More

    Charlton avsluttar managerjakta

    Charlton Athletic har endeleg bestemt at Johnnie Jackson får managerjobben på fast basis. Klubblegenda som tok over som midlertidig manager etter Nigel Adkins i oktober har hatt ein imponerande haust.
    Jackson som i si spelarkarriere representerte klubben i 11 år og var kaptein då klubben tok tittelen i League One 2011/12-sesongen har etter karrieren som spelar fungert som assistent for både Lee Bowyer og Nigel Adkins.
    Etter ein forferdeleg start på sesongen valte deira danske eigar, Thomas Sandgaard å kvitte seg med Nigel Adkins. Då låg klubben på 22 plass på tabellen med fire poeng opp til trygg plass. Ni kampar seinare har Jackson ført laget opp til 11 plass og berre åtte poeng bak playoff med deira seks sigre, to uavgjorte og eine tap.
    Etter mykje press frå fans og spelarar blei det til slutt ingen andre som kunne få denne jobben.

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen