i kampen, men avslutning på blankt mål fra to meter gikk utanfor. Barnsley hadde og sine store sjansar i ein kamp som var jevn og tett i samtlege 90 minutt. Men to minutt før full tid skulle matchvinnaren fra midtveka Jed Wallace finne sin navnebror Murray Wallace. Ein perfekt slått corner landa på hovudet til Wallace og dermed stakk Millwall av med sin andre 1-0 siger på få dagar. Viktige poeng for bortelaget. Barnsley under streken. 
    Birmingham 0-3 Nottingham Forest
    Birmingham sin vonde trend fortsetter, og står etter denne kampen med fem strake tap. Lee Bowyer og co starta kampen best og berre uflaks gjorde at ballen gikk i stanga istedenfor i mål. Uheldigvis for eit lag i motgang så skal det ofte berre ein moglegheit til før den sitte andre vegen. Lewis Grabban fikk ballen på midtstreken, kunne avansere uforhindra heilt fram til 20 meter og fyrte av eit prosjektil som gikk rett i krysset. Igjen skulle avslutning til i stolpen fra heimelaget føre til mål for bortelaget. Corner til Birmingham og heading i stolpen, corner til Forest og heading fra Ryan Yates i mål. Birmingham fortsatte å prøve seg i starten av andreomgang men blei hardt straffa igjen av bortelaget. Ei glimrande kontring der Philip Zinckernagel med sin andre assist for dagen, spelte gjennom Djed Spence som banka inn 3-0. Nok ein bortefest for Forest under deira nye manager. Lee Bowyer og Birmingham snakka ikkje like høgt om opprykk no. 
    Blackpool 2-1 Blackburn
    Blackpool er i form og det fikk dei vist til gang dei første 25 minutta av denne kampen. Allereie etter fire minutt hadde Shayne Lavery gjort det igjen med ei avslutning som etterkvart spratt i mål. Etter halvspelt førsteomgang stod det 2-0 til Blackpool når Jerry Yates heada inn ein retur fra to meter. Blackburn reduserte berre fem minutt ut i andreomgang ved Ben Brereton som ekspederte eit langt innlegg i mål med venstrefoten sin. Det blei eit massivt press mot Blackpool-målet mot slutten, men heimelaget holdt unna og sikra seg tre nye og viktige poeng. 15 poeng smaka godt inn i ny landslagspause for det nyopprykka laget. 
    Bournemouth 2-1 Sheffield United
    Vi hoppa rett til andreomgang i denne, for sjølv om Bournemouth styrte det meste første 45, skjedde det relativt lite. Men alt som skjedde skulle skje i løpet av ni små minutt. Først fant Billy Sharp plass på høgresida og fikk lagt inn til Morgan Gibbs-White som banka ballen i krysset fra seks meter. Mange tenkte nok kanskje at panikken skulle bre seg hos heimelaget, men det skjedde ikkje. For få minutt seinare blei Dominic Solanke spelt fri, og etterkvart felt i sekstenmeteren i følge dommaren. Tv-bildene viste at det mest sannsynligvis berre skulle vært frispark. Straffesparket blei uansett iskaldt sendt i mål. Og berre tre minutt seinare hadde Bournemouth snudd kampen. Ryan Christie fant dansken Philip Billing som med sine svære bein kunne skli inn 2-1. Hans sjette mål for sesongen var nok til å sikre sigeren og tabelltopp for Scott Parker sine menn. 
    Cardiff 0-1 Reading 
    1-5, 0-4 og no 0-1 heime mot skadeplaga Reading. i deira femte strake tap. Det er mykje som tyder på at det blir ny manager i Cardiff. I ein kamp der heimelaget hadde kommandoen og dei fleste sjansane så trengte bortelaget berre eit skot på mål for å vinne kampen. Og for å gjere det verre var det ein gammal Cardiff-helt som blei matchvinnar. Junior Hoilett hadde fem sesongar bak seg i klubben før han skifta til Reading i sommar og takka for det gamle ved å banke inn sigersmålet etter 38 minutt. Men Cardiff-fansen til nok gå heim i sjokk over at nokre av sjansane ikkje gikk i mål i dag. Og muligens blei Kieffer Moore snytt for eit straffespark også. Det ville seg uansett ikkje for Mick McCarthy og co. 
    Derby 0-0 Swansea 
    Vi kryssa av eit nytt hardt tilkjempa poeng for kollektivet til Wayne Rooney. Swansea kunne leda med både eit og to mål før pause, men ein god Ryan Allsop forhindra det. I andreomgang var det derimot Derby som var nærast sigersmålet, og særleg trippelsjansen til Tom Lawrence kunne fort fått ei anna skjebne. Heimelaget tar landslagsfri på botn av tabellen og med to poeng. 
    Hull 2-0 Middlesbrough
    Hull sikra seg sin første heimesiger i Championship på 457 dagar. Mostandaren den dagen i 2020? Sjølvsagt var det også Middlesbrough. Om dette var ein statistikk Neil Warnock var klar over før kampstart veit vi ikkje, men dei hadde eit par enorme sjansar til å ta leiinga i denne kampen. Andraz Sporar hadde to enorme sjansar i kvar omgang til å gi bortelaget leiinga, men avslutningane var for dårlige aleine med keeper. I det kampen gikk inn i dei siste minutt virka det egentlig som om begge lag var innstilt på poengdeling, men så kom Hull-flaksen dei sårt trengte. Ei avslutning fra Keane Lewis-Potter traff stolpen, men heldigvis for Hull gikk returen rett i ryggen på Boro-keeper Joe Lumley og i mål. Boro sendte deretter alt opp i håp om utlikning og det førte til Hull-kontring. Mallik Wilks kom seg fri på høgrekanten, finta seg inn i bana og sendte ballen stolpe inn. Jubelscenene i ettertid viste kor mykje dette betydde for Hull, som endeleg kan legge heimebane-spøkelset bak seg. 
    Luton 0-0 Huddersfield
    To lag som kom fra festfotball i mditveka med henholdsvis 5-0 og 3-2. Det var venta at dette skulle igjen bli ein målrik kamp mellom to lag som sjeldan går mållaus av bana. Då er det jo i typisk Championship-stil at denne kampen endte nettopp 0-0, I ein jevn og tett batalje var det faktisk bortelaget som var nærmast dei tre poenga, men litt svake avslutningar fra Danel Sinani og Harry Toffolo øydela for full pott. Skuffande for Luton som man hadde forventa skulle flyte vidare på den offensive utløysninga fra midtveka. 
    Peterborough 2-3 Bristol City
    Peterborough tok kommandoen heime med eit fantastisk mål etter berre 22 minutt. Sammie Szmodics fikk ballen på ca 25 meter og skrudde ballen vakkert inn i lengste hjørnet. Bristol City fikk derimot ikkje panikk av å komme under mot eit godt heimelag. Utlikna var eit faktum etter berre 35 min når Nathan Thompson var uheldig på corner og stanga inn sjølvmål. Fem minutt før pause hadde Bristol City snudd kampen ved hjelp av George Tanner. Ein retur kom ut til Tanner som fra 15 meter styrte ballen i mål. Ein heftig førsteomgang blei derimot avslutta med enda eit mål. To minutt før pause var Szmodics igjen på plass med eit vakkert hodestøt. Andreomgang fortsatte på same måte med sjansar til begge lag, men det var ein gammal ringrev som skulle avgjere denne matchen. Chris Martin har funne tilbake til formen denne hausten, og på typisk spiss-vis sendte han eit skot utagbart ned i venstre hjørne. Peterborough prøvde seg på ein sluttspurt, men det endte med sesongens andre heimetap. Bristol City tok med denne sigeren eit langt steg opp mot playoff igjen. 
    QPR 3-2 Preston
    QPR tok tidlig leiinga i denne kampen ved Lyndon Dykes. Ei rask kontring såg ut til å bli blokkert men fra liggande posisjon fikk Dykes tuppa ballen i mål. Emil Riis Jakobsen ville derimot være med på festen og i duell med QPR-forsvaret fikk han vippa ballen over en utrusande QPR-keeper og i mål. Berre 40 sekund ut i andreomgang var Preston i leiinga. Josh Earl sneik seg inn på bakre stolpe og avslutta eit fantastisk angrep. QPR måtte dermed opp og fram. Den beskjeden tok Jimmy Dunne som tok turen opp i boksen på frispark. Ballen spratt ned i beina på midtstopparen som fikk sneke ballen inn. Etter 75 minutt var snuoperasjonen komplett og heimesigeren i boks. Dykes fant helten fra midtveka, Ilias Chair, som tok seg god tid før han avslutta sikkert som banken. Ein herlig kamp endte dermed opp med tre poeng til QPR som er tilbake på playoff. 

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen