I dag kom meldinga om at Charlton har sparka manager Nigel Adkins. Han tok over klubben i mars då Lee Bowyer valte å gå vidare til Birmingham City. Den danske eigaren Thomas Sandgaard har sidan overtakelsen av den skakkøyrde klubben uttalt at dei skal tilbake til Premier League og europeisk fotball i løpet av ti år. Då passa det dårleg med berre to sigre på dei 13 første kampane for sesongen. Charlton tapte på tysdag 2-3 heime mot Accrington Stanley og la seg dermed på ein 22.plass på tabellen i League One.
Klubblegenda Johnnie Jackson tar over som midlertidig manager. Den tidlegare storspelaren er nok lysten på jobben permanent. Mannen som spelte for klubben mellom 2010 og 2018 har hatt fleire roller i klubben sidan han la opp.
Han får ein tøff start som manager med bortekamp mot Sunderland førstkommande laurdag