Coventry – West Bromwich
13.30
Viasport 2
Coventry og West Brom møtes til tv-kamp tidleg ettermiddag i det som blir deira første oppgjer sidan 2010. Coventry ligg før kampen på sjetteplass, berre eit poeng bak WBA på fjerdeplass. Vinnaren får iallfall låne tredjeplassen nokre timar eller døgn.
Coventry stod for eit herlig comeback sist serierunde med si opphenting i Bournemouth. Dei såg fortapte ut, men eit raudt kort til heimelaget gav håp om poeng. Matt Godden reduserte før Todd Kane sitt innlegg på overtid gikk rett i mål. 2-2 og full fyr i borteteltet. Det var nok ein boost for eit lag som før den kampen hadde to 0-0 resultat på rappen. Comeback har dei derimot gjort før denne sesongen og seinast mot Bristol for fire serierunde sidan snudde dei 1-2 til 3-2 med ti mann. Matt Godden har vore deira store stjerne den siste tida, i svenske Victor Gyokeres sitt fråvær. Han har ikkje vore skada, men han har plutseleg blitt vaksinert mot skåring. Etter å ha vunne sine seks første heime i Coventry har dei no 1-2-1 på sine fire siste.
WBA har fire kampar utan siger. Dei har berre vunne to av sine siste åtte, mot svake Hull og Bristol City. Tre kampar utan mål no der 0-1 tapet mot Huddersfield blei etterfølgt av to gange 0-0 mot Blackpool og Nottingham. Det spøke faktisk litt for manager Valerien Ismael. Hans lag er kanskje det laget som slepp inn minst mål, men like mange raude kort som skåringar på sine seks siste (to) er ikkje bra nok for eit lag som skulle vere heilt der oppe. Det er ikkje rart om Ismael er litt nervøs før denne kampen. Reise til ein tøff bortekamp med eit poeng på deira fem siste bortekampar er ikkje akkurat noko ein får sjølvtillit av.
Coventry håpar at Michael Rose og Gustavo Hamer er tilbake frå sjukdom. WBA mangla både Jake Livermore og Jayson Molumby som sonar for sine raude kort. Det byr på trøbbel på den sentrale midtbana. Dara O`Shea er tilbake i trening men ikkje klar til denne.
Mogleg lagoppstilling:
Coventry City:Moore; Rose, McFadzean, Hyam; Kane, Hamer, Sheaf, Maatsen; O’Hare; Godden, GyokeresWest Bromwich Albion:Johnstone; Kipre, Bartley, Clarke; Furlong, Phillips, Mowatt, Townsend; Diangana, Grant; Hugill
Resten av kampane laurdag er:
Barnsley – Huddersfield
Blackburn – Preston North End
Blackpool – Luton
Bristol City – Derby
Cardiff – Sheffield United
Middlesbrough – Swansea
Millwall – Birmingham
Nottingham – Peterborough
Reading – Hull
Runda blir avslutta med QPR-Stoke søndag.