Bristol City – Millwall: Det er ikkje enkelt for Nigel Pearson og Bristol City om dagen. Dei avslutta året med eit blytungt resultat heime mot QPR. Etter den tidlege leiinga rakna det etter kvart for laget som først fekk straffe imot etter 45 min, eit håplaust raudt kort på Andy King etter timen og for å toppe det heile mista dei det eine poenget langt inne på overtid. Dermed har dei null poeng på sine to heimekampar i jula og dette er siste moglegheit heime på Ashton Gate før det venta fire tøffe bortekampar. Blir det tap her er eg stygt redd for at laget må på managerjakt. Med 18 plass og er ein siste halvdel av sesongen i ingenmannsland det aller beste dei kan håpe på. Millwall kom tilbake i kampmodus igjen etter mykje smitte i troppen dei siste vekene. Dei avslutta året med ein råsterk bortesiger mot Coventry. Tom Bradshaw blei matchvinnar med sitt sjette mål for sesongen. Gary Rowett har nok enda fleire tilbake her og med nok ein siger kan dei vere enda nærare playoff.
Odds, Norsk TippingH: 2.75
U: 3.10
B: 2.40
Birmingham – QPR: Heimelaget har ikkje spelt kamp i jula. Deira siste kamp var det stygge 0-4 tapet borte mot Blackburn Rovers helga før jul. Lee Bowyer sitt mannskap avslutta dermed året trist. Hausten som starta så bra har etter kvart blitt ustabil og tung. Men til tross for berre ein siger dei siste sju har dei gjort det bra heime på St.Andrews. Der har dei 3-1-1 på sine fem siste. Det burde vore ein siger til men sist gang dei var der gav dei frå seg 2-0 leiing i 2.omgang. QPR fekk spelt to kampar i jula med blanda resultat. Først var dei tamme i heimekampen mot Bournemouth og tapte fortent. I årets siste kamp kom dei veldig skeivt ut men Stefan Johansen ordna utvisning for motstandar Bristol City før han slo den avgjerande corneren som Yoann Barbet stanga inn på overtid. Med den sigeren ligg QPR berre poenget bak playoff, med både ein og to kampar til gode på laget framfor seg. Har ikkje tapt på bortebane sidan oktober.
Odds, Norsk TippingH: 2.45
U: 3.00
B: 2.70
Blackburn – Huddersfield: Seks sigre på rad for Rovers no. Dei måtte jobbe ekstra hardt for det i fjorårets siste kamp men igjen sikra Ben Brereton Diaz tre poeng med sitt 20 mål for sesongen. Vinn dei denne er dei faktisk på direkte opprykksplass sjølv om det er med fleire kampar spelt enn Fulham som no innehar andreplassen. Det var det nok ingen som hadde trudd før sesongen. Tony Mowbray er i ferd med å gjere det heilt store. 8-2-2 på Ewood Park er også særs gode tal. Får sjansen på hevn når Jordan Rhodes gjesta sin gamle klubb med klubben han blei kjøpt frå den gang Rovers henta han. Er du med? Huddersfield slo Blackburn 3-2 tidlegare i haust i ein herleg fotballkamp. Huddersfield har levert herleg fotball i haust og avslutta året med tre råsterke sigre. Både Bristol City blei slått på bortebane mens Blackpool måtte reise heim utan poeng i deira møte med Huddersfield. Duane Holmes matchvinnar sist mot Forest, og den tidlegare Derby-spelaren feira sjølvsagt med måte. Det gjorde at laget avslutta året på playoff, poenget framfor QPR. Det kan bli ein særs spennande vår, men først må dei gjennom eit av sine tøffaste hinder.
Odds, Norsk TippingH: 1.72
U: 3.50
B: 4.20
West Bromwich – Cardiff: WBA hadde verkeleg muligheit til å avslutte året med glede. Deira to siste kampar var borte mot dei to dårlegast plasserte laga i ligaen. Først skuffa dei med 0-0 mot Barnsley før dei skuffa enda meir med 0-1 mot Derby. Det var regelrett komedie som gav Derby sigersmålet men igjen var det i motsatt ende dei skuffa mest. Dei slite enormt med å få den ballen i nettmaskene og nok ein gang var det ikkje sjansane det stod på. Med fire poeng opp til direkte opprykk og fleire kampar spelt kan det fort ha vore sjansen som glapp i dei to kampane. Her møter dei laget dei har skåra mest mot denne sesongen. Tidlegare i haust vant nemleg WBA 4-0 i Wales. Det er ikkje sagt at det vil skje igjen med tanke på formkurva til heimelaget, men og formkurva til bortelaget. Mick McCarthy var på veg ut porten sist desse møttest og det ser litt betre ut for Cardiff no. Avslutta året med to kampar som blei koronaavlyst før dei blei slakta 0-3 borte mot Bournemouth. Det skal seiast at dei hang bra med fram til Leandro Bacuna sitt håplause raude kort etter 45 min. Hadde før den kampen 3-2-0 på sine siste fem på utebane. Fjerdeplass mot 20 plass men kan fort bli jamnare enn mange trur.
Odds, Norsk TippingH: 1.43
U: 4.00
B: 6.10