More

    Blackpool – Hull

    Alt var klappa og klart for Sheffield United mot Middlesbrough som tidlegkamp i dag. I tillegg til to formlag skulle Sheffield United-legenden Chris WIlder returnere til Bramall Lane, no som Middlesbrough-manager. Slik gjekk det ikkje med dei siste dagers store utbrot av smitte hos bortelaget. I tillegg var kampen mellom Coventry og Luton utsatt. 
    Dagens einaste kamp blir dermed: 
    Blackpool-Hull: Blackpool har hatt mykje uflaks i romjula. Først enda dei opp med null poeng til tross for 2-1 leiing i bortekampen mot Huddersfield inn i dei siste ti minutta. Deretter trudde dei at dei hadde sikra seg eit fortent poeng heime mot Middlesbrough få dagar seinare då Shayne Lavery utlikna på overtid, berre for å sjå at Boro stjal med seg alle tre poenga få minutt seinare. Står dermed med ein siger og fem tap på sine seks siste. Det ser dermed ut som det lille håpet om opprykk kan leggast vekk.
    Hull har hatt spelefri i romjula med utsette kampar både mot Hull og Sheffield United. Dermed var deira siste kamp 1-2 tapet borte mot Nottingham Forest. Kanonskåringa til Keane Lewis-Potter gav håp om tre poeng men det blei slutt på den seks kampar lange rekka utan tap. Har uansett tatt eit langt steg mot fornya kontrakt i det som var ein imponerande periode for klubben med fire sigre og to uavgjort. Hull har vore sterkt råka av koronaviruset og fleire spelarar har vore ute med smitte den seinare tid. Manager Grant McCann kunne melde om ein betre situasjon no med seks spelarar tilbake i trening. Men fortsatt manglar sju spelarar på grunn av koronasmitte. Sidan vi ikkje veit kven som er ute blir den moglege lagoppstillinga særs usikker hos gjestane frå Hull. 
    Mogleg lagoppstilling: 
    Blackpool:Grimshaw; Sterling, Ekpiteta, Keogh, Gretarsson, Husband; Connolly, Dougall, Anderson; Madine, Yates
    Hull City:Baxter; Bernard, McLoughlin, Greaves; Longman, Smallwood, Docherty, Lewis-Potter; Honeyman; Wilks, Magennis
    Odds, Norsk Tipping
    H: 2.45
    U: 2.95
    B: 2.75

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    Bookmakertesten 2026 Oppdatert

    Epicbet best i årets bookmakertest

    Tipsbladet har vurdert 20 spillselskaper på odds, fotball, brukeropplevelse, kampanjer og total sportsbook-kvalitet.

    1
    Epicbet 90 av 100 poeng
    🏆
    2. Coolbet 89 p
    3. BoaBet 84 p

    Se hele sluttabellen, kategorivinnerne og hvorfor Epicbet gikk til topps etter en av de jevneste gullkampene i testens historie.

    Les om vinneren →

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen