More

    Championship laurdag

    Huddersfield og Stoke delta poenga i Yorkshire fredag kveld. Det er dermed fleire lag som er på skuddhold om den siste playoff-plassen som Huddersfield enn så lenge innehar. Ni deilige kampar venta denne laurdagen, før runda blir avslutta med Derby-Birmingham og Cardiff-Nottingham Forest søndag. 
    Fulham – Blackpool: Tv-kampen frå 16.00-runda byr på storskårarane frå London vs overraskinga frå badebyen Blackpool.
    Fulham har skåra 22 mål på sine fire siste kampar. Dermed har dei henta seg inn igjen etter problema før jul. Dei to siste heimekampane har begge enda med 6-2 siger mot Birmingham City og Bristol City. Eit nytt lag på B står for tur no. Det kan vel umogleg skje igjen? Nokre lar seg uro over baklengsmåla, og tar man med sist bortekamp så har dei seks baklengs på tre siste. Men sjølv bortekampen enda med siger då Rodrigo Muniz og Bobby Decordova-Reid skåra i sigeren mot Stoke. Dei erstatta Mitrovic og Wilson som begge stod over og gjorde det særs godt i deira fråvær. Mest sannsynleg er dei begge tilbake her. Mitrovic sine 27 mål i sesongen har vi skreve nok om for ei stund. Man kan heller nemne Fabio Carvalho som står med fire mål på tre siste. Den enormt talentfulle ungguten er ettertrakta og viser kvifor.
    Blackpool kjem nok til denne kampen med sjølvtillit. Ikkje nok med at dei vann det motsatte oppgjeret på Bloomfield Road i haust så står laget med to strake 1-0 sigre på rappen, riktignok begge på heimebane. Sist var det haustens store spelar for klubben, Shayne Lavery som senka Millwall. Har i tillegg henta inn Jake Beesley frå Rochdale, Owen Dale frå Crewe og Charlie Kirk på lån frå Charlton. Sistnemnte ein som har spelt under manager Neil Critchley før. Med åtte poeng opp til playoff skal det mykje til for at Blackpool blanda seg inn i den kampen igjen, men mykje tyder på at returen til Championship blir ein suksess. Spelar utan noko å tape resten av sesongen.
    Mogleg lagoppstilling:
    Fulham:Rodak; Odoi, Adarabioyo, Ream, Bryan; Cairney, Reed; Kebano, Carvalho, Wilson; Mitrovic
    Blackpool:Grimshaw; Sterling, Ekpiteta, Keogh, Lawrence-Gabriel; Bowler, Connolly, Dougall, Hamilton; Madine, Lavery
    Odds, Norsk Tipping:H:1.27
    U:5.20
    B:8.00
    Peterborough – Sheffield United: Kveldskamp frå ABAX Stadium eller London Road som dei eldre vil kalle den. I fjor var det League One og Premier League på desse to laga, men denne kvelden er det to lag som sårt treng poeng i Championship som møtes.
    Peterborough har vore eit av nedrykkslaga so og sei heile sesongen, men hadde sjansen til å komme a-poeng med Reading som innehar siste trygge plass, men 2-0 leiinga som spissane Jack Marriott og Jonson Clarke-Harris hadde skaffa blei eten opp i sluttminutta. Dermed er bortestatistikken 1-1-12 for Posh. Dei har tidlegare i sesongen tatt poenga sine på heimebane og står der med 2-2-2 på sine seks siste. Det er kanskje der håpet for Darren Ferguson og co ligge. I 2-2 kampen mot Birmingham mangla Siriki Dembele som er høgaktuell for overgang til Bournemouth. Det er eit tap for klubben, men han skulle eigentleg ha reist allereie sommaren som var.
    Sheffield United har igjen vist ustabil form, akkurat i det mange trudde at Paul Heckingbottom hadde stabilisert skuta litt. Den lange pausen etter bortesigeren mot Fulham øydela nok mykje av rytmen. Sjølv om dei storspelte i sist heimekamp mot Luton var det verre med dei to siste bortekampane. Først blei det 0-2 mot Derby før dei i runda etter gav frå seg 2-0 leiing mot Preston sine ti menn. Sheffield United kan iallfall glede seg over at Rhian Brewster har funne nettmaskene igjen. Han fekk sjansen frå start etter ein god kamp for u23-laget til Sheffield United. Han takka for tilliten med å gje vertane leiinga sist. Sander Berge fekk 20 minutt i den kampen og nærma seg sakte men sikkert ein startplass. Sheffield United har god los på playoff om dei vinn hengekampane sine, men då må det vere fult fokus i 90 her.
    Mogleg lagoppstilling:
    Peterborough United:Benda; Knight, Edwards, Beevers; Mumba, Taylor, Norburn, Burrows; Grant; Morton, Clarke-Harris
    Sheffield United:
    Davies; Basham, Egan, Robinson; Bogle, Hourihane, Norwood, Berge, Norrington-Davies; McGoldrick, Brewster
    Odds, Norsk Tipping:H: 3.60
    U: 3.45
    B: 1.87
    Resten av 16.00-runda.

    Barnsley – Bournemouth: Fortapte Barnsley får ei ny tøff oppgåve her. 0-3 tapet for Forest i midtveka betyr at det no er elleve kampar sidan førre siger. Har derimot spelt uavgjort mot Huddersfield og WBA i sine to siste heimekampar, sjølv om det er ei stund sidan no. To siste heime på Oakwell har nemleg blitt utsatt grunna korona. Bournemouth gjekk på eit nytt tungt nederlag då Hull vann 1-0 på sørkysten. Dermed har Scott Parker sine menn berre vunne to av sine siste ti kampar. Det er langt unna det laget som gjekk 15 kampar utan tap i starten av sesongen. Er no tre poeng unna direkte opprykk.
    Hull – Swansea: Ny eigar og dermed var det slutt for Grant McCann sjølv etter siger mot både Blackburn og Bournemouth den siste veka. Shota Arveladze er ny manager og optimismen bør uansett vere på plass rundt klubben. Ryan Longmann i vanvittig form. Vingbacken med fire mål og fire målgjevande på elleve siste kampar. Tar opp kampen med George Honeymann om årets spelar. Swansea hadde tre tap på rappen før dei har henta seg litt inn igjen. To sterke uavgjort borte mot Huddersfield og QPR samt ein 1-0 siger over Preston innimellom. Har derimot slitt litt med å finne nettmaskene siste kampane.
    Luton – Blackburn: Luton kriga bokstaveleg talt inn 2-1 skåringa som gav tre poeng mot Bristol City i midtveka. Det hadde vore litt typisk å gitt frå seg poeng i ein slik kamp. Då var det meir imponerande det dei viste i 3-2 sigeren over Bournemouth i heimekampen før. Møter her eit Blackburn som slit med skader og tunge fråvær. Både Tyrhys Dolan og Harry Pickering er ute i denne kampen. Blackburn imponerte derimot stort med eit redusert mannskap mot Middlesbrough på måndag. Sam Gallagher erstatta Brereton Diaz og takka for tilliten med å banke inn sigersmålet. Direkte opprykk og dette kan gå.
    Middlesbrough – Coventry: Boro skuffa i 0-1 tapet mot Blackburn sist, men kan sjå tilbake på ei fin rekke på sju kampar utan tap før det. Seks sigre og ein uavgjort blei fasit for Chris Wilder. Andraz Sporar og Aaron Connolly fekk det ikkje til å stemme I sin første kamp på topp i lag. Får ein ny moglegheit her. For Coventry var det endeleg nettsus for Victor Gyokeres igjen. Han blei matchvinnar mot Stoke og kunne endeleg legge den 14 kampar lange måltørka bak seg. Coventry med to sigre og eit tap på sine tre siste og har blanda seg inn i kampen om playoff igjen. Ian Maatsen tilbake her, ein mann som har vore sakna den siste tida.   
    Millwall – West Bromwich: Tre strake tap i starten av nyåret for Gary Rowett og Millwall. To siste utan nettsus og. Møter her eit anna lag som har store problem med både nettsus og poeng. 0-2 heime mot Preston i midtveka verkar på mange som starten på slutten for manager Valérien Ismaël. Tap her og det er fort over. Tre sigre på siste tolv er ikkje bra nok. Særleg sidan to av dei er mot botnlaga Hull og Peterborough. To mål på sine siste sju bortekampar. Begge kom i den eine sigeren mot Coventry. Det må snu, og det fort. Med nysigneringa Daryl Dike ut med skade i første kamp blei Andy Carroll henta inn denne veka. Er det han som skal snu trenden. Imponerte stort i Reading. 
    Preston North End – Bristol City: Preston elskar midtvekekamp under flomlyset. Har vunne sine fire siste bortekampar som er spelt midt I veka. 2-0 sigeren mot WBA var av det imponerande slaget. Kjekt var det for Emil Riis Jakobsen å skåre igjen, men enda kjekkare var det nok for Cameron Archer. Kom inn til sin debut for klubben etter låneovergangen frå Aston Villa. Ti minutt seinare jubla han over skåring mot hatklubben til Aston Villa. Bristol City var nær poeng borte mot Luton sist, men slit med å få med seg noko frå bortebane. Må tilbake til starten av oktober for å finne siste bortesiger. Då var det Chris Martin som sikra 3-2 mot Peterborough. Martin er i form igjen og skåra to i sist heimesiger over Cardiff. Det same er Andreas Weimann og dei to kan fort skape problem her.
    Queens Park Rangers – Reading: Skuffande 0-0 mot Swansea for QPR i midtveka. Hadde fire strake sigre på rappen og kunne fort kjempa for seks strake om det ikkje hadde blitt smultring der. Oppgjeret i haust enda 3-3 i ein forrykande kamp. Det er jo mogleg at det kan skje noko liknande her. Reading kjem jo tross alt frå ein 3-4 kamp mot Huddersfield. Lucas João endeleg tilbake for Reading og skåra sist. Han kan bli viktig i kampen om å sikre seg ein ny sesong i Championship. Men først må dei stoppe formlaget QPR.

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen