More

    20LEGEND for alltid, uansett

    La det vere klart. Ole Gunnar Solskjær si legendestatus er blitt større etter perioden som manager, sjølv om det ikkje såg slik ut dei siste vekene.
    Som nordmann er det lett å bli romantisk og overdrivande i omtalen av Solskjær sin status i Manchester. Men eg trur ikkje man klare å overdrive. Tvert imot.
    Som spelar gav han oss dei største augeblikka frå 1996 til 2006. CL-finalen på Camp Nou, Liverpool i FA-cupen, fire mot Forest som innbyttar. Lista er så uendeleg lang for kva supersub og «baby faced assassin» fikk til i si lange spelarkarriere for Manchester United.
    Elska av absolutt alle. Sir Alex Ferguson sin yndling.
    Han har blitt latterliggjort av andre som manager, men han har gjort meir som manager for Manchester United enn Moyes, Van Gaal og Mourinho fikk til. Han tok over ein klubb i 2018 som var surna så kraftig at man knapt såg eit smil frå Kathy i resepsjonen på Carrington lengre. Det var giftig. Inn kom Solskjær og tok tak i alt som var gått galt etter Sir Alex`s avskjed. Han tok val som ikkje var populære, han tok val som ikkje nødvendigvis var det mest lønnsame for Solskjær sjølv. Men mest av alt så spreidde han ein glede og ein positivisme vi ikkje har sett makan til. Fotballen var artig igjen.
    Han rydde opp i ein ukultur som gikk frå A-laget og ned til eit akademi som hadde gått frå landets beste til verste. Solskjær kom inn og løfta heile klubben, fikk fram verdiane klubben tidlegare stod for og alle vala han tok, tok han fordi han var glad i klubben. Det var ingen ego-trip som Mourinho. Det var Manchester United først. Det var med verdigheit, ydmykheit og respekt han tok klubben framover. Ein langsiktig prosess som nok sette ein stoppar for det som kunne blitt enkelte pokalar på veien. Men igjen, klubben først.
    Mange ville nok ønske at han klagde meir på dei inkompetente eigarane klubben har. Det kunne han kanskje gjort, men eg trur Ole har tenkt dialog og respekt der også, i håp om å få til endringane han ønskte. Og han fikk gjort mykje.
    Mange meina at hans ferdigheiter på treningsfeltet og det taktiske ikkje var godt nok. Det er mest sannsynlig ein viss sannheit i det. Og sjølve ankepunktet på kvifor han ikkje får fortsette.
    Dei siste tre åra har vert dei beste åra sidan Sir Alex Ferguson gav seg. Ja, vi er langt unna Premier League-gull og vi har jammen gjort mykje rart desse tre åra og. Men fram til september 2021 var dette morosamt, det gav meining og det var ein klubb man kunne glede seg over igjen.
    Derfor er dette ein trist dag. Eg trur at eg og dei fleste andre ønskte at dette skulle gå. Vi heia på Ole Gunnar. Det viste støtta han fikk på Old Trafford kvar bidige kamp, sjølv når det gikk trått.
    Eg huska eg var tilstede før United-Tottenham i desember 2019. Media snakka om at han no var ferdig. Mange håpte fansen skulle sei seg einig. Istaden runga «Ole Ole Ole» gjennom samtlege 90 minutt. Vi blei belønna med siger mot Mourinho sitt Tottenham og siger borte mot City få dagar seinare.
    Solskjær gjorde United til United igjen, og det må vi aldri gløyme. No er det opp til dei neste å bere fruktene av fundamentet han har lagt. Eit fundament som er himmelhøgt betre enn kva han sjølv tok over. Ein slik tekst som dette vil skape latter hos andre lags fans. Det er garantert. La så vere. Dette er rein og skjer fakta. Ole Gunnar Solskjær gjorde United betre igjen og han gjorde United-fansen glad og stolte igjen.
    Så takk for at du kom inn og snudde opp ned på alt.
    Takk for gleda du spreidde
    Takk for mirakelet i Paris.
    Takk for den fantastiske borterekka
    Takk for at du bygde opp igjen akademiet
    Takk for at du bygde opp igjen ein konkurransedyktig stall.
    Takk for innsaten, Ole.
    Og gled deg til neste tur til Old Trafford. Du kjem til å bli hylla til det ekstreme. Fortent nok. 20LEGEND for alltid, uansett.

    Relaterte artikler

    Del artikkel

    spot_img

    Siste nytt

    Nyhetsbrev

    Få siste nytt rett i mailen