WBA var solide dei første ti kampane av sesongen, men i den ellevte kampen kom tapet. Dei blei regelrett køyrd over av eit glimrande Stoke-lag i kampen før landslagspausen. At det berre endte 0-1 kan man takke ein god keeper og eit par stenger for. Valerien Ismael sitt mannskap har tidvis slitt med effektiviteten på heimebane, noko som har resultert i eit par unødvendig jamne kampar, og eit par unødvendige poengtap. For eit lag som har brukt to veker på å tenke gjennom sesongens første tap, må det vere perfekt å møte Lee Bowyer og Birmingham denne fredagskvelden. Ismael er nok ikkje heilt fornøgd med spissane sine denne sesongen, sjølv om Karl Grant har starta på skåringsjobben. Fire mål har toppskåraren, noko som er litt lite for eit lag som skal ligge i toppen av tabellen.
Birmingham starta sesongen glimrande og tok poeng i fem av dei første seks kampane, inkludert 0-5 borte mot Luton. Mange tenkte at Birmingham kanskje kunne bli eit lag å rekne med denne sesongen. Men derfrå og ut har det gått skikkelig på tverke. Eit poeng på dei fem siste kampane med målskilnad på 1-12 er rett og slett skrekkeleg. I siste heimekamp blei det 0-3 mot Forest, og forsøket på ein trebackslinje fungerte ikkje som planlagt. Bowyer sliter med å finne ein veg ut av dei skrekkelege resultata, samtidig som Troy Deeney sin retur til favorittklubben har absolutt ikkje stått i stil til forventningane.
Dette blir faktisk den 100 derbykampen mellom desse to laga. Sist gang laga møttes, i juni 2020, blei det 0-0 på The Hawthorns. Då var vi midt i ein pandemi og tribunane var tomme. Denne gangen blir det fult hus og mest sannsynleg legge Lee Bowyer opp til krig. Men det spørs om det er nok mot storfavorittane, WBA.
Forventa lagoppstilling
West Bromwich Albion:
Johnstone; Ajayi, Bartley, Townsend; Furlong, Livermore, Mowatt, Reach; Phillips, Robinson, Grant
Birmingham City:
Sarkic; Sanderson, Dean, Friend; Colin, Woods, Sunjic, Bela; Chong; Hogan, Deeney