Etter 2-3 tapet borte mot Sutton United blei det klart at Hayden Mullins måtte forlate League Two-klubben. Colchester gjekk på sitt femte strake tap og har no gått sju kampar utan siger. Det har ført Colchester nedover tabellen og dei er no berre tre poeng over laga på nedrykksplassane.
Mullins som hadde spelarkarriere i blant anna Crystal Palace, West Ham og Portsmouth fekk dermed berre 295 dagar i sjefsstolen. Assistent Alex Dyer blir også med i dragsuget.
Den tidlegare Colchester-spelaren Wayne Brown tar over laget midlertidig.