Bristol City – Queens Park Rangers: Tv-kampen denne torsdagen er frå Ashton Gate. Heimelaget har hatt fri sidan det famøse 2-3 tapet heime mot Huddersfield 18 desember. Då var det mange som trudde at Nigel Pearson var ferdig som manager. Men han har fått behalde jobben gjennom jula, kanskje takka vere utsatte kampar? Før tapet mot Huddersfield hadde dei faktisk vunne tre og spelt ein uavgjort på sine fire siste heime. Det er derfor ikkje heilt håplaus situasjon. Med sine 27 poeng har dei åtte poeng ned til nedrykk og treng å plukke jamnt og trutt med poeng. Møter eit QPR som nok er sugne på revansje etter at Bristol City vann det motsatte oppgjeret i haust med 3-2. Revansjesugne er dei nok og etter prestasjonane dei leverte sist mot Bournemouth. Tamt og tafatt var beskrivande for prestasjonen dei leverte der. Og dermed også null poeng. Er ute av playoff men har kampar til gode på laga framfor seg etter fleire utsatte kampar. Med siger her er dei fort tilbake i det gode selskap. Må klare seg utan Andre Dozzell som blei utvist sist.
Odds, Norsk TippingH: 2.75
U: 3.23
B: 2.25
Bournemouth – Cardiff: Endeleg ein opptur for Bournemouth igjen på Boxing day. Dei imponerte stort borte mot QPR og Solanke sitt vinnarmål var absolutt fortjent. Det gav både tabelltopp og pusterom ned til laga som jaga bak. Det smakte godt etter to tap på rad og berre ein siger på sine åtte siste. Heime har dei og litt å revansjere. Siste to har endt med uavgjort mot Coventry der dei gav frå seg 2-0 på slutten før dei i neste kamp tapte 0-2 mot Blackburn. Cardiff på si side vil revansjere 0-1 tapet mot same lag tidlegare i sesongen. Cardiff har sidan den tid fått ny manager og blitt langt betre. Har gjort det betre på bortebane enn heimebane den siste tida noko som har resultert i to sigre og ein uavgjort på sine tre siste ute. Sist henta dei opp 0-2 til 2-2 etter mål av Kieffer Moore og Mark McGuinnes. Deira to bortesigra var mot Preston og Luton. Får det tøft her mot eit heimelag med fornya sjølvtillit. Steve Morison fortalte på pressekonferansen at heile laget har gjennomgått korona no og at dei berre får tre treningar før kamp. Det kan bli hardt for enkelte.
Odds, Norsk TippingH: 1.60
U: 3.70
B: 4.60
Nottingham Forest – Huddersfield: Så kom tapet igjen for Forest. 0-2 i ein tøff bortekamp mot Middlesbrough.Det er ikkje lett å vinne der oppe i nord, men det hjalp heller ikkje med Ryan Yates sitt forferdelege tilbakespel som gjekk rett i mål. Er uansett berre to poeng bak playoff etter ei fin rekke med gode kampar, deriblant 4-1 over Swansea på bortebane. Heime på City Ground har dei 3-2-0 på sine fem siste. Det er heime dei har slitt mest framfor mål men kanskje kan dei siste resultata der ha gitt litt tru. Huddersfield er ubesigra på fire siste. Først to uavgjorte før dei har slått til med 3-2 i deira to siste. Først snudde dei 0-1 til 3-2 borte mot Bristol City. Deretter var det mot Blackpool at dei snudde 1-2 til 3-2 på slutten. Sorba Thomas som kom med på haustens lag med dei to avgjerande måla, der 2-2 målet var av høg angrepsklasse. Dei er over halvvegs i sesongen og ligger på sjetteplass. Det var det ingen som hadde noko som helst tru på ved sesongstart. Skal dei imponere igjen?
Odds, Norsk TippingH: 1.92
U: 3.25
B: 3.65
Stoke – Derby: Stoke har også hatt ufrivillig pause eit par veker no. Avslutta med 1-1-1 på sine tre siste. Sigeren kom borte mot QPR mens det blei tap mot Blackburn og uavgjort mot Middlesbrough. Har ikkje vore flust med mål i dette Stoke-laget den seinare tid. Eit mål i snitt per kamp på sine siste sju. Er ute av playoff men også dei har kampar til gode og bør ikkje stresse for mykje. Møter her Derby som vant mot Stoke tidlegare i haust. Då blei Bird og Davies matchvinnarar i ein kamp Stoke pressa kraftig på slutten. Derby er kanskje det laget som har imponert mest denne hausten. Minuspoeng i hopetall og nedrykk til League One sikra før september var ferdig. Likevel har dei stått på og sanka jamnt og trutt med poeng. Har to sigre på rad heime på Pride Park med 1-0 over både Blackpool og WBA. Sist kamp var det korona og skader i hopetal men likevel blei det tre poeng etter eit rotemål som Colin Kazim-Richards satte i mål.
Odds, Norsk TippingH: 1.62
U: 3.35
B: 5.40
West Bromwich-Preston North End avlyst grunna korona.