More

    Amputert runde i Championship

    Middlesbrough – Bournemouth
    13.30
    Vsport 2
    Er det slik at Scott Parker og Bournemouth kjenner på presset? WBA ligg berre to poeng bak, etter deira skuffande 0-0 mot Barnsley i går. Og om Blackburn vinn sin kamp i dag kan dei vere poenget bak Bournemouth. 
    Middlesbrough jakta playoff under deira ny manager Chris Wilder, og det begynner å sjå betre ut for laget frå nord. Sju av ni moglege poeng på siste tre er eit fundament som må gje ein god dose sjølvtillit før denne storkampen her. Har berre eit baklengs på sine siste tre kampar, og tar man med Wilder sine fem kampar som manager er talet fire. Det skal seiast at to av baklengsmåla er sjølvmål. Framover på bana har fortsatt deira nye manager meir jobb i vente. Eit mål i snitt på deira fem første kampar skrik ikkje opprykk.
    Bournemouth tar turen til Riverside i håp om å stoppe rekka på fem kampar utan siger. Fram til landslagspausen i november såg det ut som Bournemouth skulle stikke i frå i kampen om direkte opprykk, men nedturane har stått i kø for Scott Parker og co den seinare tid. Sist runde tapte dei likegodt 0-2 heime mot Blackburn Rovers, sjølv om det var sjansar nok til å få med seg noko frå den kampen. I den kampen klarte heller ikkje Bournemouth å skåre for første gang på 12 kampar. Tar man med ni baklengs på desse fem kampane utan siger, ja då skjønna man kvifor poenga har uteblitt.
    Middlesbrough har få skader i troppen, og svært gledeleg var det at Dael Fry var tilbake i deira 0-0 kamp mot Stoke sist. Han blir ei viktig brikke framover. Gjestane må mest truleg klare seg utan Steve Cook som slit med ein skade.Danske Billing er svært usikker i følge Scott Parker. Jefferson Lerma må sone sin andre kamp for det raude kortet mot Coventry. 
    Mogleg lagoppstilling:
    Middlesbrough Lumley; Dijksteel, Fry, McNair; Jones, Crooks, Howson, Tavernier, Bola; Watmore, SporarBournemouth Travers; Stacey, Cahill, Kelly, Brady; L.Cook, Kilkenny, Marcondes; Christie, Solanke, Anthony
    Odds, Norsk Tipping
    H: 2.50
    U: 3.20
    B: 2.60
    Runda frå 16:00
    Nottingham Forest – Hull: Kamp nummer to som går på tv denne dagen er oppgjeret på City Ground. Der tar formlaget Forest imot formlaget Hull. Heimelaget slo til med eit fantastisk resultat i Steve Cooper sin retur til gamleklubben, Swansea. 4-1 blei resultatet etter mål av den herlege trioen Zinckernagel, Johnson og Grabban før Cafu sette spikaren i kista på overtid. Med det er Forest berre fire poeng bak playoff. Det er ei flott julegåve for fansen som såg laget sitt på sisteplass då Cooper tok over for tre månader sidan. Dei er nummer to på formtabellen etter at Cooper kom til klubben, med det fjerde beste forsvaret. Det gir håp om ein flott andre del av sesongen. Hull har hatt ein turbulent haust, igjen. Men manager Grant McCann sitte fortsatt trygt til tross for rykter om oppkjøp og ny manager. Jobben han har gjort dei siste vekene er uansett særs imponerande. Fire sigre og to uavgjorte resultat på deira seks siste har tatt dei med fire poengs margin over nedrykk. Sist helg var dei berre ei sein utlikning unna sin femte siger på seks siste. Deira store stjerne denne perioden er George Honeyman som fortsette å skåre mål i kvar bidige kamp.
    Blackburn – Birmingham: Enda eit formlag i aksjon. Blackburn slo til med 2-0 borte mot Bournemouth sist og tok dermed steget opp til fjerdeplass, berre fire poeng unna direkte opprykk. Dei jakta sin femte strake siger her og man kan trygt sei at kampane som er levert etter det utrulege 0-7 tapet mot Fulham er meir enn godkjent. Tidlegare i sesongen var det Ben Brereton som redda klubben, men i den seinare tid har også forsvaret gjort ein glimrande jobb. Fire kampar på rad utan baklengs no. Birmingham gav frå seg to viktige poeng i oppgjeret mot Cardiff sist. Troy Deeney og Ivan Sunjic sine mål i første omgang var ikkje nok til å sikre alle tre poenga. Er fortsatt altfor ustabile og derfor ligge dei plassert på ein 15 plass. Med nytt tap her vil dei stå med berre seks poeng på sine sju siste.
    Blackpool – Peterborough: Kamp mellom to av laga som rykka opp til Championship denne sesongen. Heimelaget låg lenge an til å kjempe om playoff, men ein forferdeleg form den seinare tid har ført dei heilt ned til 17 plass på tabellen, berre åtte poeng framfor dagens motstandar som er under streken. Dei starta sesongen dårleg, før dei vann sju av sine ti neste kampar. Men på sine siste sju igjen har dei berre tatt tre poeng, og tre siste har alle endt med tap. Må slå tilbake her. Peterborough tok ein veldig nødvendig siger sist då dei snudde 0-1 til 2-1 heime mot Millwall. Endeleg viste Jonson Clarke-Harris litt av målforma han hadde i League One i fjor. Diverre for Darren Ferguson og hans mannskap har fire av deire fem sigre denne sesongen kome heime i Peterborough.
    Bristol City – Huddersfield: Sjølv om det skilje åtte plassa mellom desse to laga så kan dei faktisk stå side om side i poeng om heimelaget vinn denne kampen her. Så tett er det i Championship i år. Bristol City sin 18 plass er ikkje noko dei vil vere fornøgd med, men åtte poeng på deira fem siste er eit steg i riktig retning. Kom tilbake to gangar og redda eit poeng på overtid i bortekampen mot Hull sist. Heime på Ashton Gate har dei tre sigre og ein uavgjort på sine fire siste. Det gir håp om nok ein fin dag her. Huddersfield hadde og drama på overtid sist. Diverre for dei var det Coventry som utlikna til 1-1 i deira kamp. Det som kunne blitt tre sårt tiltrengte poeng blei berre med eit. Har berre vunne ein av sine siste sju. Resten delt broderleg mellom uavgjort og tap. Treng ein siger her om ikkje håpet om playoff skal svinne hen.
    Kampane som blei utsatt grunna koronasmitte er:Cardiff-Derby, Coventry-Stoke, Queens Park Rangers-Swansea, Millwall-Preston og Reading-Luton.
    Runda blir forhåpentlegvis avslutta med Sheffield United- Fulham på måndag. 

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen