More

    Barnsley – West Bromwich

    Valerien Ismael returnera her til Barnsley som han bytta ut med WBA i sommar. Med tre poeng opp til direkte opprykk er det mange ting som står på spel her. Men der WBA har funne tilbake til litt form den seinare tid har Barnsley til gode å imponere under nye manager Poya Asbaghi. Og med åtte poeng opp til trygg plass begynne det å haste for The Tykes. Heimelaget får også eit gjensyn med deira gamle stjerne Alex Mowatt som blei henta til WBA av Ismael i sommar.
    Det har ikkje vore ein lett haust for laget som under Ismael kjempa om opprykk til Premier League i vår. Og under deira ny svenske manager har det ikkje blitt noko rask suksess i alle fall. Han har vore sjef i fire kampar no, tre mot lag nær Barnsley på tabellen, men står berre med to fattige poeng. Tap mot Swansea og Preston samt 0-0 og 1-1 mot Peterborough og Huddersfield. Det stinka ikkje akkurat mål av laget etter svenskens ankomst, men gledeleg at Cauley Woodrow endeleg fekk mål sist, tross tap mot Preston. 15 mål på 22 kampar er uansett noko deira nye manager må få orden på framover, og det er kanskje ikkje mot solide WBA det skal løsne.Heimefansen vil uansett gjere sitt til at Ismael og Mowatt ikkje får ein hyggeleg velkomst på gode gamle Oakwell. 
    Det er endå nokre WBA-fans som er usikre på manager Ismael, som ved berre to anledninga har klart å vinne to kampar på rad sidan slutten av August. Men etter fire kampar utan siger i november har det skjedd ein positiv utvikling dei to siste kampane med den sterke bortesigeren mot Coventry før dei kriga inn 1-0 over Reading sist helg, der Callum Robinson skåra sigersmålet og dermed fekk slutt på den fire månader lange måltørka si. Det er fortsatt framover på bana dei slit tungt, men deira solide forsvarsspel, som er best i ligaen, har ført dei nærmare topp to dei siste vekene. Med siger her kan dei altså vere a-poeng med det som såg ut som eit uovervinneleg Bournemouth for berre ein knapp månad sidan.
    På skadefronten ser det ikkje sjå verst ut for heimelaget, men Asbaghi meldte på pressekonferansen at dei hadde ein spelar ute grunna korona. I tillegg var det usikkert om Woodrow rakk kampen etter smellen sist. WBA hadde fleire mann i forsvar ute med korona sist kamp. Og mest sannsynleg er både Cedric Kipre, Semi Ajayi, Matt Clarke og Conor Townsend utilgjengelege her og. Det spørst om ikkje Jake Livermore og Adam Reach igjen får prøve seg i trebackslinja. 
    Mogleg lagoppstilling:
    Barnsley:Collins; Helik, Andersen, Kitching; Brittain, Palmer, Gomes, Styles; Odour, Woodrow, MorrisWest Bromwich Albion:Johnstone; Livermore, Bartley, Reach; Furlong, Molumby, Mowatt, Gardner-Hickman; Robinson, Hugill, Grant
    Odds, Norsk TippingH: 4.20
    U: 3.50
    B: 1.75

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen