More

    Bolton Wanderers – Crewe Alexandra

    Bolton og Crewe møtes til dyst i kveld i håp om å få ein slutt på deira rekke utan siger. Der Bolton har gått fem kampar utan siger har Crewe no gått heile ni kampar utan siger og dermed lagt seg fint til rette på 24.plass på tabellen.

    Bolton starta sesongen forrykande med blant anna to 3-3 kampar mot MK og Wimbledon. Deretter blei Ipswich smadra på si eiga heimebane med 2-5. Ian Evatt sitt mannskap såg lenge ut som eit lag man kunne rekne med i toppen. Men det stoppa plutseleg opp og det er no over ein månad sidan førre siger, då Shrewsbury blei slått 2-1 heime på Macron Stadium. Det er ikkje rart at laget har sunke som ein stein på tabellen den siste tida når fire av dei fem siste kampane har enda utan skåring. I tillegg har dei gått ti kampar utan å halde nullen. Med siger her kan dei likevel ta eit sprang opp frå 16.plass til ein litt meir komfortabel 10.plass på tabellen. Kjente spelarar som Alex Baptiste, Nathan Delfouneso og Elias Kachunga må heve seg om Bolton skal klatre oppover.

    Og det burde vere mogleg heime mot Crewe, som har det enda verre enn heimelaget. To sigre sidan 21.september og begge har komme i den mindre gjeve EFL-Trophy-cupen. Førre siger i ligaen kom i 2-0 sigeren over Burton den 18.september. Crewe har med sine ni poeng ei luke på seks poeng opp til trygg plass. Den luka må dei snart begynne å tette om det skal vere håp om å overleve i League One. Førre kamp enda 1-1 mot Doncaster i det som var ein skikkeleg botnkamp. Det seie litt når det er 37-åringen Chris Porter som skal stå for måla denne sesongen. Det er mogleg han blir benka her til fordel for Mikael Mandron som skåra to i midtvekas EFL-Trophy kamp.
    Det blir fartsfylt når desse to nesten-naboane møtes i kveld. Og det vil overraske om dette ender mållaust.
    Mogleg lagoppstilling:
    Bolton Wanderers
    Dixon; Isgrove, Santos, Johnston, Gordon; Thomason, Williams, Lee; Kachunga, Doyle, AfolayanCrewe Alexandra
    Richards; Thomas, Daniels, Sass-Davies; Offord, Robertson, Murphy, Lowery, Adebisi; Kashket, Mandron

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen