More

    Bournemouth fossa vidare

    Bournemouth 3-0 Huddersfield
    Heimelaget tok nok ein siger i dagens oppgjer mot Huddersfield. Dominic Solanke hadde avgjort kampen allereie etter tjue minutt. Først sette han inn 1-0 på straffespark før han banka inn 2-0 etter at Billing la alt til rette. Etter 70 minutt var 3-0 og sluttresultatet eit faktum. Ryan Christie la inn til kaptein Lloyd Kelly som sette sitt første for sesongen. Bournemouth igjen overlegne og står fortsatt som ubesigra etter dei 14 første serierunda.
    Coventry 1-1 Derby
    Coventry jakta sin sjuande strake heimesiger for året mot Derby i dagens tv-sendte kamp. Matt Godden, som blei suspendert etter forrige heimekamp på grunn av at han filma seg til straffespark, fikk nok ei kontroversiell straffe etter tjue minutt. Straffa sette han uansett knallhardt midt i mål. Coventry gikk til pause med ei fortent leiing. Etter kvilen var det forventa at heimelaget skulle køyre på vidare men istaden for kom Derby meir og meir med i kampen. Tolv minutt før slutt datt ballen ned i feltet til Graeme Shinnie som fant nettmaskene. Til tross for ein liten sluttspurt kom aldri sigersmålet for Coventry som dermed avga poeng heime for første gang denne sesongen. Derby med sin fjerde strake uavgjort og laget på botnen av tabellen fortsetter å imponere.
    Cardiff 0-2 Middlesbrough
    Adjø Mick McCarthy. Cardiff-manageren hadde ein siste moglegheit men laget hans tok den på inga måte. Andraz Sporar gav Boro 1-0 på straffespark og heimelaget var heldige som ikkje gikk til pause med fleire baklengs. Matt Crooks hadde nemleg ein gedigen sjanse til å auke leiinga men avslutninga aleine med keeper gikk til side for mål. Tolv minutt før slutt var det Martin Payero, som med sitt første mål for Boro, avgjorde kampen. Dermed tok Neil Warnock tre poeng mot sin gamle klubb, ein klubb som må ut på leit etter ny manager igjen.
    Birmingham 2-1 Swansea
    Etter ein mållaus førsteomgang var det mange som frykta ein ny Birmingham-kamp utan mål, den sjuande i rekka. Men Troy Deeney skulle endeleg levere varene for heimelaget få minutt etter pause. Chong fant Deeney i boksen som fyrte inn leiinga. Dette gav blod på tann for heimelaget som var nære dobling like etter ved Scott Hogan. Innbyttar Michael Obafemi utlikna for gjestene etter 77 minutt, men det var ikkje lenge dei fikk vere i gledesrus. For dette var Birmingham sin dag og den store helten blei Riley McGree som skåra sitt aller første mål for klubben. Endeleg siger for Lee Bowyer som nok kjente på presset før kampstart.
    Blackpool 2-0 Preston
    I det første derbyet i ligaen sidan 2010 var det heimelaget som tok leiinga etter halvtimen. Framfor eit Bloomfield Road på kokepunktet banka Keshi Anderson eit skot nede ved stolperota. I andre omgang avgjorde Gary Madine kampen når han sklei inn gjennomspelet frå Jerry Yates. 2-0 og berre plussmål hindra dei frå å klatre opp på playoff. For Preston blei verst til verre på overtid når derbyet blei avslutta med massekrangel. Enden på visa blei at Alan Browne fikk sitt andre gule og måtte forlate bana.
    Blackburn 2-0 Reading
    Heimelaget tok endeleg ein siger igjen etter solide siste 45. Sam Gallagher sende dei fortent opp i leiinga etter timen. Joe Rothwell skal få æra for det målet med eit herleg forarbeid som enda i stolpen før Gallagher sette returen. Berre få minutt seinare var kampen avgjort. Tyrhys Dolan kom seg fri frå kanten og skrudde inn 2-0. Fleire mål blei det ikkje og Reading måtte sjå seg slått for andre gang denne veka.
    Luton 1-0 Hull
    Luton gikk rett i strupen på Hull og kunne tatt leiinga allereie etter fire minutt med eit stolpetreff frå  Luke Berry. Etter knappe tjue minutt var det istaden for spissen Elijah Adebayo som stanga inn 1-0. Luton skrudde av etter dette og inviterte Hull med i kampen. Men til tross for ein bedageleg siste 45 enda det med 1-0 og siger for heimelaget.
    Millwall 2-1 Stoke
    Stoke måtte sjå seg slått for tredje gang på ei veke. Dei tok leiinga tidleg i kampen ved Romaine Sawyers. Etter pausen blei derimot kampen snudd av Tom Bradshaw i løpet av ti minutt. Spissen som har hatt ein trøblete start på sesongen blei dermed helten med sine to første mål for sesongen. To sigre på rappen for Millwall som er faretruande nær playoff.
    Peterborough 2-1 QPR
    Heimefansen har fått overtidsdrama i hopetal denne sesongen. Intet unntak i dag. For i ein kamp der Ilias Chair sende bortelaget i føringa etter 50 minutt blei det også her ein kamp der resultatet snudde til fordel heimelaget. Først utlikna Harrison Burrows berre fem minutt seinare. I det kampen såg ut til å ebbe mot poengdeling skjedde dramaet på London Road igjen. Oliver Norburn spelte Siriki Dembele gjennom på midtbana. Med QPR-forsvaret jagande heile vegen mot mål haldt han hovudet kaldt og sette ballen forbi Seny Dieng. To sigre på få dagar og Peterborough har plutselig fem poeng ned til laga under streken.
    WBA 3-0 Bristol City
    Endeleg losna det litt for WBA igjen. Kampen var avgjort til pause etter to mål av Jordan Hugill. Hans første for sesongen. Etter kvilen sette Karlan Grant inn sitt sjuande mål for sesongen i ein kamp der Bristol City aldri var i nærleiken av poeng. WBA dermed tilbake på direkte opprykk, muligvis berre fram til Fulham er ferdigspelt i morgon. 

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen