More

    Cardiff – Derby County

    Cardiff – Derby County: 
    Cardiff gav serieleiar Fulham kamp i helga men måtte til slutt gå av bane vel vitande om at ein viss serber var forskjellen på laga. Det har uansett vært langt lystigare for Cardiff den seinare tida og formkurva snudde akkurat i det dei var i ferd med å blande seg inn i nedrykksstriden. Med fire sigre, ein uavgjort og tre tap på sine siste åtte har dei krabba seg opp på 36 poeng og til tross for at det berre er to plassa ned til Barnsley under streken så er luka på heile 13 poeng. Med siger her kan dei også klartre litt meir på tabellen og gå frå 20.plass til 17.plass. Men det er spelt tre kampar sidan førre siger, som var heime på Cardiff City Stadium. Den 20 år gamle forsvarsspelaren Joel Bagan skåra eit av måla mot Coventry då, og han skåra også i kampen før og etter. Tre mål på tre kampar for ein spelar som stod med null mål før desse tre kampane. Kan derfor være eit spennande objekt i dag. Før tapet mot Fulham sist stod dei med 3-1-0 på sine fire siste heime.
    Derby får derfor inga lett oppgåve her. Wayne Rooney sitt mannskap kunne fort tatt poeng borte mot Luton i helga, men ein 33 år gammal reservespiss fiksa tre poeng for heimelaget. Derby hadde sin ringrev Colin Kazim-Richards tilbake på spissplass men 35 åringen brente ein svær sjanse og pådrog seg gult kort. Saknet av Tom Lawrence som er suspendert for sitt raude kort mot Peterborough kan vise seg å bli kostbart. Det har gått litt tyngre igjen for Derby som til tross for sine to sigre mot Hull og Peterborough og uavgjort mot Birmingham heime på Pride Park har tapt dei fem resterande kampane. Fire av desse var på bortebane og dei har ikkje tatt poeng der sidan 2-2 kampen mot Reading 3.januar. Og apropos Reading. Den lille formkurva dei fekk med to sigre på rappen gav Derby problem. No er dei fem poenga opp til trygg plass blitt til åtte.
    Mogleg lagoppstilling:
    Uche Ikpeazu og Mark Harris var ute med sjukdom mot Fulham og det er usikkert om dei er tilbake her. Rubin Colwill, Alfie Doughty, Ryan Wintle og Jordan Hugill er og usikre. Max Watters, Sean Morrison og Curtis Nelson er fortsatt ute med skade. For Derby står Tom Lawrence over sin tredje og siste kamp etter sitt raude kort. I tillegg er Kamil Jozwiak ute med sin ankelskade.
    Cardiff City: Smithies; Drameh, Ng, Flint, McGuinness, Bagan; Doyle, Vaulks, Ralls; Collins, DaviesDerby County: Allsop; Stearman, Davies, Buchanan; Byrne, Bielik, Morrison, Forsyth; Bird, Kazim-Richards, Knight
    Odds, Norsk Tipping:H: 1.97
    U: 3.15
    B: 4.10

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen