20.45 på Viasport1
Blackburn er sikkert glad for at denne kampen først kjem på måndag, for førre veke var ei veke der ting ikkje gjekk etter planen. Hengekampen borte mot Hull skulle ta laget opp på direkte opprykk, men ein håplaus dommar gjorde den oppgåva umogleg. Hull fekk gåvepakke på gåvepakke av dommar som nekta å gje Brereton Diaz straffespark og nekta å gje Blackburn frispark i forkant av 2-0 målet. Dermed var det slutt på den lange rekka utan tap. Ti kampar blei det, noko som er særs imponerande. Men til tross for den gode rekka var det teikn på at den snart ville komme. Tap i FA-cupen mot Wigan, uavgjort heime mot Huddersfield og ein heldig siger borte mot Cardiff gav ein følelse av at det snart kunne ta slutt. Ben Brereton Diaz med fire kampar utan mål, noko som er og er uvanleg. Han skulle få hjelp av Dilan Markanday som kom frå Tottenham. Den talentfulle spelaren fekk debuten sin mot Hull men er no truleg ute for mesteparten av sesongen.I og med at denne kampen blei flytta til måndag forsvinn også Brereton Diaz ut. Han skulle reist på landslagsoppdrag etter kampen, men må no stå over kampen. Eit enormt tap for Tony Mowbray.
Med fem sigre og ein uavgjort på sine siste seks på Ewood Park er det ei vanskeleg oppgåve som venta Middlesbrough og Chris Wilder her. Boro på si side har sju strake kampar utan tap, der fem av desse har enda med siger. Det kunne derimot gått galt sist, men Matt Crooks sine to veldig seine mål snudde eit stygt heimetap mot Reading til siger. I kampane før er det Sporar, Watmore og Jones som har ordna poenga. Trioen på topp har tatt store steg etter at Wilder tok turen til Riverside. Sist gang Boro tapte borte var i starten av november. 1-3 tapet mot Luton var Neil Warnock sin nest siste kamp for klubben.
Før kampen er det i tillegg til Brereton Diaz sitt landslagsopphold og Markanday sin skade usikkert om Lewis Travis er tilbake for Rovers. Kjekt for Rovers er det uansett at Ryan Nyambe er tilbake frå suspensjon. Boro på si side kan velge om Aaron Connolly på lån frå Brighton eller Folarin Balogun på lån frå Arsenal skal inn på laget.
Mogleg lagoppstilling:Blackburn Rovers: Kaminski; Van Hecke, Lenihan, Wharton; Nyambe, Travis, Rothwell, Edun; Buckley; Gallagher, Khadra
Middlesbrough: Lumley; Dijksteel, Fry, McNair; Jones, Crooks, Howson, Taylor; Tavernier; Sporar, Balogun
Odds, Norsk TippingH: 2.60
U:2.96
B:2.65
Med dei store fråfalla hos Rovers er det fristande å sette pengane på at Chris WIlder og Middlesbrough tar tre nye poeng her.