Reading 1-0 Middlesbrough
Runda starta 13.30 med tv-kampen på Madejski Stadium. Reading kom fra ein solid siger over Fulham sist. I ein jevn batalje mot Middlesbrough var det nyankomne Alen Halilovic som blei matchvinner. Etter 55 minutt kom sesongens storspelar John Swift seg fri på høgrekanten. Swift fant Halilovic framfor mål som på ein merkverdig måte fikk rota ballen forbi ein forfjamsa Joe Lumley i Boro-målet. Middlesbrough prøvde seg på ein sluttspurt uten at det resulterte i mål, og fem minutt før full tid fikk Matt Crooks rødt kort etter å ha stupt inn i Reading-keeperen med knottane først. Reading tok dermed tre viktige poeng og eit stort steg vekk fra botnen. For Middlesbrough blei den tunge sesongstarten forverra.
Bournemouth 2-1 Luton
I dagens andre tv-kamp var det Bournemouth som hoppa ut fra startblokkene. Allerede etter 17 minutt stod det 1-0 når Phillip Billing fikk ballen servert på sølvfat fra Ryan Christie. Like etter halvtimen var ledelsen dobla og igjen var det Ryan Christie som stod for serveringa. Hans gode innlegg fant Dominic Solanke som enkelt kunne heade inn 2-0. Mange såg for seg ein kamp som var avgjort, men eit sjølvmål fra Lloyd Kelly gjorde det spennande. Luton var det førande laget etter dette og kunne fort fått med seg eit poeng, men Bournemouth klarte nok ein gang å tippe ein jevn kamp til sin favlør. Fire strake sigrar og tabelltopp for laget på sørkysten.
Bristol City 1-1 Fulham
Bristol City holdt unna i ein førsteomgang der ikkje alt for mykje skjedde. Fulham tok meir tak etter pause og allereie etter fem minutt fikk dei betalt. Innbyttar Neeskens Kebano kom seg fri på kant og fikk lagt inn til Harry Wilson som kunne servere den på sølvfat til Mitrovic. Fulham var nære 2-0 ved Harry Wilson men skotet sneia stolpen. Få minutt seinare var det Bristol City sin innbyttar som skulle bidra. Chris Martin sitt skot blei mesterleg redda, men Kasey Palmer var først på returen og utlikna berre tre minutt etter han kom inn. På slutten bølga det fram og tilbake utan at nokon fikk ballen i mål. Nærmast var Mitrovic si avslutning som strauk stolpen. Dermed endte det 1-1 i ein jamn kamp, og Fulham må ta til takke med ein fjerdeplass enn så lenge.
Birmingham 0-0 Preston
Birmingham var ute etter revansj, men fikk det tøft heime mot Preston. Det var nemleg bortelaget som var nærmast mål i denne kampen, og blei også muligens snytt for eit straffespark når Patrick Bauer såg ut til å bli felt i boksen. Men kampen ebba ut med eit kjedelig 0-0 resultat. Akkurat det denne kampen fortjente.
Blackburn 5-1 Cardiff
Blackburn sin gode form fortsatte mot tungtgåande Cardiff. Før halvtimen var spelt stod det nemleg 2-0 til heimelaget. Først var det Sam Gallagher som tok ned eit nydeleg gjennomspel fra John Buckley før han kaldt sette ballen i mål. Like etterpå var det kulthelten Ben Brereton (Eller Diaz som heimefansen kalla han no) som auka til 2-0 på volley. Minutta før pause var overkøyringa komplett. Brereton kom seg fri på venstresida før han sendte ballen like godt i mål sjølv. Laget som også hadde eit stolpetreffe i første omgang starta andreomgang på mesterlig vis Eit mønsterangrep der innlegg blei servert fra Brereton, lagt til rette av Gallagher og avslutta av Tyrhys Dolan. Cardiff fikk like etter eit reduseringsmål, sjølvsagt etter dødball, signert Sean Morrison. Til tross for dette klarte aldri Cardiff å skape spenning på Ewood Park. Istedenfor var det den store helten Brereton sin dag. Han toppa ein fantastisk ettermiddag med hattrick. Få minutt før slutt fikk Rovers straffespark som sjølvsagt Brereton sette i mål. 5-1 og playoff smaka godt. Cardiff derimot, ser unektelig svake ut.
Blackpool 1-0 Barnsley
Ein hektisk men forferdelig førsteomgang hadde i det minste eit lyspunkt for heimelaget. Midtbanespelar Shayne Lavery fikk ballen inne i feltet, og fra litt spiss vinkel fikk han krangla ballen i mål. Barnsley pressa på for eit mål men kvar gang Cauley Woodrow trudde han hadde utlikna blei han stoppa. Chris Maxwell var ein av kampens store spelarar og bidro sterkt til at Blackpool tok ein ny sterk trepoengar. Bloomfield Road er igjen ein hyggeleg plass å være.
Nottingham Forest 1-1 Millwall
Steve Cooper sitt mannskap fløy ut av blokkene på City Ground, og berre ein god bortekeeper hindra Lewis Grabban før Grabban etterkvart måtte ut med skade. Like etter var det imidlertidig Matt Smith og bortelaget som tok leiinga. Den store spissen fikk fritt spelerom og heada kontant inn 0-1. Steve Cooper ba nok om litt hjelp i pausen, og fikk det. Max Lowe skulle egentlig slå eit innlegg men innlegget traff stolpen før ballen sneik seg inn i mål. Så mykje meir skjedde egentlig ikkje og kampen ebba ut med 1-1. Det er fortsatt ein del å jobbe med for Cooper, men i det minste fikk heimefansen oppleve at laget tok med seg eit poeng, for første gang denne sesongen.
Sheffield United 1-0 Derby
Eit heimelag på vei mot storformen mot eit lag i krise utanfor bana. Det var knytta stor spenning til korleis Derby skulle motivere seg til kamp etter poengtrekk denne veka. Bortelaget var derimot i krigshumør og Phil Jagielka var nære ved å gi Derby leiinga mot laget han spelte for seinast i vår. Uheldigvis for han traff avslutninga hans metallet. Kvarteret ut i andre omgang blei det tøft for Derby når keeper Kelle Roos fikk rødt kort. Han var altfor seint ute i duell med Billy Sharp som var på vei igjennom. Sheffield United pressa på for mål utan resultat, og i det klokka tikka 90 minutt såg dette ut til å gå med eit skuffande resultat. Istedenfor fikk dei ei hjelpande hånd fra Curtis Davies som handsa i feltet og dermed straffespark for heimelaget. Billy Sharp som bomma på straffespark i forrige runde gjorde seg klar, og var denne gangen sikker som banken. Tre nye poeng til Sheffield United som fortsetter klatringa. Derby på si side vil nok sjå tilbake på denne veka som nitrist.
Stoke 2-0 Hull
Det var venta ein grei heimesiger her, og det blei det til slutt. Men Hull starta klart best og burde etter halvtime vært i føringa, for både Tyler Smith og Lewie Coyle hadde to svære sjansar for bortelaget. Men som ofte før med lag i motgang så kom det eit mål i mot. Tidligare Norwich-spelar Mario Vrancic blei spelt igjennom, vendte vekk to Hull-spelarar før han banka ballen i mål. Etter 60 minutt var kampen egentlig avgjort. Nick Powell banka inn eit frispark fra 30 meter og etter det var Hull i realiteten aldri i nærheten av poeng. Ein trygg 2-0 siger til Stoke, og bortsatt sumpa for eit Hull-lag som ikkje makta å finne vegen til nettmaskene.
Swansea 1-0 Huddersfield
Det var tydelig at Swansea fikk tilbake trua på seg sjølv etter comebacket forrige veke. Dei starta kampen mot Huddersfield sterkt og fikk betalt etter knappe kvarteret. Jamie Paterson spelte igjennom Joel Piroe som avslutta glimrande. Piroe var kampens store spelar og hadde fleire sjansar til å auke leiinga for heimelaget, men ein god bortekeeper i Lee Nicholls var som oftast i vegen. Huddersfield heva seg litt i andre omgang men alt i alt blei det ein fortjent siger til Swansea. Og sesongens første heimesiger for manager Russell Martin. Det kan han takke Piroe for, som har stått for fem av dei åtte måla til Swansea denne sesongen.